Arbeidslaus ungdom i Europa må i aktivitet

Arbeidstrening, individuell oppfølging og tolmod kan redde dei mange arbeidslause ungdomane i Europa, meiner britisk professor.

Publisert
 (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Howard Williamson

Professor i europeisk ungdomspolitikk ved University of Glamorgan, Wales.

Presentasjon på engelsk:
Previously Williamson worked at the universities of Oxford, Cardiff and Copenhagen. He has been involved in youth work practice for many years.

Williamson has worked on a range of ‘youth issues’ such as learning, justice, substance misuse, exclusion and citizenship at European and national levels. Currently he co-ordinates the Council of Europe’s international reviews of national youth policies and is a consultant for UNICEF.

Literature:
- The Milltown Boys Revisited (Berg 2004), a follow-up study of a group of men he first wrote about when they were young offenders in the 1970s.
- Supporting Young People in Europe: principles, policy and practice (Council of Europe Publishing 2001).

Williamsons ansattside

Konferansen Unge utenfor

Konferansen blei arrangert 11.-12. oktober i Oslo. Det var ungdom utanfor utdanning og arbeidsliv som var tema. I løpet av to dagar presenterte 16 innleiarar nordisk forsking om marginalisert ungdom for om lag 180 interesserte tilhøyrarar.

Konferansen løfta spesielt fram forsking og erfaringar knytte til dei mest sårbare blant unge utanfor - unge som uavhengig av økonomiske konjunkturar står utanfor arbeidsliv og utdanning. Det blei særleg lagt vekt på årsaker, konsekvensar og tiltak.

Konferansen blei arrangert av NOVA i samarbeid med Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Se konferansens nettside

Men korleis kan dei unge bli hjelpte inn i utdanning, arbeid eller arbeidstrening når landa kuttar i velferdstenestene?

Dette spør professor Howard Williamson frå University of Glamorgan, hovudinnleiar på konferansen Unge utenfor som Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skipa til 11.-12. oktober.

Og han svarar sjølv:

- Vi må sikre at offentleg sektor ikkje blir så liten at vi ikkje har råd til aktiveringsprogram. Vi har ikkje råd til å miste ein heil generasjon. No er det ein fare for at veldig mange unge permanent endar opp utanfor arbeidslivet.

Williamson har jobba med abeidslaus ungdom i Storbritannia sidan 1970-talet, og har bakgrunn både frå praksis og akademia i tillegg til å vere rådgjevar for fleire regjeringar.

Arbeidslaus i Europa

- Heile Europa har dei same utfordringane med ungdom som ikkje er i arbeid eller utdanning, men det er gradar av kor råka landa er av dette, fortel han.

Om vi ser til Aust-Europa og land som Ukraina og Georgia, har dei klart større problem enn dei nordiske landa. Sør-Europa er òg særleg hardt råka.

Samstundes ser vi at mange unge i Norden er i fare for å bli, eller allereie er, marginaliserte. Ungdomsarbeidsløysa i Sverige og Finland ligg til dømes på EU-gjennomsnittet.

Mange av aktiveringsprogramma som blir sette i gang for å hjelpe unge inn i utdanning eller arbeid, verkar ikkje for dei som er mest marginaliserte.

- Vi må satse på individuell oppfølging og rådgjeving, arbeidstrening, kunnskap og erfaring for å hjelpe desse ungdomane, seier Williamson.

- Vi treng òg ein stor dose tolmod.

Ungdomane må føle at dei gjer noko meiningsfylt når dei er i aktiveringsprogram, og dei må få byggje sjølvtillit.

Samfunns- og generasjonskontrakt

Williamson er oppteken av at vi må diskutere kva for ein samfunnskontrakt vi ønskjer å ha:

Kva skal velferdsstaten bidra med, og kva skal den einskilde ta ansvar for? Han ser ein trend no der dei unge blir overlatne til seg sjølve: dei må “ta ansvar for eige liv,” er sjargongen, og dette inkluderer helse, utdanning og arbeid.

- Dette er ei farleg utvikling. Samfunnet har eit ansvar for desse ungdomane. For kva er konsekvensane om vi ikkje gjer noko for dei? spør Williamson.

- Kriminalitet, stønad, ein veldig laus tilknyting til arbeidsmarknaden og uføretrygd kan bli resultatet.

Professoren viser til at dei 16-17-åringane som ikkje er i utdanning, arbeid eller arbeidstrening, har 8-10 gangar så høg risiko for å vere arbeidslaus 10 år seinare.

Han meiner òg at vi må vurdere generasjonskontrakten ein gong til: Må dei som er unge no ta ein uforholdsmessig stor del av rekninga for ein aldrande befolkning? Kanskje vi treng ei anna fordeling?

Ulike behov må gje ulik tilnærming

 (Foto: Euroblog)
(Foto: Euroblog)

Ein annan sak Williamson er oppteken av, er at vi ikkje kan snakke om ein overgang inn i arbeidsmarknaden.

Det finst ikkje ein arbeidsmarknad, og det finst ikkje ein ungdomspopulasjon.

- Vi må forstå og lære dei unge at ulike sektorar i arbeidsmarknaden har ulike behov, og samstundes må vi sjå at ungdomane òg er forskjellige. Ikkje alle passar i alle samanhengar.

Må ikkje kutte for mykje i det offentlege

Det er ei utfordring å få til gode tiltak i eit Europa som er ramma av finanskrise og som kuttar i velferdsprogram.

- Vi må passe på at offentleg sektor ikkje blir for liten, understrekar Williamson.

- Vi treng aktiveringsprogramma. Vi har ikkje råd til å miste ein heil generasjon av ungdomar.

Kva tiltak verkar?

Samstundes meiner Williamson at aktiveringsprogramma må bli betre. Nokre verkar, men mykje verkar ikkje, i alle fall ikkje for dei som treng det mest. Vi må få til ein god balanse mellom (mild) tvang og fri vilje.

Det er ikkje lett å få dei unge til å gjere det som samfunnet meiner er nyttig. Det er òg ei utfordring å nå dei riktige ungdomane med dei riktige tiltaka.

Williamson meiner at dersom dei unge inngår ein avtale om eit tiltak, må det òg få konsekvensar dersom dei ikkje gjennomfører.

- Forutsetninga er sjølvsagt at dei unge må få vere med å bestemme kva for aktivering dei skal starte på. Det må òg vere mogleg å få meir enn ein sjanse.

Bedriftar som vågar å satse på unge som slit, må òg få noko tilbake, meiner han. Arbeidspraksis er noko vi veit verkar. Her kan skattelette vere vegen å gå.

Dessutan må vi våge å tenkje nytt. Kva med å gjeninnføre ålmenn militærteneste?

- Dette er noko eg har foreslått i England fleire gonger, og noko andre land òg kan vurdere. Militærteneste kan hjelpe mange unge som slit, seier Williamson.