Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

– Fleire verktøy bør utviklast og skreddarsyast for å dekka behova til gravide, seier stipendiat Elin Ngo.

Tre grep for å betre helseråd for gravide

Gode appar og nettforum er til god hjelp for gravide. Men det finst nesten ingen slike verktøy på norsk.

Publisert

Mange gravide brukar nettet for å finna svar på slikt dei er usikre på. Spesielt gjeld det dei som er gravide for fyrste gong.

Men råda dei får på diverse forum og Facebook-sider, kan sprika i alle retningar og ha høgst varierande kvalitet.

Ein del vert så skremde at dei ikkje tek medisinar som dei godt kunne ha brukt. Og få av dei diskuterer opplysningane dei finn på nettet med legen sin.

Men det er hjelp å få, om ein leitar på riktig stad. Elin Ngo er stipendiat ved Farmasøytisk institutt på UiO, og ho har gått gjennom vitskaplege artiklar om 25 ulike helseverktøy for gravide.

Skjermdumpar frå MinSafeStart, ein app som skal hjelpa gravide med svangerskapskvalme.

Ulike helsebaserte tema

– Trass dei teknologiske moglegheitene og fokuset på brukarinvolvering og dokumentert informasjonsbehov er det utført få studiar på effekten av avgjerdsverktøy under graviditet.

– Dei få studiane som er gjorde, har likevel vist den potensielle fordelen for kunnskap, oppfatning, tillit til avgjerder og kommunikasjon mellom kvinnene og helsepersonellet deira, seier Ngo.

– I kvar av artiklane vi såg på, vart brukarane av avgjerdsverktøya samanlikna med ei kontrollgruppe som ikkje brukte slike verktøy. Dei som brukte verktøya, hadde høgare kunnskap om eigen situasjon, følte seg tryggare og gjorde meir informerte val enn kontrollgruppa.

Kvart verktøy dekte ulike helserelaterte tema: svangerskapsdiabetes, livsstil, blodtrykk, psykisk helse med fleire.

Ved å samanlikna resultata frå dei 25 verktøya kom ho fram til tre kriterium som var felles for dei gode:

  • Alt på ein stad: Ved at verktøyet samla all evidensbasert kunnskap – og råd basert på denne – slapp brukarane å gå til ulike kjelder med motstridande informasjon, og dei følte seg tryggare.
  • Logg: Når verktøya let brukarane føra logg over sin eigen tilstand, det vere seg vekt, psykisk tilstand, matinntak og så vidare, fekk dei betre kontroll på sin eigen graviditet.
  • Digitalt: Når dei kunne ha med loggen til lege eller anna helsepersonell, fekk dei betre oppfylging på bakgrunn av han. Dei kunne òg dela loggen elektronisk og få tilbakemeldingar i sanntid. Dei som førte digital logg, gjorde òg fleire oppføringar dagleg enn dei som førte logg på papir.
– Fleire støtteverktøy bør utviklast og skreddarsyast for å dekka behova til gravide, seier Elin Ngo.

Lett tilgjengeleg informasjon

Dei undersøkte studiane omfatta i alt over 5000 kvinner og var gjennomførte i fleire ulike land, som Danmark, USA, Australia og Kina.

– Vi hadde òg med éin norsk deskriptiv studie om ein app for logging av glukosenivå. Han hadde ikkje nokon kontrollstudie, så her såg vi berre på erfaringane og kor brukarvenleg verktøyet var, seier Ngo.

– Resultata viste at informasjonen i denne appen var lett tilgjengeleg, slik som for dei andre digitale verktøya, og at det er potensial i vidare utvikling av eit slikt verktøy.

Kan ikkje erstatta helsepersonell

Sjølv arbeider ho med å vidareutvikla MinSafeStart, ein app som skal gje hjelp til gravide med svangerskapskvalme. Funna i denne studien vert tekne med i det arbeidet.

– Slike verktøy har stort potensial. Det er eit stort gap mellom kva som er tilgjengeleg og kva det er behov for. Overvekta av digitale samanlikna med papirbaserte verktøy fortel oss kor langt vi har kome i bruka av teknologien og at det er riktig veg for utviklinga, seier Ngo.

– Fleire støtteverktøy bør utviklast og skreddarsyast for å dekka behova til gravide. Effekten av slike verktøy på kliniske resultat bør bli testa før dei vert anbefalte eller implementerte, men alltid som eit supplement i rutinemessig svangerskapsomsorg. Dei kan ikkje erstatta helsepersonell.

Referanse:

Elin Ngo mfl.: Use of Decision Support Tools to Empower Pregnant Women: Systematic Review. Journal of Medical Internet Research, 2020. Doi:10.2196/19436

Powered by Labrador CMS