Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Årleg besøker millionar av turistar Forum Romanum og andre antikke byggverk i Roma.

Nokon må alltid vike når den nye byen vert bygd

Kva måtte ofrast då monumenta, kyrkjene og templa i Roma skulle byggast? – Når ein by endrast, er det både vinnarar og taparar, seier Christopher Siwicki.

Det er lett å tenkje at storslåtte bygningar som tempel, søylegangar, kyrkjer, bad og underhaldningskompleks vart ønska velkommen av innbyggjarane i antikkens Roma. Men kva om det ikkje stemmer?

Dette spørsmålet er forskar Christopher Siwicki ved Det norske institutt i Roma i ferd med å undersøke.

– Keisarar og lokale politikarar investerte enorme summar i byen. Det regjerte ei oppfatning av at Roma si skjønnheit skulle spegle storleiken til imperiet. Men ut frå antikke tekstar forstår vi at ikkje alle var samde, seier Siwicki.

Han er den første som systematisk utforskar dei antikke romerske bygga si bakside: upopulariteten og dei øydeleggjande effektane.

Ein by bygd på byar

Mykje av det antikke Roma står framleis. Særleg gjeld dette området rundt Forum Romanum, eit monumentalt anlegg som vaks fram frå Roma si tidlegaste tid i dalsøkket mellom Palatinen og Capitolhøgda, to av Romas sju høgder.

Årleg besøker millionar av turistar både Forum Romanum og mange andre attraksjonar, som det gamle templet Pantheon og arenaen Colosseum.

Men også under bakken ligg det historie, lag på lag. Siwicki skildrar Roma som eit lappeteppe.

– Roma er ein by bygd på tidlegare byar, og sjølv om utgravingar har pågått i 250 år, er det framleis mykje ein ikkje veit. Nokre delar er gravde ut, andre ikkje.

Til og med Det norske instituttet i Roma skjuler ein liten skatt: I kjellaren til bygget står det ei romersk vassmølle, ein del av byens store akveduktsystem.

Eit glimt av den moderne trappoppgangen i Det norske instituttet i Roma, frå innsida av den romerske ruinen i kjellaren.

To typar kjelder

I forskinga si vil Siwicki bruke to typar kjelder. Den eine er arkeologiske data, som utforskar bygga og strukturane og korleis dei vart innlemma i byen som stod der frå før.

Her vil han kartlegge endringar i landområde og mellom anna sjå på kva bygg og plassar som måtte vike når nye monument vart bygde.

I tillegg til å bruke eksisterande kunnskap, vurderer Siwicki å bruke blant anna georadar som arkeologisk metode for å undersøke kva som ligg under dei antikke bygga.

Den andre typen kjelde han vil bruke, er gresk og latinsk litteratur frå perioden 200 f.Kr. til 300 e.Kr, som er det tidsrommet han studerer.

– Vi kan ikkje sitje att med eit inntrykk av at alle elska dei praktfulle romerske bygga då dei vart oppførte. Det finst ei meir interessant historie enn det, meiner Christopher Siwicki.

Bevarte forsvarstalar gjev innsikt i folkemeininga

Ei viktig skriftleg kjelde er den greske skribenten og filosofen Dio Chrysostom, som besøker Roma og sidan reiser heim til sin greske (i dag tyrkiske) heimby Prusa.

Her riv han ned ein del av sentrum for å byggje eit bygg med ein storslått portiko – altså ein søylepryda, overbygd forhall.

Rundt 80 av Dio Chrysostom sine talar er bevarte, og nokre av dei heldt han for folket i Prusa. Fem er forsvarstalar.

– Frå desse talane forstår vi at han vart enormt kritisert for det han gjorde. Her får vi eit glimt, eller meir enn eit glimt, av at folk brydde seg om bysentrumet sitt, seier Siwicki.

Prusa var del av Romerriket, og det som skjedde her, stemmer truleg godt overeins med det som skjedde i Roma, meiner han.

Eit enormt velstandsgap let dei rike skyve dei fattige unna

Summane som vart brukte på storslåtte byggverk kunne komme frå skattlegging av innbyggjarane.

I tillegg ga eliten gåver – for eksempel byggverk eller gladiatorkampar – til ålmenta. I retur fekk dei prestisje, politisk makt og eit monument som vart ståande etter at dei døydde.

– Viss vi synest at det er eit stort velstandsgap i dag, var dette gapet enormt i antikken. Det fanst enkeltpersonar og lokalpolitikarar som var tilnærma milliardærar, forklarer Siwicki.

Sjølv om mykje er uvisst, veit ein i dag at fleire av dei storslåtte bygga hadde negative følgjer, også i Roma.

Området rundt Forum Romanum var for eksempel lenge ein marknadsplass og møteplass, men ettersom keisarar og andre begynte å bygge tempel, vart desse aktivitetane skyvde bort, ifølgje Siwicki.

Folk måtte flyttast på

I same område er det dessutan bygd forum av diktatoren Cæsar og keisar Augustus, som regjerte like før og rundt årtusenskiftet.

Desse foruma, som tente som offentlege rom, kravde store område i sentrum av Roma som fram til då hadde vore bustadområde.

Mange innbyggjarar må derfor ha blitt flytta, og dette hende i ein by som allereie var overbefolka. Siwicki ønskjer å undersøkje kva følgjer dette hadde.

Antikke skribentar kan gje nokon hint. For eksempel skriv den romerske biografen Suetonius at «Augustus gjorde forumet sitt smalare enn han hadde planlagt, fordi han ikkje våga å kaste ut eigarane av nabohusa.»

– Frå den greske forfattaren Cassius Dio veit vi dessutan at Cæsar vart kritisert for å rive ned både tempel og folk sine heimar då han bygde eit nytt teater, seier Siwicki.

Augustus bygde også ein 30 meter høg mur rundt forumet sitt. Muren skulle verne forumet mot brann, men han øydela samtidig vegar og ruter i byen. Nokre fekk dessutan den gigantiske muren som næraste nabo.

– Augustus vart lovprisa for å byggje forumet, men kva med dei som budde like ved? Når ein by endrast, er det både vinnarar og taparar.

Ein 30 meter høg mur vart bygd for å verne Augustus’ forum mot brann. Teikninga viser muren sett utanfrå, med restane av tempelet og forumet på innsida.

Vi bør lære av historia

Det er lenge sidan det antikke Roma vart bygd. Dei som leid urett ein gong, er for lengst både døydde, gravlagde og meir til. Men Siwicki meiner likevel at det er viktig å utforske denne ukjende delen av historia.

– Synet på antikken som vi har i dag, er forma av eliten sine byggverk og av forfattarar som tilhøyrde overklassa. Men viss vi ønskjer å forstå kva antikkens Roma faktisk var, kan vi ikkje berre avgrense oss til det som enkelte individ sa og meinte.

Tematikken er dessutan svært relevant for dagens byar, meiner han. Både bygg og område blir gentrifiserte, altså oppgraderte for å auke attraktiviteten. Samtidig er det nokon som fell utanfor.

– Å skape og utvikle framtidas byar er ein av dei viktigaste globale utfordringane i dette århundret. I enkelte område gjerast det store investeringar, men det betyr ikkje at alle ønskjer dei velkomne. Kanskje kan vi lære noko frå historia, seier Christopher Siwicki.

Powered by Labrador CMS