Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Storsalamander hann. Ofte finn vi salamander i tun- eller vatningsdammar og skogsdammar. Dei er rovdyr som et insekt, meitemark og andre småkryp.

Storsalamanderen er liten og sårbar

Storsalamanderen er skogsdyret som vi frykta skulle bli utrydda. No har dyret funne ei nødhamn i dammar på jorda til bonden.

Storsalamanderen (Triturus cristatus) ein representant for mange artar som slit med å overleva. Gjennom det ein vil kalle naturleg samfunnsutvikling er storsalamanderen blitt utsett for store endringar i livsmiljø. Storsalamanderen sine utfordringar er ikkje eineståande.

Moderne skogsdrift, grøfting av myr og utsetting av fisk er ein del av forklaringa på at storsalamanderen fekk øydelagd sitt naturlege leveområde i skogen. Ein reknar med at dagens salamanderbestand er delt cirka 50/50 mellom skog og jordbrukslandskap som leveområde.

Mangfald er beredskap

I Noreg har vi to artar av salamander, storsalamander og småsalamander (Triturus vulgaris). Storsalamanderen har lenge vore på den norske raudlista fordi han er ein utryddingstruga art.

Forskar Børre Dervo i Norsk institutt for naturforvaltning (NINA) seier at inntrykket av småsalamanderen er at han oppfører seg som halvparten av den store: Han blir halvparten så stor og lever halvparten så lenge. Småsalamanderen klarar seg dessutan med mindre vatn til å yngle i enn den store.

Småsalamandrar er observert å yngle i vatn samla i eit traktorspor. Dei treng ikkje meir enn 10–15 centimeter djupt vatn, og storleik 2x3 meter, medan storsalamanderen gjerne treng 0,5 meter og 20–30 kvadratmeter flate. Dette forklarer og kvifor storsalamanderen er meir utsett.

Forskar Christian Pedersen leitar etter salamandrar.

Leveområda til begge salamanderartane er stadig under press, trass i at konsekvensutgreiingar og planprosessar pliktar å ta omsyn til natur og mangfald på ein heilt annan måte i dag enn for berre ein generasjon og to sidan.

Lover, forskrifter og forvaltningsplanar er komne på plass for å verne om biologisk variasjon, nasjonalt og internasjonalt. Verda rundt er det auka medvit kring verdien av mangfald og FN markerer behovet for vern gjennom sin internasjonale dag for biologisk mangfald 22. mai.

Skal vi vere robuste i møte med framtida, må vi å ta vare på biologisk og genetisk variasjon – naturen sin eigen beredskap for å møte endringar.

Storsalamander (til venstre) og småsalamander.

Salamandaren som nesten forsvann

Mange menneskepåførte endringar blir for store til at naturen klarer å ta vare på seg sjølv, produsere avkom eller oppretthalde avlingar.

Arter blir så hardt pressa av endring at dei får færre og færre leveområde. I verste fall kan dei døy ut.

Storsalamanderen i norsk natur er eit eksempel på ein art der bildet ovanfor var i ferd med å skje.

To forskarar som veit mykje om salamandrar, landskapsendringar og arealutvikling er Børre Dervo i NINA og Christian Pedersen i NIBIO. Gjennom fagleg samarbeid har dei nytte av sine ulike perspektiv innan same arbeidsfelt: Pedersen som biolog og landskapsforskar, Dervo som biolog og salamanderspesialist.

Mellom anna har dei jobba saman i prosjektet Tap av ynglelokalitetar for salamander i Norge i 2015.

Ein ung småsalamander-hann, truleg rundt 3 år. Småsalamanderen blir kjønnsmoden ved 2-årsalderen.

– Eigentleg er storsalamanderen eit skogsdyr, og han er eit amfibium. Det betyr at han vekslar mellom eit liv på land og i vatn, seier Christian Pedersen.

– Salamandrar lever og livnærer seg på land, men overlever ikkje utan tilgang til vatn i form av dammar eller fisketomme tjern. Det er her dei parar seg og legg egg.

Tap av yngleplassar har vore nær ved å utrydde storsalamanderen frå norsk fauna. Ifølgje Børre Dervo er det den største utfordringa for salamandrar her til lands. Han forklarer:

– Det handlar både om at talet på ynglelokaliteter går ned, og at storleiken og kvaliteten på leveområda rundt mange yngledammar er redusert.

– Ein gjennomgang vi har gjort av alle kjende førekomstar av storsalamander her til lands, viser eit årleg tap av ynglelokaliteter på rundt ein prosent. Det betyr at 10 prosent av dei rundt 1200 kjende lokalitetane vil gå tapt i løpet av dei neste 10 åra.

Det lovar ikkje godt for utbreiinga av salamandrar i Noreg vidare viss ikkje tiltak vert sette inn.

Ein ung storsalamander hann.

Arealbruksendring

På fagspråket snakkar ein ofte om arealbruksendringar som årsak til at landskap forandrar karakter og artar får skipla sine livsmiljø. Ulike tiltak kan ha same konsekvens.

Christian Pedersen seier døma på inngrep som fører til store omveltingar i leveområde er mange.

– Det kan vere skogsdrift, ein skogsveg eller nyrydding. Brakklegging av myr. Eit damanlegg, ein anleggsveg. Vindmøller og kraftlinjer. Hyttefelt og bustadbygging. Lista er lang.

Han legg til at inngrepa enkeltvis kanskje ikkje utgjer ein trussel, men at resultatet i sum kan vere dramatisk.

Gardsdammar i jordbrukslandskapet er viktige leveområde for salamandrar i Noreg.

Lever farleg

Sjølv om nyare tal på dammar i jordbrukslandskapet viser positiv utvikling, er det ikkje gitt at situasjonen betrar seg for salamanderbestandane.

– Trass i at fleire nye dammar blir etablert, held talet på salamandrar fram med å gå ned. Det kan henge saman med at arealbruken ikkje legg til rette for at dammane ligg nær kvarandre. Undersøkingar viser snarare at fleirtalet av nye dammar i kulturlandskapet er isolerte frå kvarandre, seier Børre Dervo.

– Dermed skjer det i liten grad spreiing av salamandrar til dei nye dammane, forklarer han.

Forskar Børre Dervo i NINA.

Gjennom forsking på genetikken til utvalde salamanderbestandar kan han dokumentere at det har skjedd eit genetisk tap blant dei registrerte salamandrane.

– Dette er ikkje ei berekraftig utvikling. Tap av genetisk variasjon fører til innavl, lågare overlevingsgrad og lågare bestandar over tid.

No stiller forskaren spørsmål ved om dammar som ligg isolerte frå kvarandre bidrar til at dei yngre salamandrane ikkje spreier seg på same vis som tidlegare. Dei finn rett og slett ikkje spreiingsvegar.

– Det handlar om å spreie seg til nye lokalitetar eller å og slå seg saman med naboane, for å dele genar på den måten. Når potensielle spreiingsvegar er øydelagde, trur vi at salamandrane ikkje finn vegen til nye område å slå seg ned i, fortel Børre Dervo.

Dervo seier at for storsalamandrar tar det tre til fire år å bli kjønnsmoden. I denne perioden lever amfibiet stort sett på land. Det er og i denne tidlege fasen av livet dei vanlegvis finn seg ein ny heim og slik tilfører nye genar i eit område.

Når potensielle spreiingsvegar manglar, vil ikkje denne genetiske utvekslinga skje, er hypotesen. Ein har framleis noko magert kunnskapsgrunnlag om unge salamandrar.

Svartavatnet i Geitaknottane naturreservat i Hordaland. Her finn vi dei vestlegaste og største samanhengande områda med førekomstar av storsalamander i Noreg.

Meir kunnskap trengst

Forskarane Dervo og Pedersen meiner det er behov for auka innsikt i tilstand og utvikling til dei norske salamanderbestandane.

– Målet må vere å betre tilstanden for dei bestandane som framleis finst. For å klare det må mellom anna forholda ligge til rette for genetisk utveksling, seier Pedersen.

Forskarane ser klart nytten av å trekke vekslar på ulik kompetanse og tilgjengeleg materiale i dei respektive forskingsinstitutta. Gjennom overvakingsprogrammet 3Q følgjer NIBIO utviklinga i jordbrukslandskapet og har oversikt over arealbruk. Saman med NINAs forsking på bestandsutvikling over tid i ulike delar av landet kan summen gi verdfull ny kunnskap som kan komme forvaltninga til gode.

– Vi meiner eit slikt arbeid vil gagne både storsalamanderen og næringa fordi vi vil få eit breiare samansett vurderingsgrunnlag enn vi har tilgang på i dag.

– Biologisk forvaltning vil få eit meir solid fundament gjennom heilskapleg arealforvaltning. Det vil igjen kunne gi meir nyanserte løysingsforslag til den næringsdrivande bonden som skal ta omsyn både til biologisk mangfald og rasjonelt jordbruk.

Referanse:

Børre Dervo Christian Pedersen og Kim Magnus Bærum: Tap av ynglelokaliteter for storsalamander i Norge. Rapport fra NINA, 2016. (Sammendrag)

Om storsalamander

Storsalamanderen

  • er eit amfibium som likar seg i myrlendte, opne skogsområde eller i kulturlandskap med god tilgang på vatn og skjulestader
  • er eit rovdyr som livnærer seg av insekt, meitemark og andre småkryp
  • går i dvale om vinteren, i steinrøyser, under trerøter og i små jordholer
  • vandrar om våren til eit tjern eller ein dam i nærområdet for å yngle
  • vender nesten alltid tilbake til det same vatnet, og sjeldan meir enn 500 m unna leveområde
  • ynglar berre i fisketomme vatn, elles ville egga bli mat for fisken
  • beveger seg sakte: 0,5 – 1,0 m per minutt
  • blir vanlegvis kjønnsmodne rundt 3 år
  • kan bli 14-16 år i vill tilstand

Forskar Børre Dervo i Norsk institutt for naturforvaltning (NINA) seier at inntrykket til forskarane er at småsalamanderen oppfører seg som ‘halvparten av den store:’ Han blir halvparten så stor, lever halvparten så lenge o.a.


Kjelde: NINA

Powered by Labrador CMS