Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Alzheimers er ein snikande og øydeleggjande sjukdom.

Pasientar har auka bruk av antidepressive og antipsykotiske legemiddel i åra før demensdiagnose

I åra som leiar opp til diagnosen Alzheimer har pasientane høgare forbruk av psykofarmaka enn normalbefolkninga.

Alzheimer er kjend som ein snikande sjukdom. Og kanskje er det slik at tidlege symptom vert feiltolka av legane. Slik kan pasienten vert medisinert for psykiatriske sjukdomar.

Det er i alle fall ei mogleg tolking av forskinga til Anne Efjestad ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

– I Reseptregisteret kan vi sjå når nokon begynner med medisinar mot Alzheimer. Vi reknar dette som ein god indikator på når diagnosen er sett fyrste gong, seier Efjestad.

Retningslinjene for behandling av Alzheimer seier at medikamentell behandling skal setjast i gang med ein gong.

– I data frå registeret ser vi at i to til fire før Alzheimer-behandlinga startar, har denne pasientgruppa høgare bruk av antidepressiva og antipsykotika enn tilsvarande aldersgrupper i resten av befolkninga.

Anne Efjestad etter at ho tok doktorgraden i oktober 2022.

Seier ikkje noko om kva som har vore prøvd

Sidan forskinga baserer seg på berre registerdata og ikkje kliniske data, kan Efjestad berre slå sikkert fast at det er slik, ikkje kvifor.

Men det finst nokre nærliggjande tolkingar:

– Resultata tyder på at åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens oppstår i ein tidleg fase av Alzheimer, seier ho.

Ho gir eit eksempel: Dersom folk merkar at dei begynner å fungera litt dårlegare mentalt enn før, er det ikkje så overraskande om ein blir oppgitt og nedstemt. Det kan legen lett tolka som depresjon og gje behandling for det, medan andre behandlingsformer burde prøvast fyrst,

– Men våre data seier altså ikkje noko om kva alternativ som har vore prøvd før ein startar med medisinar.

Berre ein hypotese

Det er fleire kvinner enn menn som har høgt forbruk av antidepressiva. Kvinner har òg høgare bruk av smertestillande enn menn. Menn har derimot høgare bruk av antipsykotika.

– Det kan ha samanheng med at blant Alzheimer-pasientar er menn meir fysisk aggressive. Kanskje reagerer dei med meir utagerande åtferd på tidlege symptom enn kvinner. Det blir tolka som aggressiv åtferd som krev behandling med antipsykotika, seier Efjestad.

– Men igjen, det er berre ein hypotese basert på dataa frå registeret.

Underkommuniserte og underbehandla smerter

Ein del legemiddel har det som heiter ein antikolinerg effekt. Det gjeld blant andre antipsykotiske og antidepressive legemiddel.

Vi treng ikkje gå nærare inn på kva det inneber ut over å fortelja at Alzheimer på si side vert behandla med ei gruppe legemiddel med namnet acetylkolinesterasehemmarar, forkorta AChEI.

– Desse aukar mengda av acetylkolin i hjernen. Denne effekten av AChEI vert hindra eller stoppa heilt av antikolinerge legemiddel. Det kan dermed vera heilt bortkasta å gje slike legemiddel samstundes. Likevel såg vi at slik kombinasjonsbehandling vart gjeve hjå ein del av pasientane, seier Efjestad.

Medan bruken av psykofarmaka er auka både før og etter behandling med AChEI startar, er bruken av sterke smertestillande som til dømes Paralgin Forte, lågare enn i resten av befolkninga. Bruken av paracetamol er høgare.

– Demenspasientar kan jo ha vanskeleg for å setja ord på ting. Ei mogleg tolking her er at smertar dei har, vert underkommuniserte. Dermed blir dei underbehandla, seier Efjestad.

Kombinasjon aukar risiko

– Men når ein ikkje får medikamentell hjelp, kan smertene føra til uro hjå pasienten. Denne uroa kan visa seg gjennom ulike typar av åtferd. Då kan det henda at det er åtferda som vert medisinert i staden for den underliggjande smerta.

Ein mogleg biverknad av AChEI er forstyrringar i hjarterytmen. Det kan vera farleg. Den same effekten har ein del andre legemiddel, nokre som biverknad, andre som ønska effekt.

Forskarane fann for eksempel at 17 prosent av pasientane fekk AChEI samstundes med medisinar brukt ved behandling av depresjonar. Dei kan òg verka negativt på hjarterytmen.

– Kombinasjonen aukar naturleg nok risikoen for uynskte effektar, seier Efjestad.

Lært mykje av kvarandre

Ho understrekar at bodskapen ikkje er at det alltid er feil å gje dei ulike legemidla ho har funne problem med.

– Poenget er at behandlarar må vera bevisste på utfordringane med biverknadar og interaksjonar. Dette er jo ei pasientgruppe som ikkje er så godt i stand til sjølve å seia frå om plager dei måtte ha.

Referanse:

Anne Elisabeth Muri Sverdrup Efjestad: Use of acetylcholinesterase inhibitors: length of treatment, sex differences and comedication with focus on psychotropics, analgesics and heart rate related drugs. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Oslo, 2022. (Nettside på UiO om avhandlingen)

Powered by Labrador CMS