Vinden som redda Lebesby

- Vindmølleparken har skapt aktivitet og positive framtidsutsikter i ein liten kommune som dei siste åra har slitt med tilbakegang i både arbeidsplassar og innbyggjartal, seier ordførar Harald Larssen i Lebesby kommune. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kjøllefjord vindpark. Foto: Statkraft

Vindkraft i Nord-Noreg

• Fire anlegg i drift i dag. To i kommersiell drift, eit i Lebesby og eitt i Måsøy kommune. Totalt årleg produksjon av vindkraft i Nord-Noreg i dag: 0,25 Twh.
• Ytterlegare fire prosjekt har konsesjon for bygging, men er endå ikkje bygt ut.
• 14 prosjekt har søkt konsesjon, men har ikkje fått svar.
• Om alle 22 prosjekta vert bygd ut, vil energiproduksjonen bli omlag 6,2 Twh/år
• I tillegg er det sendt melding for ytterlegare 22 prosjekt. Desse ventar på å få søkja konsesjon. Den samla energiproduksjonen
frå desse 22 prosjekta vil bli 13,5 Twh/år.

Kjelde: Nordby, Kaja: Vindkraft i Nord-Norge, Zero,2009.

Ein av dei to kommunane i Nord-Noreg som har satsa på kommersiell vindkraftutbygging dei siste åra, er Lebesby kommune på Nordkynn -halvøya i Finnmark.

Lebesby har i overkant av 1300 innbyggjarar, og er med sine 3458 km2 den åttende største kommunen i utstrekning i Noreg.

Etter ti års arbeid med å få utbygt vindkraft i kommunen, opna «Kjøllefjord vindpark» i 2006 med ein produksjon på 0,15 Twh/år. Det gjev straum til omlag 7500 husstandar.

Ordførar i Lebesby, Harald Larssen frå Arbeidarpartiet, er ikkje i tvil om at vindkraftutbygginga har vore svært positiv for kommunen.

- For det fyrste har vindparken skapt stor aktivitet i lokalmiljøet så vel i byggjefasen som i driftsfasen. I byggjefasen hadde lokale bedrifter kontraktar for 34 millionar kroner. I driftsfasen er det tre faste arbeidsplassar på anlegget, i tillegg kjem tilreisande som arbeider på anlegget i kort tid eller berre er på besøk.

- Dessutan brukar kraftselskapet lokale tenester til brøyting og vedlikehald. Alt dette skapar aktivitet i ein liten kommune med få arbeidsplassar, seier Larssen.

I tillegg til den auka aktiviteten for næringslivet i Lebesby, mottek kommunen 2,1 millionar kroner årleg i eigedomsskatt for dei 17 vindmøllene. Larssen kan ikkje koma på nokon ulemper vindkraftutbygginga har ført med seg.

På førehand frykta nokre at utbygginga ville koma i konflikt med reindriftsnæringa i Lebesby, men problema har ikkje vore store.

- Reindriftsnæringa merka nok at det var mykje aktivitet i området i utbyggingsfasen, men dette har neppe påverka næringa i stor grad. No i driftsfasen har eg inntrykk av at vindmølleparken har svært liten påverknad på reindriftsnæringa, seier Larssen.

Dårleg for turismen?

Lebesby kommunevåpen.

Det har vore hevda at utbygging av vindmøller langs Finnmarkskysten vil øydeleggja for turismen i Nord-Noreg, fordi turistane vil sjå urørt natur.

Kommunesenteret i Lebesby, Kjøllefjord, er stoppestad for Hurtigruta, og kommunen sine erfaringar skil seg frå dei mest pessimistiske spådommane.

- Vindmølleparken er i seg sjølv blitt ein attraksjon for mange av turistane, fordi dei synes det er flott at me kan bruka våre naturlege fordelar til å produsera rein kraft, seier Larssen.

- Når dette er sagt, ville turistane sjølvsagt har reagert om det vart bygt vindmøller på Nordkapp-platået. Å bruka store fjellareal som dei me har i Lebesby er uansett utelukkande positivt for både lokalbefolkning og turisme.

Den positive stemninga for vindkraft i Lebesby viser igjen på at tre nye vindkraftprosjekt er under planlegging i kommunen, om alle blir realisert vil kommunen produsera nesten 4 Twh årleg.

Ifølge ei undersøking gjort av Norsk gallup, var 84 prosent av innbyggjarane i kommunen positive til utbygginga før den kom i gang. Larssen meiner at stemninga er endå meir positiv i dag, fordi vindkraftutbygginga har vore med på å endra synet på framtida i Lebesby.

- Vindmølleparken har skapt aktivitet og positive framtidsutsikter i ein liten kommune som dei siste åra har slitt med tilbakegang i både arbeidsplassar og innbyggjarar, seier ordførar Harald Larssen.

Havstraumkraft i Harstad

Medan vindkraft har vore produsert kommersielt i mange land i fleire tiår, satsar Hydra Tidal i Harstad på å utvikla ein heilt ny teknologi for å utvinna energi frå tidevatn og frå havstraumane.

Svein Henriksen, som er dagleg leiar i Hydra Tidal, meiner at denne teknologien har mange fordelar.

- Det er eit enormt potensial i energien i havstraumane utanfor norskekysten, og potensialet er spesielt stort frå Lofoten til Senja fordi den norske kyststraumen smeltar saman med nordatlantiske havstraumen der. Dessutan er turbinplattformene som utnyttar krafta frå havstraumane, langt mindre synlege i landskapet enn til dømes vindmøller, seier Henriksen.

Hydra Tidal ynskjer å få støtte til eit prosjekt som om 20 år vil produsera 10 Twh, det er omlag 8 prosent av Noregs elektrisitetsforbruk i dag. Eit slikt prosjekt vil kosta 70-80 milliardar fordelt på tjue årlege innskot på 3,5-4 milliardar.

Til gjengjeld vil prosjektet gje 1500 arbeidsplassar fordelt på to store industrianlegg, som kan plasserast der det er mykje tilgjengeleg arbeidskraft.

- På sikt er me ikkje i tvil om at desse kraftverka kan bli meir enn konkurransedyktige med vindkraft når det kjem til kostnader i høve til energiproduksjonen. Dessutan har denne teknologien eit enormt eksportpotensial, seier Svein Henriksen.

Powered by Labrador CMS