Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

MF Ampere, verdens første passasjer- og bilferge med 100 prosent batteridrift, krysser fjorden i Sogn i juni 2017.
MF Ampere, verdens første passasjer- og bilferge med 100 prosent batteridrift, krysser fjorden i Sogn i juni 2017.

Pengane styrer grøn omstilling på Vestlandet

Vestlandet ligg kanskje fremst i verda på grøn omstilling i maritim næring. God tilgang på vatn- og vindkraft gjer at elektriske båtar kan vere billegare å drifte enn dei som går på drivstoff.

– Ofte kolliderer økonomisk vinning med berekraft, men når det gjeld til dømes ferjer er det faktisk økonomisk å velje grønt, seier Svein Gunnar Sjøtun.

Han er tilsett på Mohn-senteret ved Høgskulen på Vestlandet og tok doktorgraden denne våren på mellom anna elektrifisering av ferger.

Sjøtun meiner at den grøne omstillinga i maritim næring er resultat av ei ønska utvikling.

– Vestlandet har vore med på å drive dette fram. Både teknologisk kompetanse, innovasjonskultur og risikovillige leiarar har gått føre som drivarar. Noreg kan bli verdsleiande på elektrifisering av transport, seier Sjøtun.

Vestlandsk batteri-innovasjon

Fylkeskommunane i vest har saman med Statens vegvesen sette mange miljøkrav i anboda sine. Dette har ført til at dei som har elektrifisert ferjene sine, har vunne anboda.

– Statens vegvesen har ansvaret for europavegar og riksvegar, og dersom ferja går over desse, set staten krav. Deretter er det fylka som stiller sine krav. Hordaland har, saman med Trøndelag og Møre og Romsdal, vore først ute med omstillinga.

I avhandlinga har Sjøtun følgt ulike fyrtårnprosjekt i vestlandsregionen, i tillegg til den generelle utviklinga i næringa.

Eit av desse prosjekta er bilferja Ampere, verdas første elektriske ferje i den størrelsen. Ferja tar 360 passasjerar og går mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. Sjølve batteria til ferga kjem frå Corvus Energy, eit selskap som har etablert seg i Bergen som følge av vekst i den maritime næringa.

– Dette er spesielt fordi innovasjon innan batteri har blitt drive av bilindustrien og ikkje maritim næring, fortel Sjøtun.

– Elektrifiseringa av ferger har skjedd på grunn av offentlege innkjøp, og fordi næringa sjølv har pusha miljøkrava, seier Svein Gunnar Sjøtun på Mohn-senteret ved Høgskulen på Vestlandet.
– Elektrifiseringa av ferger har skjedd på grunn av offentlege innkjøp, og fordi næringa sjølv har pusha miljøkrava, seier Svein Gunnar Sjøtun på Mohn-senteret ved Høgskulen på Vestlandet.

Offentlege innkjøp har sikra grøn omstilling

Ingeniørmiljø, næringsklynger og bedrifter i regionen har vore aktive med å ta ei rolle i den grøne utviklinga, i dialog med naturvern-organisasjonar.

– Ingen har gått og venta på at elektrifiseringa skulle skje. Det har skjedd på grunn av offentlege innkjøp, og fordi næringa sjølv har pusha miljøkrava.

Sjøtun forklarer at Ampere har vore ein sterk drivar for endring i offentlege innkjøp.

– Batteriteknologi har blitt vinnaren, fordi miljøkrava, saman med pris, står sentralt i anboda. Teknologien kan spare reiarlaga for store utgifter. Når dei offentlege innkjøpa sikrar miljøet, vil du automatisk tape om du kjem med ei dieselferje. Det har igjen ført til at næringa sjølv ønsker å velje og å drive fram ny miljøteknologi.

Meir batteridrive næringar i framtida

Batteridrive ferjer løner seg økonomisk fordi prisnivået på fossilt drivstoff ofte er høgare enn straumprisar. I alle fall gjeld dette for Noreg, der vi har god tilgang på vasskraft og fornybar energi.

– Batteria er dyre å installere, men driftskostnadane er billegare enn ved fossilt drivstoff. Det blir faktisk ein måte å spare pengar på, seier Sjøtun.

Elektrifiseringa har også nådd både flybransjen og offshore-næringa, men Sjøtun understrekar at det ikkje alltid er heilt problemfritt.

– Forskjellen på elbil og ferje er at ferja må gå heile tida. Sidan ferga må følge vanlege rutetider, må ho lade ganske fort mens ho står til kai. Her ligg mange av utfordringane. Ampere har fått ein batteribank på land, og det har vore nokre tekniske problem i oppstarten. Det vil nok ta veldig lang tid før dei store ruteflya blir elektriske.

Grøn omstilling til trass, ikkje alle vil seie at bruken av batteri er hundre prosent etisk.

– Ja, det er jo dette med at råstoffet kobolt som er brukt i batteri ofte er utvinna frå gruver i Kongo. Det skjer på ein ikkje heilt etisk forsvarleg måte. Det finst kobolt i andre land også, inkludert i Noreg, men det vil kanskje vere mogleg å lage batteri utan kobolt på sikt.

Eit eksporteventyr

Sjøtun trur likevel at framtida er batteridrive. Stadig fleire næringar i Noreg arbeider med grøn omstilling og ny teknologi.

– Elektrifisering kan bli eit eksporteventyr. Hydrogen er neste steg i maritim næring, med hydrogendrive ferjer, hurtigbåtar og til og med cruiseskip. Når EUs nye og strenge miljøkrav for skipsfart kjem, er vi allereie godt førebudd på å ta store delar av marknaden.

Referanse:

Svein Gunnar Sjøtun: Engineering’ the green transformation of the maritime industry in Western Norway. Doktoravhandling ved UiB, 2020. (Samandrag)

Powered by Labrador CMS