Annonse

Stoppa ulovlege kosttilskot

Ni av 200 undersøkte kosttilskot er stoppa av Mattilsynet. Årsaka er at det er ulovleg å selje kosttilskot som inneheld legemiddelsubstansar. Fleire tusen kosttilskot og naturmiddel finnast i norske butikkar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Landbruks- og matdepartementet la føringar i 2005 om at tilsyn med kosttilskot skulle prioriterast, og ein tidlegare rapport frå Mattilsynet konkluderte med at helsefaren som er knytta til kosttilskot bør revurderast.

Nasjonal tilsynskampanje

Mattilsynet har no gjennomført ein nasjonal tilsynskampanje på kosttilskot, med fokus på merking og marknadsføring. Tilsynet føregjekk frå 1. september til 31. oktober 2006.

Eigenkontrollen hos til saman 95 importørar, grossistar og produsentar av kosttilskot i heile Noreg blei kontrollert.

I tillegg blei merkinga og marknadsføringa av to kosttilskotprodukt frå kvar verksemd vurdert - til saman 199 produkt. Det er fleire tusen såkalte kosttilskot og naturmiddel på den norske marknaden.

Ein samla rapport frå kosttilskotkampanjen vil bli offentleggjort av Mattilsynet i mars 2007.

Dette er kosttilskota som Mattilsynet no har stoppa omsetninga av:

Muskler og ledd fra Universal Helseprodukter, produsert av Universal Helseprod.
Cistus Incanus Zistrose fra LR Health & Beauty Systems AS, produsert av samme selskap.
BCCA fra Kristenssons Naturavita, produsert av Ultimate Nutrition.
Thermo-X fra Kristenssons Naturavita, produsert av Scitec Nutrition.
Erythirina Berterona, fra Mr. Tavos, produsert av samme selskap.
Q 10 fra VitOmega, produsert av VitOmega.
Simply spirulina fra Urtekompagniet AS, produsert av New Roots Herbal Inc.
Vitamine C fra Urtekompagniet AS, produsert av Natural Health (A.G) Ltd.
Jelly Baby Bears fra Vegetarbutikken, produsert av Healthspan.
Daylight BC-Mix fra Universal Helseprodukter, produsert av BC Daylight AS.

Dei åtte første produkta er stoppa fordi dei inneheld legemiddelstoff. Det siste produktet er stoppa fordi det manglar ingrediensliste. Forbrukarar som har kjøpt desse produkta kan levere dei tilbake til seljar.

Lenke:

Mattilsynet: Ulovlege kosttilskot stoppa av Mattilsynet

Powered by Labrador CMS