Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Gurkemeie har vist seg å ha lækjande effekt, men førebels berre i laboratoriet. Det kan endra seg.

Kan gurkemeie bli legemiddel?

Dersom stoffet curcumin i krydderet gurkemeie skal brukast som legemiddel, må kroppen kunna ta det opp. Forskarane prøver å finna ut korleis.

Publisert

I laboratoriet har curcumin vist seg å verka mot betennelsar, kreft, mikrobar og meir til, men i praktisk bruk har det hatt liten dokumentert effekt. Utfordringa er å få kroppen til å ta opp stoffet.

Les meir om dette i sakene Gurkemeie - fra krydder til medisin og Stoff i gurkemeie har trolig liten effekt på helsa

– Curcumin har eigenskapar som gjer at nett det er vanskeleg. Stoffet løyser seg dårleg i vatn, forklarar Raj Kumar Thapa, postdoktor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Thapa forskar på formulering av produkt til behandling av sår, altså korleis dei kan setjast saman for å fungera best mogleg. No vil han finna ein måte å utnytta dei antimikrobielle eigenskapane til gurkemeie.

Antimikrobielle eigenskapar hemmar veksten eller drep mikroorganismar som bakteriar, sopp, parasittar og virus.

Løyser seg dårleg i vatn

For å få til det, må han finna den rette surfaktanten, som det heiter. Det er stoff som minskar overflatespenninga mellom to stoff, slik at dei lettare kan blanda seg.

Stoff som løyser seg dårleg opp i vatn, som curcumin, kallar vi hydrofobe. Thapa meiner han kan vera på sporet av korleis curcumin kan inkorporerast i sårpreparat.

– Curcumin løyser seg dårleg i vatn. Dermed er det vanskeleg for kroppen å ta det opp, fortel Raj Kumar Thapa.

Kuleforma strukturar

– Vi brukar ein polymer, som består av store molekyl som er organisert i fleire delar eller blokker. Polymeren vi brukar heiter PF127. Han har tre komponentar eller blokker. Blokka i midten er hydrofob, slik som curcumin. Dei to i endane er derimot tiltrekt av vatn, eller hydrofile, som det heiter, forklarar Thapa.

– Når PF127 hamnar i vatn i høg nok konsentrasjon, vert dei store molekyla trekte mot kvarandre og formar små kuleforma strukturar. «Skalet» på kvar kule vert danna av mange PF127-molekyl. Kvart molekyl dannar ein U, der dei hydrofile endane vender ut mot overflata, og den hydrofobe delen i midten vender innover mot kjernen.

– Kulene blir vassløyselege på grunn av dei hydrofile endene på overflata. Desse kuleforma strukturane heiter miceller.

Finna det magiske punktet

Sidan curcumin-molekyla òg er hydrofobe, finn dei ein trygg tilhaldsstad inne i kjernane av micellene.

Men no oppstår eit nytt problem. Som ein truga flokk moskusoksar som slår ring rundt kalvane sine, vaktar micellene på curcuminet og hemmar effekten av det. Dermed er ein ikkje komen så mykje lenger.

– Men jo nærmare konsentrasjonen av PF127 er det kritiske punktet der miceller vert danna, jo betre løyser curcumin seg. Trikset er å finna det magiske punktet der vi får best effekt av curcumin utan at PF127 dannar miceller, seier Thapa.

Men konsentrasjonen av curcumin viser seg òg å påverka det kritiske punktet der PF127 dannar miceller. Høg konsentrasjon av curcumin fører til at micellene vert danna ved lågare konsentrasjonar av PF127.

– Det gjer det ikkje enklare å finna det magiske punktet, forklarar Thapa.

Må ta fleire omsyn

I tillegg må forskarane ta omsyn til væska som PF127 og curcumin er løyst i. Forskarane brukar ein spesiell type saltløysing. Slike sårpreparat inneheld òg ofte små mengder av løysemiddel, såkalla cosolvents.

– Det kan til dømes vera etanol eller DMSO, dimetylsulfoksid. Desse løysemidla aukar løysbarheita av hydrofobe stoff som curcumin og gjer at dei lettare trengjer gjennom fysiologiske barrierar som hud.

– Våre studiar viste at små mengder av cosolvents hadde ein liten effekt på når miceller vart danna. Det same gjer saltløysinga. Effekten er avgrensa for begge deler, men stor nok til at vi må ta omsyn til han, seier Raj Kumar Thap.

Referanse:

Raj Kumar Thapa mfl: Effect of curcumin and cosolvents on the micellization of Pluronic F127 in aqueous solution. Colloids and Surfaces B: Biointerfaces, 2020. https://doi.org/10.1016/j.colsurfb.2020.111250

Powered by Labrador CMS