Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Sørøst-Norge - les mer.

Eldre personar er spesielt sårbare for einsemd som følgje av aldersrelaterte endringar, som at helsa blir dårlegare, at sosiale roller fell bort etter at ein går av med pensjon og tap av partnar og vener.

Omsorgsfulle kvinner og nevrotiske menn blir oftare einsame som gamle

Forskarar har funne fleire trekk ved personlegdomen som kan knytast til å utvikle einsemd seint i livet.

Publisert

For mange er einsemd og isolasjon ein del av det å bli gamal. Eldre personar er spesielt sårbare for einsemd som kjem av endringar i livet deira.

Det kan vere at helsa blir dårlegare, tap av partnar og vener og at sosiale roller fell bort etter at dei går av med pensjon.

Forsking har vist at einsemd i eldre år går side om side med depresjon. Trivselen hos dei eldre minkar då dramatisk og kan auke faren for tidleg død.

Ein fersk studie, leidd av professor Heidi Kristin Ormstad ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), tyder på at folk med visse personlegdomstrekk har auka risiko for å bli einsam i eldre år.

Ho strekar under at einsemd ikkje skal forståast som sosial isolasjon, sjølv om det heng saman:

– Folk kan vera åleine utan å kjenne seg einsame, og folk kan oppleve einsemd i sosiale samanhengar, forklarar ho.

Utvikla einsemd over tid

Forskinga baserer seg på data frå ein norsk studie av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). Utvalet bestod av snautt 1000 norske kvinner og menn i alderen 60 til 79 år.

Alle hadde delteke i ei spørjeundersøking i 2002–2003. Den gongen svarte dei at dei ikkje var einsame.

Fem år seinare deltok den same gruppa i ei ny spørjeundersøking. Denne gongen rapporterte 14 prosent av mennene og 11 prosent av kvinnene at dei nå var einsame.

Forskarane undersøkte så korleis deltakarane sine personlegdomstrekk var forbundne med å bli einsame. Personlegdomstrekka blei målte ved å bruke det som er kalla «femfaktormodellen», på engelsk «The Big Five».

Medmenneskelege kvinner

Medkjensle peika seg ut som eit sentralt personlegdomstrekk knytt til einsemd. Det er folk som blir oppfatta som snille, varme og omsynsfulle.

Kvinner som hadde høg grad av medkjensle hadde høgare risiko for å bli einsam. Dette stemte med kva Ormstad trudde før studien. At dei som har vore varme og viktige omsorgspersonar for andre gjennom livet, kan bli meir einsame når dei blir eldre.

– Det kan tenkjast at desse eldre kvinnene lettare kan kjenne på saknad og sorg over kjensla av at «det er ingen som treng meg lenger». Utøver vi kanskje ei slags misforstått omsorg ved å skulle skjerme eldre kvinner – som tidlegare har vore omsorgspersonane våre – frå å belaste dei med bekymringane eller behova våre? seier Ormstad.

– For da risikerer vi kanskje også å ta ifrå dei noko anna, nemleg det å kunne «å vera noko for andre».

Ulikt for menn og kvinner

For mennene var funna knytte til medkjensle snudd på hovudet: Her var det låg grad av medkjensle som peika seg ut som ein risikofaktor.

– At vi fann det stikk motsette for menn når det gjeld medkjensle, kan vera interessant å diskutere, seier Ormstad.

Forskarane fann i tillegg ei kopling til auka risiko for einsemd hos mennene som hadde høg grad av nevrotisisme. Nevrotisisme er eit personlegdomstrekk som er kjenneteikna av mykje negative tankar og kjensler, svingingar i humør og mykje frykt.

– At nevrotiske menn i større grad kan bli einsame enn andre menn, er i samsvar med tidlegare forskingsfunn, seier Ormstad.

Menn med mindre sosial kontakt

Vidare viste det seg at menn som hadde låg grad av ansvarsmedvit, også var sterkare representerte blant dei som blei einsame. Ansvarsmedvitne personar er pliktoppfyllande, samvitsfulle og pålitelege.

– Det kan vera fleire moglege forklaringar på funna som gjeld menn. For det første kan trekk ved personlegdomen verke inn på evna vår til å inngå eller halde oppe venskap, familieforhold eller fungerande sosiale nettverk. Det kan kanskje tenkjast at menn som er mindre ansvarsmedvitne eller meir nevrotiske, har mindre sosial kontakt. Dei evnar i mindre grad å etablere og halde oppe venskap og sosiale relasjonar.

– Menn med dei utslagsgjevande personlegdomstrekka bør vera spesielt opptekne av å halde ved like venskap og sosiale kontaktar når dei blir eldre. Og truleg vil dette vera spesielt viktig å tenkje på ved pensjonsalder, seier Ormstad.

Førebygging av einsemd

Professoren meiner forskingsfunna kan vera nyttige for å utvikle strategiar for å forhindre einsemd i eldre år.

– Vi skal vera varsame med å koma med tilrådingar og råd baserte på ein enkelt forskingsstudie. Det trengst meir forsking på samanhengen mellom personlegdomstrekk og einsemd blant eldre. Men når det er sagt, så er det interessant å reflektere rundt korleis ein kan forstå funna og korleis ein eventuelt kan omsyn til dei, seier Ormstad.

Personlegdomen vår består av relativt stabile trekk som det er vanskeleg å endre. Men når vi veit at visse personlegdomstrekk heng saman med einsemd seinare i livet, blir det mogeleg å utvikle strategiar for å redusere risikoen, meiner Ormstad.

Referanse:

Heidi Ormstad mfl: Personality traits and the risk of becoming lonely in old age: A 5-year follow-up study. Health and Quality of Life Outcomes, 2020. (Samandrag). Doi.org/10.1186/s12955-020-01303-5

Personlegdomsdrag og einsemd hos eldre

Målet med studien var å undersøkje i kva grad personlegdomstrekk er assosierte med risikoen for å bli einsam, hos kvinner og menn i alderen 60-79 år. Forskinga baserer seg på data frå den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

  • Resultata frå studien tyder på at for kvinner kan høg grad av medmenneskelegheit gje høgare risiko for å bli einsam i eldre år.

Medmenneskelegheit er kopla til personlegdomstrekk som kjem til utrykk gjennom åtferd som blir opplevd som snill, sympatisk, samarbeidsvillig, varm og omsynsfull.

  • For menn derimot, tyder resultata på at låg grad av medmenneskelegheit kan gje høgare risiko for å bli einsam i eldre år. I tillegg kan høg grad av nevrotisisme og låg grad av ansvarsbevisstheit gje eldre menn auka risiko for å bli einsame.

Nevrotisisme er eit trekk ved personlegdomen som er kjenneteikna av mykje negative tankar og kjensler, svingingar i humør og mykje frykt.

Ansvarsbevisstheit er eit personlegdomstrekk som er kjenneteikna ved pliktoppfyllande, samvitsfull og påliteleg åtferd.

Powered by Labrador CMS