Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Frykta for langsiktige skader på barnet dersom mor brukar migrenemedisin under svangerskapet er antakeleg ugrunna.

Medisin mot akutte migreneanfall fører ikkje til åtferdsvanskar når barnet veks til

Forskarane undersøkte bruken av den vanlegaste migrenemedisinen under svangerskapet og fann ingen auke i åtferdsvanskar eller ADHD hos barna.

Rundt 15 prosent av norske kvinner er plaga av migrene. Akutte migreneanfall kan behandlast med legemiddel. Dei vanlegaste og meste effektive er ei gruppe legemiddel som heiter triptanar.

Som for mange andre legemiddel er det gjort lite forsking på kva risiko barnet vert utsett for dersom mor brukar triptanar under svangerskapet.

Det har Gerd Marie Eskerud Harris gjort noko med, i arbeidet med doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Mange slike studiar ser på skader som oppstår under svangerskapet og som kan observerast når barnet er født, som til dømes misdanningar. Vi ville undersøkja om triptanbruk kan påverka nevroutviklinga hjå barnet på lenger sikt, fortel Harris.

– Mange gravide får færre og lettare migreneanfall under svangerskapet, eller dei forsvinn heilt. fortel Gerd Marie Eskerud Harris.

Frykt for skader antakeleg ugrunna

– Triptanar verkar ved å påverka signalstoffet serotonin, som òg spelar ein rolle i utviklinga av hjernen til barnet. Vi såg derfor på om barn av mødrer som brukte triptanar, hadde større risiko for å utvikla åtferdsvanskar, ADHD, kommunikasjonsvanskar og liknande.

To tredjedelar av kvinnene som brukte triptanar før dei vart gravide og som rapporterte om høg hovudpineintensitet under svangerskapet, går over til paracetamol eller andre smertestillande under svangerskapet.

Ytterlegare 20 prosent tek ikkje medisinar mot migrene i det heile.

– Vi fryktar at dette kan bety at ein del gravide går med ubehandla eller underbehandla migrene av frykt for skader på fosteret. Men om mor går med ubehandla migrene, er ikkje det heller bra for barnet, seier Harris.

No viser forskinga hennar at frykta for langsiktige skader på barnet antakeleg er ugrunna.

Eit bilete som ligg nærare verkelegheita

Forskarane har kombinert data frå fleire ulike helseundersøkingar og register, som MoBa-undersøkinga, Reseptregisteret og Pasientregisteret.

– Vi har sett etter teikn til negativ nevroutvikling når barna har blitt fem år, men ikkje funne nokon slike utslag i barn av mødrer som har brukt triptanar, forklarar Harris.

– Vi fant heller ingen auka risiko for ADHD-diagnose når vi fylgde barna lenger. I snitt fylgde vi dei til dei var elleve år gamle.

I MoBa-undersøkinga er det mor sjølv som rapporterer om medisinbruken sin. Desse opplysningane heldt dei saman med data frå Reseptregisteret, men Harris fortel at dei reknar at opplysningane frå MoBa gjev eit bilete som ligg nærare verkelegheita.

Tek atterhald om datagrunnlaget

– Ved eigenrapportering er det jo ein risiko for at deltakaren hugsar feil. Men Reseptregisteret fortel oss berre at mor har henta ut legemiddelet, ikkje om korleis ho har brukt det, forklarar Harris.

– Sidan triptanar vert brukt mot akutte migreneanfall, er bruken variabel og uføreseieleg. Faktisk er det slik at mange gravide får færre og lettare migreneanfall, eller dei forsvinn heilt. Så sjølv om mora har henta ut medisinar, er det ikkje sikkert at ho har hatt bruk for dei.

Sjølv om funna deira er lovande, tek Harris eit lite atterhald om datagrunnlaget dei har brukt.

Treng kanskje ikkje vera like forsiktig

– Det er relativt stort fråfall i MoBa, og vi kan ikkje sjå bort frå at fråfallet kan vera større hjå mødrer av barn med vanskar. I tillegg er både triptanbruk i svangerskapet og dei uynskte utfalla sjeldne. Framtidige studiar bør i større grad kombinera data frå ulike land.

Ho understrekar at retningslinjene for behandling av migrene under svangerskapet, som tilrår paracetamol som fyrste alternativ, fortsatt bør fylgjast.

– Det er gjort mykje meir forsking på paracetamol, så der har vi meir kunnskap. Men dersom paracetamol ikkje verkar godt nok, treng ein kanskje ikkje vera like forsiktig med å gå over til triptanar, seier Harris.

– Uansett bør all bruk av legemiddel under svangerskapet skje i samråd med lege, seier ho.

Referanser:

Gerd-Marie Eskerud Harris mfl.: Association of Maternal Use of Triptans During Pregnancy With Risk of Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Offspring. JAMA Network Open, 2022. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2022.15333

Gerd-Marie Eskerud Harris mfl.: Modeling exposures of medications used episodically during pregnancy: Triptans as a motivating example. Pharmacoepidemiology and Drug Safety, 2020. Doi.org/10.1002/pds.5089

Gerd-Marie Eskerud Harris mfl.: Prenatal triptan exposure and neurodevelopmental outcomes in 5-year-old children: Follow-up from the Norwegian Mother and Child Cohort Study. Paediatric and Perinatal Epidemiology, 2018. Doi.org/10.1111/ppe.12461

Gerd-Marie Eskerud Harris mfl.: Patterns and predictors of analgesic use in pregnancy: a longitudinal drug utilization study with special focus on women with migraine. BMC Pregnancy and Childbirth, 2017. Doi.org/10.1186/s12884-017-1399-0

Powered by Labrador CMS