Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det er gjort veldig få studiar på bruk av legale, smertestillande legemiddel hjå gravide.

Gravide bør vera varsame med langvarig bruk av sterke smertestillande

Forskarane veit ikkje endå om det er legemiddelbruken til mora eller andre forhold som gjev auka risiko for ADHD hjå barnet.

Mange gravide bekymrar seg for om legemiddelbruken deira kan påverka det ufødde barnet dei ber på. Men tilstandar som krev behandling, vert ikkje borte under svangerskapet, i mange tilfelle snarare tvert imot.

Likevel vert gravide råda til å vera forsiktige med ein del legemiddel – ikkje fordi vi veit at dei fører med seg auka risiko for skader på barnet, men rett og slett fordi vi ikkje har nok kunnskap om kor vidt legemidla kan vera skadelege eller ikkje.

Opioid er sterke smertestillande legemiddel og eit døme på slike legemiddel. Forskar Johanne Naper Trønnes ved Farmasøytisk Institutt på Universitetet i Oslo har sett nærare på bruken av legale opioider hjå gravide.

– Når i svangerskapet opioidbruken skjer, ser ikkje ut til å ha noko å seia, seier Johanne Naper Trønnes.

Illegale opioid og risiko for ADHD

Det vanlegaste og antakeleg mest kjende, er Paralgin Forte, ein kombinasjon av opioidet kodein og paracetamol.

– Det vanlege er at ein startar smertebehandling med andre legemiddel, som paracetamol åleine. Men er smertene akutte og moderate til sterke, kan det vera nødvendig med sterkare saker, som opioid, seier Trønnes.

Tidlegare studiar av illegale opioid har vist ein samanheng der bruken til mora fører til auka risiko for at barnet utviklar ADHD.

Få studiar på legale opioid

Men funna som gjeld dei illegale opioida, gjeld ikkje automatisk dei smertestillande legemidla. Dei som brukar illegale opioid, har gjerne ein utfordrande livssituasjon i tillegg, med mellom anna uregelmessig livsførsel, høg alkoholbruk, røyking og så vidare.

– Det er gjort veldig få studiar på bruk av legale, smertestillande opioid hjå gravide, seier Trønnes og legg til at studien deira heller ikkje har dei endelege svara. Men nokon funn har dei gjort.

Med utgangspunkt i den store MoBa-undersøkinga og opplysningar frå andre helseregister har dei undersøkt samanhengen mellom den eigenrapporterte bruken av opioid til mora og utvikling av ADHD.

Unngå vedvarande bruk

– I tillegg til å sjå på ADHD-diagnosar har vi òg sett på ADHD-symptom hjå barn i førskolealder. For å få ein ADHD-diagnose må ein over ein terskel av alvorlegheitsgrad, forklarar Trønnes.

– Men nokre barn kan ha symptom utan at dei har overstige denne terskelen. Derfor er det viktig å undersøkja dette òg. Dette kan vera symptom som konsentrasjonsvanskar og hyperaktivitet.

– Når i svangerskapet opioidbruken skjer, ser ikkje ut til å ha noko å seia. Det var eit gledeleg funn, seier Trønnes.

Ho legg til at ein likevel bør unngå høgt og vedvarande bruk i svangerskapet, slik dagens retningslinjer seier. I siste del av svangerskapet kan slik bruk gje barnet abstinenssymptom etter fødselen.

Andre faktorar kan spela inn

– Blant barn som hadde vore eksponert i fem veker eller meir, fann vi litt auka risiko for ADHD-diagnose, når vi samanlikna med barn som hadde vore eksponert i fire veker eller mindre.

Då skulle ein kanskje tru at det er varigheita av eksponeringa som er det avgjerande. Men Trønnes understrekar at det trengst fleire studiar for å stadfesta funna deira.

– Mødrene har rapportert når i graviditeten dei har brukt smertestillande opioid, seier ho.

– Men vi har dessverre ikkje informasjon om akkurat kor mykje dei har brukt. Vi kan derfor ikkje sjå bort frå at det er andre faktorar som spelar inn.

Samråd med behandlande lege

Som andre studiar som baserer seg på MoBa, er styrken den store mengda data denne studien baserer seg på: opplysningar frå meir enn 60.000 mødrer og barna deira.

Trønnes seier at ho ikkje ynskjer å gjera mødrer urolege.

– Det vi seier, er at ein bør vera varsam med langvarig bruk av sterke smertestillande. Men for mange legemiddel gjeld det at det er fordelar og ulemper med bruken.

– Bruk av smertestillande opioid må uansett alltid gjerast individuelt i samråd med behandlande lege. Det omfattar òg varigheita.

Referanse:

Johanne Naper Trønnes mfl.: Association of Timing and Duration of Prenatal Analgesic Opioid Exposure With Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder in Children. JAMA Network Open, 2021. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2021.24324

Powered by Labrador CMS