Denne artikkelen er produsert og finansiert av Artsdatabanken - les mer.

Stikkvepser er rovdyr, men vaksne vepsar er også glad i blomsternektar. Fordi mange av vepsane har stor kropp som er dekt av mikrohår fungerer dei godt som pollinatorar av planter. Her har ein veggmurarveps. (Foto: Arnstein Staverløkk/ Norsk institutt for naturforskning, CC BY-SA 4.0).

Stikkeveps er nyttigare enn du trur

BAKGRUNN: Dei færraste veit er at vepsar som stikk er viktige for at du skal kunne ete eple og morell om hausten. Dei sørger også for å holde bestandar av fluger og skadedyr i hagen nede.

Sommaren er over oss, det surrar og summar rundt øyro, og kravlar og kryp om beina.

Kanskje kjem det som ei overrasking på mange, men truleg er mykje av det som svirrar og svermar rundt deg om dagen, ei eller anna form for veps. For med 4100 påviste artar, og kanskje like mange framleis uoppdaga, er vepsar den mest artsrike insektordenen me har. Og det er med god margin. Og ikkje berre det – variasjonen i storleik, utsjånad, levevis og økologisk funksjon i denne gruppa er enorm.

I familien stikkevepsar eller vespidae derimot, er det 42 artar i Noreg – og berre tolv av desse utgjer dei artane dei fleste av oss tenkjer på som veps.

No har førsteamanuensis Frode Ødegaard ved NTNU Vitenskapsmuseet laga ein oversikt over vepsar i Noreg på Arter på nett, ei informasjonsteneste på heimesida til Artsdatabanken.

Viktige pollinatorar

Dei siste åra har ein fått auga opp for at stikkeveps gjer ein viktig jobb som pollinatorar av planter. Det er eit forhold som tidlegare gjekk under radaren fordi ein tenkte på desse insekta som rovdyr.

– Stikkeveps har ei viktig rolle i økosystema, og er direkte nyttige for oss menneske, seier Ødegaard.

Fordi dei er rovdyr, bidreg dei til å få ned bestanden av til dømes fluger, og dei hjelper til med å regulere mengda potensielle skadedyr i hagane våre og i landbruket.

Ødegaard seier vidare at dei som er glade i frukt bør glede seg over stikkevepsane.

– Dei gjer ein formidabel innsats med pollinering tidleg om våren når dronningane, som nett har kome fram frå vinterkvarteret, ivrige freistar å få i seg næring i form av nektar. Dette skjer samtidig som frukttrea blømer for fullt, og det kan ofte vere vel så mange stikkeveps som bier og humler i sånne frukttre, fortel Ødegaard.

Vepsenes livssyklus

Som all stikkevepsar har dei sosiale stikkevepsane ein livssyklus som varar eitt år.

Om våren kravlar den befrukta dronninga fram frå overvintringsstaden og begynner straks å leite etter ein eigna stad å byggje eit bol. Ho begynner i det små, med eit lite bol og nokre få yngleceller der ho legg egg. Etter kvart som larvene blir klekt og blir til arbeidarar som kan hjelpe til, veks bola vesentleg i storleik.

Utover sommaren vert det også født nye dronningar og dronar. Når hausten kjem døyr alle arbeidarane i bolet, mens dronane og dronningane parar seg. Deretter døyr dronane, mens dei befrukta dronningane finn seg stader å overvintre – klar til å starte på nytt til våren.

  • På biletet har ei dronning av arten norskveps starta bygginga av eit nytt bol. Norskveps finns over heile landet, men han er mest vanleg i skogsområder opp mot fjellet. Arten held også til over tregrensa. (Foto: Arnstein Staverløkk/ Norsk institutt for naturforskning, CC BY-SA 4.0)

Eit litt belastande namn

Stikkevepsfamilien har eit namn som er treffande, sida alle medlemene av denne familien har stikkebrodd. Men kvifor stikk dei?

– Nokre artar av stikkeveps har faktisk tilbakedanna stikkebrodd og dei kan derfor ikkje stikke. Andre har brodd tilpassa paralysering av byttedyr. Men hos fleire artar sosiale stikkeveps kan brodden i tillegg ha ein forsvarsfunksjon, seier Ødegaard.

Dei sosiale stikkevepsane byggjer bol, og då er det nyttig med stikkebrodd til forsvar. Murarveps og papirveps, dei to andre underfamiliane av stikkeveps, utgjer til saman 30 artar. I desse underfamiliane gjer ein langt mindre ut av seg og vekkjer oppsikt berre i den grad ein blir forveksla med sine stikkande slektningar, noko som av og til skjer.

«Mitt hus er mi borg»

Sosiale stikkeveps er ganske allstadnærverande der me menneske lever og ferdast. Som namnet tilseier, lever sosiale stikkeveps i samfunn av familiegrupper, der ein finn fertile hoer som blir kalla dronningar, fertile hannar som blir kalla dronar og ikkje minst sterile hoer som har rolla som arbeidarar. Sistnemnde gruppe utgjer det store fleirtalet av individa i eit vepsebol.

– Eit vepsebol kan huse veldig mange veps når det er på sitt største på seinsommaren. Kor mange, avheng av art. Jordveps kan nokre år opptre i store mengder og ha bol med fleire tusen arbeidarar, fortel Ødegaard.

Dei sosiale stikkevepsane er predatorar og fangar eit rikt utval av mindre insekt.

– Dei unnser seg heller ikkje frå å skjere seg eit stykke kjøt frå middagen din om den skulle falle i smak. Denne kraftkosten tek dei med tilbake til bolet og gir til larvene, som må ha protein medan dei veks. Sjølv et dei vaksne mest nektar frå blomar – og så likar dei, som mange veit, søte drikker og syltetøy frå vårt bord, seier Ødegaard.

Vepsen tek gjerne med seg kjøttmat for å gje det til larvene som treng proteinar. (Foto: Åslaug Viken, CC BY 4.0).

Fredelege murarar

Ein fredeleg og tilbaketrekt livsførsel kjenneteiknar artane i underfamilien murarvepsar. Så sjølv om det er dobbelt så mange artar murarvepsar som sosiale stikkevepsar i Noreg, er dei for oss menneske ei mykje meir anonym gruppe enn dei freidige sosiale slektningane sine.

– Murarvepsane har fått namnet sitt fordi hoa murar eit reir med vernande veggar og yngleceller av leire eller sand blanda med spytt. Dei fleste artane i denne gruppa er solitære – det vil seie at kvar enkelt hoe lever for seg sjølv og fostrar opp sine eigne larver. Samstundes ser ein hos nokre av artane ein grad av enkel sosial organisering, ved at fleire hoer samarbeider om å byggje reir og mate larver, fortel Ødegaard.

På same måte som dei sosiale stikkevepsane, jaktar murarvepsane på mindre insekt.

– Dei er likevel meir kresne i matvalet enn slektningane sine, og føretrekkjer sommarfugl- og billelarver. Byttedyra, som blir paralyserte av vepsen sitt stikk, blir lagt inn i yngelcella. Dermed har vepselarvene alltid ferskmat tilgjengeleg når dei veks til, seier Ødegaard.

Håret krukkeveps lagar ofte reir i sprekker mellom steinar eller liknande. Reiret vert mura av leire og toppen minner om ei krukke, noko som har gitt namn til slekta krukkevepsar. Opninga på "krukka" er cirka fem millimeter. (Foto: Kjell Magne Olsen, BioFokus, CC BY-SA 4.0)

Einsam nordbuar

Den tredje underfamilien av stikkevepsar me har i Noreg, er papirvepsane. Dette er ein særs artsrik underfamilie i tropiske strøk. Her oppe i nord har me derimot berre ein einaste art som klamrar seg fast som ei einsleg svale.

– Papirvepsane er sosiale. Men dei har ei enklare organisering av samfunna sine enn sosiale stikkeveps, og dei har heller ikkje arbeidarar. Det heile startar med at fleire systrer går saman om å byggje eit bol. Systrene har eit hierarki imellom seg, og den mest dominante fungerer som dronning utan at ho skil seg frå dei andre i utsjåande, avsluttar Ødegaard.

Veps som snyltar på andre

Av dei 12 artane med sosiale stikkevepsar me har i Noreg, er tre såkalla sosialparasittar, eller gaukvepsar. Desse artane byggjer ikkje bol sjølve, men overtek bolet til ein annan art sosiale stikkeveps. Dette skjer ved at ei gaukvepsdronning trengjer seg inn i bolet, og drep eller jagar vekk dronninga som høyrer til der. Deretter legg ho eigne egg i ynglecellene og manipulerer arbeidarane slik at dei hjelper henne å fostre opp eigne avkom. Gaukvepsane er – ikkje uventa – spesielt godt bygt for nærkamp, med breiare hovud og kraftigare kjevar.

  • Biletet viser ein skoggaukveps, som er ein sosialparasitt på skogveps. Arten liknar på verten sin, men har to kraftige tenner langs framkanten på munnskjoldet, eit trekk som er typisk for gaukvepsar. (Foto: Arnstein Staverløkk/ Norsk institutt for naturforskning, CC BY-SA 4.0).
Powered by Labrador CMS