Sjølv om staten blei frikjent for brot på miljøparagrafen i Grunnlova, forventar forskar likevel fleire klimasøksmål i framtida. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Forskar forventar fleire klimasøksmål
– Slike søksmål har vunne fram i andre land, seier forskar. Ho meiner me kan vente oss fleire slike søksmål i Noreg.
4. januar blei den norske stat frikjent for brot på miljøparagrafen i Grunnlova, etter at Greenpeace og Natur og Ungdom hausten 2016 saksøkte staten i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet.
Sjølv om dette er første gong miljøparagrafen i den norske grunnlova blir prøvd for retten, er ikkje saka unik i verdssamanheng. Talet på slike søksmål aukar, og me kan definitivt vente oss fleire i åra som kjem, seier Esmeralda Colombo som forskar på klimasøksmål ved Det juridiske fakultet ved UiB.
– Det sivile samfunnet i Noreg er i aukande grad uroa over at den nasjonale klimapolitikken ikkje følgjer ambisjonane landet forplikta seg til gjennom Parisavtalen. Sidan desse no er nedfelt i Klimalova, kan fleire søksmål spørje om korleis konkrete planar, prosjekt og/eller politikk går saman med slike nasjonale løfter.
– Eg forventar også fleire søksmål som ber om konsekvensutgreiingar av klimaendringar, når slike vurderingar ikkje blir gjennomført i det heile tatt eller ikkje i tilstrekkeleg grad, seier Colombo.
900 klimasøksmål på verdsbasis
Klimasøksmål dukka opp på slutten av åttitalet - starten av nittitalet, men har auka vesentleg på 2000-talet og i løpet av dei siste sju åra. På verdsbasis er talet no oppe i nesten 900 søksmål.
– Ikkje berre stig talet på klimasøksmål, men dei som reiser søksmålet har nyleg begynt å bruke internasjonalt lovverk for å støtte krava sine i dei nasjonale domstolane. Dette har tidlegare skjedd innan ulike felt, som menneskerettar og miljørett, seier Colombo.
Colombo fortel at ein kan dele inn klimasøksmål i tre grupper. Førstegenerasjons klimasøksmål er den typen søksmål som Greenpeace Norden og Natur og Ungdom tok ut mot staten i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet.
Desse er retta mot myndigheiter og andre utøvande organ, med mål om å redusere klimagassutslepp og/eller få dei til å legge planar for å tilpasse seg klimaendringane.
– Dette kan vere strategiske søksmål mot konkrete prosjekt eller tillatingar eller politisk-baserte søksmål mot klimapolitikk. Den norske saka høyrer til gruppa av strategiske søksmål, men kan ha konsekvensar for klimapolitikken, seier Colombo.
Andregenerasjons klimasøksmål er gjerne retta mot store selskap, der kjernen i søksmålet er at dei har kjent til konsekvensane av klimagassutslepp, men villeia og konspirerte mot borgarane og forårsaka økonomiske tap.
Tredjegenerasjons klimasøksmål rettar seg også mot skadar forårsaka av klimaendringar, men dei styrer unna skuldingar om villeiande handlingar, og vert gjerne fremme av små aktørar, til dømes enkeltpersonar. Folkerett, altså dei reglane statar har blitt enige om skal gjelde internasjonalt, kan spele inn i alle typar klimasøksmål.
– Eg tvilar på at me vil få andregenerasjons klimasøksmål i Noreg. Men sjansane er definitivt til stades for tredjegenerasjons søksmål. Desse kan komme frå bønder i Vest-Noreg som ikkje får dekt tap som følgje av kraftig nedbør gjennom forsikring. Eller det kan komme frå aksjonærar i fond, også pensjonskasser, som hevdar at fondet sine investeringar i karbonintensive aktivitetar gjer skade med andelen deira, seier Colombo.
Innan feltet Colombo forskar på, søksmål der folkerett speler ei viktig rolle, har fem slike søksmål vunne fram. Tre av dei vert rekna som fulle sigrar og to som førebels sigrar.
Dei tre første er Urgenda-saka i Nederland, Leghari-saka frå Pakistan og Earthlife-saka frå Sør Afrika. Dei to søksmåla som førebels har vunne fram, er Juliana v. United States i USA og Lliuya v. RWE AG i Tyskland.
Kva konsekvensar slike søksmål kan få, er avhengig av type søksmål, seier Colombo.
– Dei kan stoppe konkrete prosjekt, til dømes bygginga av kolkraftverk eller i det minste krevje at konsekvensar for klimaet blir tatt med i vurderinga når ei slik ein skal gi løyve til å bygge, som i Earthlife-saka frå Sør Afrika. Her har ikkje myndigheitene anka dommen, og dei greier no ut risikoen for klimaendringar ved utbygginga av eit kolkraftverk, før dei gir løyve.
– Søksmåla kan også påverke måla for reduksjon av utslepp, som tilfellet var i Nederland. Urgenda-saka blir anka, men den nederlandske regjeringa har sett i gong med å gjennomføre den rettslege avgjersla om å auke innsatsen for å redusere utsleppa av klimagassar frå 17 prosent til 25 prosent innan 2020, samanlikna med 1990.
Dommarar kan også pålegge myndigheiter å raskare regulere utslepp, som i USA-saka, å handheve allereie eksisterande regelverk, som i Pakistan-saka, eller pålegge private selskap å dekke eit økonomisk tap, som i saka frå Tyskland.
– Uansett, fører som oftast klimasøksmål til ein offentleg debatt som kan vere nyttig. Slike rettssaker syner fram konkrete problem, som gjer at ein lettare kan forstå det underliggande problemet og reflektere over dei moglege løysingane.
– Men søksmål kostar, både for menneske og i eit økonomisk perspektiv. Dei er difor ikkje den einaste strategien ein bør bruke for å takle klimaendringar, men bør heller komme i tillegg til anna innsats, seier Colombo.