- Hjernekreften glioblastom er den vanlegaste og mest alvorlege kreften i hjernen hos vaksne, og rammar om lag 300 personar i Noreg per år. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Forskeren forteller: Gamalt legemiddel hemmar hjernekreft

Ein gamal medisin kan auke effekten av strålebehandling på hjernekreft.

Fakta om hjernekreft

Hjernekreften glioblastom er den vanlegaste og mest alvorlege kreften i hjernen hos vaksne, og rammar om lag 300 personar i Noreg per år.

Trass i eit intensivt behandlingsopplegg, oftast beståande av operasjon og deretter ein kombinasjon av stråling og cellegift, er prognosen for denne kreftforma dårleg.

Forskeren forteller

Denne spalten gir plass til forskere, fagfolk og studenter som med egne ord forteller om sin og andres forskning. Vil du skrive? Ta kontakt på epost@forskning.no

Vi veit at stråling er ei effektiv behandlingsform for mange krefttypar. Problemet med hjernekreft er at desse cellene ofte er motstandsdyktige mot stråling.

Ei anna utfordring er at stråling også kan skade normalt vev, og i hjernen er dette ekstra utfordrande sidan ein risikerer å skade viktige funksjonar som for eksempel språk og rørsle. Derfor er det berre ein viss dose stråling som kan bli gitt.

Antioksidantar hjelper hjernekreftceller å stå imot stråling

Mykje av skaden som blir påført kreftceller når dei vert strålt skjer via såkalla frie oksygenradikalar, desse skadar kreftcellenes DNA. Effekten av strålebehandlinga er avhengig av fleire faktorar, for eksempel nivået av antioksidantar i cellene.  Slike frie oksygenradikalar kan nemleg «nøytraliserast» ved hjelp av antioksidantar.

I normale celler er antioksidantar med på å beskytte mot stress, og hindrar blant anna at det skjer skadar i DNAet. I kreftcellene blir antioksidantane utnytta til å sikre overleving av unormale celler, og høgare nivå av antioksidantar i desse cellene er derfor med på å gjere dei motstandsdyktige mot behandling.

Vi har sett at i hjernekreftceller er nivåa av antioksidantar ofte auka, og dette kan vere litt av årsaka til at desse cellene er så motstandsdyktige mot stråling. Vår teori var derfor at dersom vi klarte å få redusert mengda antioksidantar ville strålinga vere meir effektiv.

Gamal medisin gav betre effekt av stråling

Midt på 2000-talet kom det fleire artiklar som rapporterte at medikamentet Sulfasalazine kunne bremse veksten av hjernekreftceller. Sulfasalazine hemmar nemleg produksjonen av antioksidantar. Denne medisinen har vore i bruk i mange tiår for betennelsessjukdommar i tarmen og for leddgikt.

Celler som blei behandla med Sulfasalazine i laboratoriet fekk mindre mengder antioksidantar. Dette gjorde igjen til at fleire hjernekreftceller døydde.

Vidare var ein av teoriane våre at når vi fekk nedgang i antioksidantnivået skulle vi også få betre effekt av stråling. Dette er som nemnt fordi antioksidantane hjelper kreftcellene å overleve etter at dei vert strålt, og høge nivå av antioksidantar i kreftcellene reduserer effekten av strålebehandlinga.

I celler som både blei behandla med Sulfasalazine og deretter stråling hadde vi meir celledød enn i ubehandla celler, men også meir enn i celler som anten berre hadde fått Sulfasalazine eller berre stråling.

Nytten av gamle medisinar

Å finne ny bruk for gamle medisinar, såkalla drug repurposing, er eit felt i stor vekst. Generelt sett er det å finne nye og effektive behandlingsmåtar for kreft ein tidkrevjande og kostbar prosess, og det tek gjerne meir enn ti år frå ein klarer å vise eit lovande resultat i laboratoriet til ein har eit medikament som kan brukast av pasientar.

Ved å nytte gamle medisinar har ein fleire fordelar; det grunnleggjande laboratoriearbeidet med framstilling av medikamentet er gjort, og det er allereie grundig testa i kliniske utprøvingar. Dette forkortar den såkalla prekliniske fasen, det vil seie mengda laboratorie- og dyrestudiar som må gjennomførast.

Sjølv om medikamentet må gjennom nye kliniske utprøvingar dersom det skal nyttast mot ein ny sjukdom, i dette høvet kreft, er det også sannsynleg at eventuelle biverknader som oppstår vil likne på dei ein har sett i tidlegare utprøvingar med medikamentet. Samla sett betyr dette at det vil vere eit mykje kortare tidsperspektiv på å få eit gamalt legemiddel inn i klinisk bruk samanlikna med å utvikle eit nytt.

Forlenga overleving hos forsøksrotter

På bakgrunn av dei gode resultata med celler i laboratoriet, prøvde vi vidare medisinen på rotter med hjernekreft. Rottene vart behandla med Sulfasalazine i tre dagar før dei fekk stråling til tumoren i hjernen. Resultatet frå dette studiet var at rotter som fekk ein kombinasjon av Sulfasalazine og stråling levde lenger enn rotter som ikkje hadde fått behandling, men også lenger enn rotter som berre hadde fått Sulfasalazine eller berre stråling.

Frå dette studiet har vi vist at Sulfasalazine har potensiale til å auke effekten av strålebehandling, og verkar såleis lovande som eit medikament som gjer hjernekreftceller meir mottakelege for stråling.

På bakgrunn av dei lovande resultata vi har sett både i laboratoriet og i dyrestudiane våre, planlegg vi no ei klinisk utprøving der Sulfasalazine skal brukast for å prøve å auke effekten av strålebehandling på pasientar med hjernekreft.

Denne teksten vart fyrst publisert i Fotnoten.

Powered by Labrador CMS