I Volda skal ein no sjå både mot nord og sør for å finna ut av strukturspørsmålet. Ein skal også greia ut moglegheita for å halda fram som sjølvstendig høgskule. (Foto: Høgskulen i Volda)

Volda vil greia ut fusjon med Molde og Bergen

Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke at ein skal avklara om det er grunnlag for fusjon – særleg med Høgskolen i Molde og Universitetet i Bergen.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– I praksis betyr det at me må ta kontakt med Molde og Universitetet i Bergen (UiB) for å avklara om det er grunnlag for å fusjonera, seier direktør ved Høgskulen i Volda (HVO) Jacob Kjøde.

Førre torsdag vart strategiplanen for dei fire neste åra vedteke ved HVO.

Under punktet om HVO sin rolle i den nye universitets- og høgskulelandskapet vart planen vedteken med ordlyden: «HVO skal arbeide for å avklare om det er grunnlag for å fusjonere med andre institusjonar»

Sjølvstende eller fusjon

Direktør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde. (Foto: Foto: Johan Roppen)

Det vart lagt til eit punkt i handlingsplanen, kor det står at ein skal greia ut moglegheita for å halda fram som ein mindre, «veldig skarpt profilert» høgskule, eller om ein skal inngå eit forpliktande samarbeid med andre institusjonar, då særleg UiB og HiMolde.

Kjøde seier administrasjonen no må laga ein framdriftsplan for korleis ein skal går fram i strukturspørsmålet.

– Styret ønska ei tilbakemelding om utgreiinga seinast på styremøtet i april, seier Kjøde.

Kjøde seier administrasjonen no må laga ein framdriftsplan for korleis ein skal går fram i strukturspørsmålet.

– Styret ønska ei tilbakemelding om utgreiinga seinast på styremøtet i april, seier Kjøde.

Ønska å stryka Molde

Eksternt styremedlem og professor ved UiB, Endre Brunstad, fremma forslag om at ein berre skulle avklara fusjon med UiB, men forslaget fall mot to røyster.

– Eg var klar over at det ikkje ville få fleirtal, fordi det stod i mot eit framlegg om ei vurdering av fusjon med både UiB og HiMolde. Når styret skal ta eit standpunkt i saka, ønsker ein å ha båe alternativa utgreidd, og med meir fakta på bordet. 

Han trur likevel at fleire i styret vil vere einige i at UiB er mest aktuell dersom ein reelt skal vurdera fusjon.

– Forslaget mitt synleggjer at synspunktet har vore framme i debatten, og det speglar argument som også har kome fram i høyringsrunden. Mellom anna ved Avdeling humanistiske fag og lærarutdanning, kor dei ikkje ønsker å utgreie fusjon med Molde, seier Brunstad.

– Kan ikkje styrka HVO

Brunstad trur ikkje Høgskulen i Molde kan styrka utdanningstilbodet ved HVO

– Dersom ein skal vurdera sterkare samarbeid, til dømes i form av fusjon, er det slik at det viktigaste for HVO er lærarutdanninga. HiMolde har ikkje lærarutdanning, og grunnlaget for samarbeid på det området er svakt. HiMolde er heller ikkje stor nok til at HVO og HiMolde kan bli universitet om det skal bli aktuelt. Eg ser ikkje at det kan styrka Volda noko, seier Brunstad.

Rektor Johann Roppen understrekar i eit blogginnlegg at Høgskulen framleis har moglegheita til å stå aleine. 

«Vi er ikkje i ein tvangssituasjon korkje politisk eller fagleg. Kva som ligg i å vurdere sjølvstende og dei to fusjonsalternativa vil leiinga og styret kome tilbake til», skriv rektor Roppen etter møtet.

UiB ikkje avvisande

Reketor ved UiB, Dag Rune Olsen har tidlegare sagt at han ikkje er avvisande til mogleg fusjon.

– Det er noko styret må ta stilling til etter ei grundig utgreiing. Men eg har i samtalar med rektor ved Høgskulen i Volda sagt at om dei har behov for alliansepartnarar i form av ein eller annan modell, så vil eg vera lydhøyr til det, sa Olsen til På Høyden.

På styremøtet til HVO i desember vart det klart at ein ikkje ønska å lukka nokon dører, og at ein ville ha ein strategiplan kor ein skulle vera open for å utgreia ulike moglegheiter.

Det var også stemmer som heller ønska ein fusjon mot nord, mellom anna eksternt stydemedlem Terje Heggem.  

– Eg trur Volda treng lokalt politisk engasjement i åra framover for å utvikla seg som høgskule. Eg må seia at eit halvveis ekteskap eller sambuarskap med Bergen ikkje skapar forsterka entusiasme på politisk nivå i fylket vårt, og eg trur ikkje at Bergen eller hordalandspolitikarane står på barrikadane for å kjempa for Volda si eventuelle framtid i forhold til sentrale myndigheiter, sa han under styremøtet i desember.

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS