Havforskningsinstituttet mener det er sannsynlig at lakselus har hatt negativ innvirkning på utvandrende laksesmolt og sjøørret i de fleste undersøkte områdene. (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix)

Bereknar kvar det er mykje lakselus

Forskarar har tetta eit av dei viktigaste kunnskapshòla for å vise kva område som har mykje lakselus. Ein ny studie viser at tilnærminga er treffsikker.

– Formålet med arbeidet har vore å kunne avdekke kva område som har hatt så høgt smittepress at det kan gå utover dei ville bestandane av laks og aure, fortel Anne Sandvik. Ho er forskar ved Havforskingsinstituttet og ein av forskarane bak studien.

Neste ledd i arbeidet er konsentrert om kvar den ville fisken oppheld seg, og i kva grad dette fell saman med dei områda som har hatt høgt smittepress.

Studien vert publisert i tidsskriftet Aquaculture Environment Interaction.

Samanlikna resultat frå modell og feltarbeid

For å berekne kvar lakselusa er, nyttar forskarane ein kombinasjon av mange modellar, blant anna ein som viser korleis vatnet beveger seg i fjordane og langs kysten.

I den nye artikkelen har forskarane først vist at det er godt samsvar mellom observert og berekna mengde lakselus i Hardangerfjorden for åra 2012 til 2015. Vidare har dei utvikla ein metode som fortel i kva område det har vore så mykje lus at ein vill fisk truleg ikkje ville ha overlevd. For å finne ut kor god metoden er, vart han til slutt testa mot observasjonar frå 2015.

– Resultatet viser at det er godt samsvar mellom observert og berekna mengde lakselus i Hardangerfjorden. For 2015 klarte modellen å berekne kvar det var mykje eller lite lakselus i 89 prosent av tilfella, seier Sandvik.

Sandvik presiserer at metoden kjem til å bli testa mot nye observasjonar frå Hardangerfjorden og andre delar av landet i tida framover. Ny kunnskap vil og bli inkludert etter kvart som han blir tilgjengeleg.

Brukar metodar frå vêrvarslinga

– Ser ein på eit satellittbilete som til dømes viser bløming av algar, er det tydeleg at plankton og andre organismar som driv med straumen slik som lakselus, fordeler seg flekkvis og kan variere mykje over korte avstandar på same måte som ein kan sjå nedbør variere ved hjelp av ein radar på Yr.no, fortel Sandvik.

På grunn av likskapen mellom eit nedbørsfelt og eit lusefelt har forskarane nytta metodar som er utvikla for å synleggjere kvaliteten på nedbørsvarsla, til å synleggjere kvaliteten på dei lusemengdene som modellen bereknar.

Treng modellar for å dekke heile kysten

Lakselus på vill laksefisk vert overvaka gjennom eit nasjonalt overvakingsprogram leia av Havforskingsinstituttet. Som ein del av denne overvakinga har Havforskingsinstituttet over fleire år sett ut smolt (unglaks) i små bur i Hardangerfjorden. Etter ei tid vert desse smoltbura tatt opp igjen, og forskarane registrerer kor mykje lus kvar smolt har fått på seg.

I kvart bur er det cirka 30 laksesmolt. Posisjonar der ein i snitt finn meir enn ti lus per fisk, reknast som område med for høgt lusepress. Det er data frå desse smoltbura som er brukt i det nyleg publiserte arbeidet.

I tillegg til undersøkingar med smoltbur blir det fanga vill laksesmolt om våren og sjøaure om sommaren på utvalde stadar langs heile kysten – alt som eit ledd i arbeidet med å finne ut kor mykje lus vill laksefisk får på seg.

– I praksis er det ikkje mogeleg å dekke heile kysten med feltarbeid. Derfor starta vi arbeidet med å utvikle spreiingsmodellen for lakselus, som i år vert brukt aktivt i den nasjonale overvakinga for fyrste gong, seier Sandvik.

At modellen er tatt i bruk til dette formålet, gjer også at kunnskapen aukar, og han blir fortløpande inkludert i arbeidet.

Lusa eter hud frå fisken

Lakselus er ein parasitt som festar seg på laksefisk, slik som laks, sjøaure og røye. Holusa har eggstrengar med fleire hundre egg, og om sommaren når sjøtemperaturen er høg, veks dei fort slik at mengda lus i fjordane og langs kysten stig.

Etter at dei ørsmå luselarvane blir klekte, driv dei rundt med straumen dei første dagane av livet. Når dei vert store nok, må dei finne ein laksefisk å feste seg på før dei døyr av svolt.

På fisken eter lusa hud, og dersom ein fisk får fleire lus på seg, kan han etter kvart få store sår. Då vert fisken meir utsett for infeksjonar og kan i verste fall døy.

Av den ville laksefisken er det laks og sjøaure som er mest utsett for å få lakselus. Villaks er mest utsett om våren når smolten (lakseungar som er mellom eit og to år og har tilpassa seg eit liv i sjøvatn) vandrar ut frå elvane på vegen mot oppvekstområda ute i havet. Sidan det er mest lus i fjordane og langs kysten, er det når smolten sym forbi her at den får lus. For sjøauren er situasjonen annleis, han oppheld seg i fjordane og langs kysten heile året og er dermed utsett for lakselus heile sommarhalvåret.

På grunn av det høge talet på oppdrettsfisk har talet på mogelege vertar for lusa òg auka. I forhold til tida før oppdrettsnæringa kom i gang for fullt, har lusa no omtrent 1000 gongar så mange vertar å velje mellom som tidlegare.

Referanse

Anne Sandvik m.fl: Toward a model-based prediction system for salmon lice infestation pressure. Aquacult Environ Interact, 2016. DOI:10.3354/aei00193

Powered by Labrador CMS