UiO klatrar på rankinga. Martin Toft, Uniforum/UiO

Nytt fra akademia: UiO er nummer to i Norden på universitetsranking

Universitetet i Helsinki er det mest synlege i Norden på nettet. Deretter fylgjer Universitetet i Oslo, ifylgje rankingbyrået Webometrics.

Webometrics

Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Vekting av indikatorar:
Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på nettstaden til universitetet: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Universitetet i Oslo kjem på 68. plass på verdsrankinga frå Webometrics over dei universiteta som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege. Dermed går det opp fem plassar samanlikna med julimålinga. Nett som den gongen blir UiO også no slått av Helsingfors universitet, som kjem på 42. plass på denne rankinga.

Tiande i Europa

Universitetet i Bergen hamnar på ein 140. plass, medan NTNU plasserer seg ti plassar bak, på 150. plass.

I Europa tar Universitetet i Oslo ein tiandeplass, medan Helsingfors universitet kjem heilt oppe på femteplass.

Universitetet i Oslo gjer det betre enn både Københavns Universitet og Lunds universitet i Sverige. Dei klarer likevel å bli mellom dei 100 beste, som nummer 78 og 90. Det gir dei ein 15. plass og 18. plass i Europa.

Karolinska Institutet i Stockholm gjer det vanlegvis best i Norden på målingane til Shanghai Jiao Tong-universitet og til Times Higher Education Supplement (THES). På rankinglista til Webometrics kjem det på 74. plass i Europa som gir dette medisinske universitetet ein 204. plass i verda.

Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet. Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet.

Harvard best i verda

Best i verda på denne rankinga, er Harvard University i USA. På dei neste plassane fylgjer Massachusetts Institute of Technology, Stanford University og Berkeley-universitetet i California.

I Europa er det universiteta i Cambridge og Oxford som tar dei to øvste plassane, men det gir dei likevel berre ein 15. og 16. plass på verdsrankinga.

Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er no som før Swiss Federal Institute of Technology i Zürich (ETH Zürich). Det tar ein 27. plass på verdsrankinga og ein bronseplass i Europa.

I Asia gjer National Taiwan University det best med ein 30. plass på verdsrankinga, medan São Paulo-universitetet gjer det best i Latin-Amerika med ein 34. plass på verdsbasis. Av dei spanskspråklege universiteta er det Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) som gjer det best og blir nummer 56 i verda.

Les resultata av rankingane til Webometrics:

Verdsrankinga

Europa-rankinga

Powered by Labrador CMS