Det er ikkje anna enn luft der, men du kan kjenne ei tredimensjonal form. (Foto: Bristol Interaction and Graphics group, University of Bristol)

Kjenn på 3D-figurar i lause lufta

Du kan ikkje sjå den, men du kan kjenne den. Usynlege 3D-figurar laga av ultralyd kan til dømes hjelpe kirurgen å kjenne på ein svulst, og museumsgjesten å ta på ei teikning.

Britiske forskarar har funne ein metode for å la deg kjenne det usynlege. Ultralyd lagar 3D-formar som du kan ta og føle på med hendene.

I dag vert ultralyd brukt medisinsk til å varme opp musklar eller knuse nyresteinar.  Ein kan òg sjå på hjerte, vev, indre organ, ledd, blodkar og ikkje minst foster ved hjelp av den.

I studien frå University of Bristol har forskarane nytta den same teknologien til haptisk tilbakemelding – det vil seie kommunikasjon ved å røre ved noko.

Tek på hologrammet

– I framtida kan me ta og føle på hologram av objekt som ein elles ikkje kan røre. Me kan mellom anna føle skilnaden på materiale i ein CT-skannar, eller forstå figurar av gjenstandar på museum, seier Ben Long på University of Bristol i ei pressemelding.

På den måten kan kirurgen kjenne på ein svulst. Hologram, virtuell røyndom eller komplekse kontroller er andre moglege måtar å bruke teknologien på.

Studien er publisert i ACM Transactions on Graphics. No vert teknologien vist fram på messa Siggraph Asia i Shenzhen i Kina; ei messe og konferanse om datagrafikk og interaktive teknikkar.

Usynleg på video

Det er ikkje lett å vise fram noko som er usynleg, men forskarane har visualisert metoden på video:

Referanse:

Long, Benjamin m.fl. Rendering volumetric haptic shapes in mid-air using ultrasound, ACM Transactions on Graphics, november 2014, doi: 10.1145/2661229.2661257

Samandrag

Powered by Labrador CMS