Små forsøkspersoner. (Foto: Brigham Young University)

Glad røyst får babyar til å hugse betre

Du skal ikkje vere streng med ein fem månader gamal baby om du ynskjer at ungen skal hugse det som blir sagt og gjort.

Amerikanske forskarar meiner å ha funne at spedbarn best hugsar noko når dei ser det i samanheng med noko positivt.

Forskarane viste fram testbilete og ein person som snakka, og studerte augnerørslene til spedbarna. I tillegg målte dei kor lenge kvar enkelt såg på figurar som vart viste på skjermen.

Personen snakka anten med ei glad, nøytral eller sint røyst. Rett etter desse følelsesladde eksponeringane, viste forskarane fram geometriske former.

Denne studien er den første som stadfester at minnet til fem månadar gamle babyar vert påverka av kjensler i augneblikket.

Studien er publisert i Infant Behavior and Development.

Hugsar også det ubehagelege

Det er likt for menneske at ein hugsar noko som er assosiert med noko behageleg, men òg veldig ubehagelege eller traumatiske opplevingar vert hugsa i spedbarnsalderen, seier Lars Smith. (Foto: Regionsenter for barn og unges psykiske helse)

Lars Smith, professor emeritus ved Psykologisk Institutt på Universitetet i Oslo, seier funna ikkje seier noko radikalt nytt. Men han går ut frå at den tidlege minnemekanismen sjeldan har vore undersøkt så tydeleg som her. Han presiserer at han ikkje har lese artikkelen sjølv.

– Det er likt for menneske at ein hugsar noko som er assosiert med noko behageleg, men òg veldig ubehagelege eller traumatiske opplevingar vert hugsa i spedbarnsalderen, seier Smith.

Han skiljer mellom eksplisitt og implisitt hugs hjå spedbarn. Eksplisitt hugs handlar om at ein hentar fram hendingar og erfaringar, som namn og omgrep. Å hugse implisitt vil seie at ein ikkje er i stand til å gjenkalle akkurat kva ein har lært, men at det opplevde likevel verkar inn på åtferden, slik som ofte er vanleg hjå spedbarn.

– Kontrollerte forsøk har vist at eitt år gamle barn har hugsa noko eitt år fram i tid. Ein reknar med at barn frå treårsalderen har ein kortidshugs tilnærma som hjå vaksne, men at opplevingar frå så tidleg alder likevel vanskeleg vert hugsa seinare i livet. Ein må vere klar over at spedbarn hugsar emosjonelle ting betre enn ubetydelege hendingar, seier Smith.

Barn får forventningar til korleis føresette skal oppføre seg.

– Barna bind tilknytningsstrategiar til omsorgen gjennom oppveksten, dei får ei forventning av korleis omsorgspersonen skal oppføre seg, seier Smith.

Negativt ladd stemme fortrenger

I studien tok forskarane oppfølgjande testar fem minutt etter første runde, og så ein dag seinare hjå barna. I oppfølginga viste skjermen geometriske figurar som var oppstilt side om side. Her fikk barna sjå ein figur dei var kjent med frå førre runde, og ein heilt ny figur.

Forskarane registrerte kor lenge barna såg på figurane. Dei såg også på kor mange gonger barna såg på den nye figuren og på den dei allereie var kjent med. Dei fann at barna best hugsa figurane som dei kunne relatere til ei positiv røyst.

Ross Flom, som er hovudforfattar og professor i psykologi ved Brigham Young University, slår fast at dei positive innverknadene aukar merksemda og spenninga hjå barna. – Ved å styrke desse systema kan vi betre evnene deira til å handsame og moglegvis hugse geometriske mønster, seier han i

Referanse:

Ross Flom m.f., The effects of exposure to dynamic expressions of affect on 5-month-olds’ memory, Infant Behavior and Development, november 2014, doi:10.1016/j.infbeh.2014.09.006.

Samandrag

Powered by Labrador CMS