Kvar ebola-viruset kjem frå, er eitt av spørsmåla som forskarane enno ikkje har eit klart svar på. (Photo: Science Photo Library)

Ebola-gåtene som gjenstår å løyse

Dette er spørsmåla forskarane gjerne vil ha svar på når det gjeld Ebola-viruset.

I samarbeid med NRK

 

Ebola

  • Blødningsfeberen ebola skyldes flere typer ebolavirus innen filoviridae-familien. Viruset har opprinnelse i det sentrale Afrika.
  • Smitten overføres ved direkte kontakt med syke personers blod og andre kroppsvæsker og ved direkte hudkontakt.
  • Symptomer er plutselig høy feber, kraftige magesmerter, hodepine, smerter i muskler, oppkast og diaré. Pasientene blir fort dehydrert. Etter hvert svekkes nyre- og leverfunksjonen, og indre og ytre blødninger oppstår.
  • Inkubasjonstiden er 21 dager.
  • Dødeligheten er høy, mellom 40 og 90 prosent, alt etter hvilket virus den syke er smittet av.
  • Epidemien har krevd 4910 liv, ifølge amerikanske smittevernmyndigheter (CDC). 13 676 er smittet.
  • De vestafrikanske landene Liberia, Sierra Leone og Guinea er hardest rammet.
  • En norsk kvinne ble smittet mens hun jobbet for Leger Uten Grenser i Sierra Leone, men ble erklært frisk etter behandling på Oslo Universitetssykehus.

Kilde: NTB / WHO/ CDC - oppdatert 29.10.2014

Filovirus

Filovirusa er ein familie av trådliknande RNA-virus som kan delast inn hovugrupperne Marburg (oppdaga 1967) og Ebola (oppdaga 1976). I 2013 vart ei tredje hovudgruppe, Cuevavirus, føreslått inkludert i familien. Denne vart oppdaga i ei spansk grotte.

Ebola har igjen fire ulike undergrupper:

  1. Sudan og Zaire
  2. Tai forest
  3. Bundibugyo
  4. Reston

Kjelde: Folkehelseinstituttet og Wikipedia

Sidan 1993 har det vore 19 utbrot av Ebola, heile tre av dei i år. For å kunne stoppe utbrota må ein forstå virusets biologi og korleis ein skal kontrollere det.

Ifølgje Nature er dette dei fem mest presserande spørsmåla som fagfolka ønsker svar på når det gjeld Ebola:

Kvar kjem viruset frå?

Ebola høyrer til ein type virus kalla filovirus (sjå faktaboks). Til den same slekta høyrer ogsåMarburg-viruset, som vart oppdaga då europeiske forskarar vart smitta av importerte apar i 1967. Forskarane klarte den gongen å spore opphavet til Marburgviruset til flaggermus.

Forskarar mistenker at flaggermus også er vert for Ebolaviruset. I eitt av dei første utbrota av Ebola, i 1976, skal dei første seks personane som fekk sjukdommen ha arbeidd i eit fabrikkrom som var kjent for å huse flaggermus.

Men det endelege beviste manglar. Enno har ingen klart å isolere ebolaviruset frå ei flaggermus.

Flaggermus er vert for Marburg-viruset, ein slektning av Ebola-viruset. Men om dei også er vertar for Ebola er enno ikkje bevist. (Foto: Bob Child, NTB Scanpix)

– Fram til ein er sikker på kva som er vertsorganismen, er det vanskeleg å avgrense kontakten med denne arten, fortel virolog John Dye frå US Army Medical Research Institute of Infectious Diseases.

Utbrota av Ebola har skjedd mange ulike stader, og berre enkelte gonger har ein kunne lenke utbrotet tilbake til flaggermus.

– Vi må i praksis leite i heile den tropiske skogen, seier virolog Jonathan Towner som har studert Marburg-viruset i ugandiske flaggermus.

Flaggermus som er infisert av Marburgviruset viser ingen teikn til å vere sjuke, og ser ut til å leve godt med viruset. Slik kan det vere med ebolaviruset også. Kvifor det er slik er ikkje forstått, men det finst hypotesar:

– Ein trur at flaggermus har eit immunsystem som er sterkare aktivert heile tida, og at dei derfor klarar å ha viruset i seg utan å bli sjuke, fortel smittevernekspert Preben Aavitsland i rådgjevings- og forskingsbedrifta Epidemi til NRK.no.

Kor utbreidde er filovirusa?

I 2008 vart det klart at filovirusa ikkje berre finst hos flaggermus og primatar, då det dukka opp eit utbrot av ebolavirus-varianten Reston hos grisar på Filippinane.

Dette var første gong viruset var oppdaga på eit husdyr, og seinare er viruset også påvist hos grisar i Kina i 2013. Reston-varianten ser ikkje ut til å gi sjukdom hos menneske.

Lista over kjende filovirus har dei siste åra blitt utvida (sjå faktaboks over undergrupper av filovirus). Kanskje finst det også grupper som vi ikkje kjenner til i dag.

– Det kan hende at vi vil finne fleire medlemmene av filovirus-familien andre stader i verda, trur virolog Ayato Takada frå Hokkaido-universitetet i Sapporo, Japan.

Kvifor så mange utbrot dei seinare åra?

Fram til i år har alle utbrot av ebolaviruset unntatt eitt kunne lenkast tilbake til Sentral-Afrika, og Zaire-varianten av ebolaviruset var aldri sett i Vest-Afrika.

Men ifølgje epidemolog Simon Hay frå University of Oxford i England var det inga stor overrasking at viruset fanst også her.

I ein studie frå september 2014 lanserer Hay og kollegaer ei mogleg forklaring på kvifor utbrota av filovirus kjem stadig oftare og blir stadig større:

Befolkninga i landa som mest sannsynleg har filovirus har blitt nær tredobla sidan viruset først vart oppdaga, og samtidig reiser stadig fleire folk i desse områda med fly.

Hay håpar at tala han og kollegaer har lagt fram skal hjelpe andre til å finne kvar framtidige utbrot kan skje.

Helsearbeidere desinfiserer seg selv etter å ha hentet en død kvinne i Freetown i SierraLeone. (Foto: Josephus Olu-Mammah, Reuters)

Kvifor er ebola så dødeleg?

Hovudgrunnen til at Ebola gir så alvorleg sjukdom, er at viruset klarar å påverke immunsystemet på ein slik måte at det ikkje fungerer optimalt.

– Ebola ser ut til å vere blant dei flinkaste virusa til å hindre både vårt uspesifikke og spesifikke immunforsvar i å gjere jobben på ein god måte, fortel virolog Joakim Øverbø.

Dette gjer at ebolaviruset kan smitte ganske fritt.

I eit fagseminar om Ebola i regi av Folkehelseinstituttet fortalde Øverbø at Ebola-viruset blant anna fester ei rekke sukkermolekyl på overflata, noko som gjer at antistoff frå kroppen ikkje klarar å feste seg så godt til viruset.

I tillegg påverkar ebolaviruset ei gruppe sentrale celler i immunsystemet kalla lymfocyttar, slik at dei ikkje blir aktivert og i staden dør. Dermed får den smitta ein mangel på lymfocyttar når han eller ho eigentleg skulle hatt mange.

– Likevel er det fortsatt snakk om ein balanse mellom immunsystemets kamp for å ta hand om og uskadeleggjere viruset og virusets kamp for å hindre immunsystemet, fortel Øverbø.

Øverbø fortel at det ser ut til at mengden virus ein person blir smitta med samt måten viruset kjem inn i kroppen speler ei rolle for dødelegheit. Auka virusmengd gir auka dødelegheit, og det same skjer dersom viruset kjem inn i kroppen via f.eks ei sprøyte istadenfor gjennom slimhinnene.

Kan enkelte genvariantar beskytte?

– Det er ved dyreforsøk identifisert ei rekke genvariantar som sannsynelegvis er av betydning for kor godt immunforsvaret klarar seg, men her er veldig mykje uklart, og det trengst langt meir forsking for å forstå dette betre, seier Øverbø.

– Ei slik forståing vil kunne bidra til å utvikle effektive medisinar og vaksinar i framtida, seier han.

– Den viktigaste grunnen til at nokre klarar seg i dag er likevel kvalitet på behandlinga, og spesielt om ein får intravenøs væske, meiner smittevernekspert Preben Aavitsland i Epidemi.

Førebels druknar betydninga av genetiske skilnader i forhold til om ein får riktig behandling, meiner han.

Kan viruset bli stoppa?

For Preben Aavitsland og mange andre fagfolk er det aller viktigaste spørsmålet når det gjeld Ebola om ein vil klare å utvikle ei vaksine slik at vi kan stoppe utbrotet som herjar i Vest-Afrika i dag.

– Det hastar å finne ei vaksine, og vi vil forhåpentlegvis vite i januar om dei mest aktuelle kandidatane verker, seier Aavitsland.

Powered by Labrador CMS