Annonse
Ser ut som glas, men om du ser veldig godt etter, kan du få auge på tynne, svarte striper langs kanten av plastglaset. Det er der sollyset blir gjort om til energi. (Foto: Yimu Zhao)

No kan du få gjennomsiktige solceller som vindauge

Amerikanske forskarar har no klart å lage heilt gjennomsiktige solceller. Dermed kan vindauga dine eller skjermen i mobiltelefonen din bli som usynlege kraftverk i framtida.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med NRK

 

Solceller laga av eit gjennomsiktige materiale er mykje lettare å bruke enn vanlege solceller. Du kan dekke heile bygningar med dei, ha dei på skjermar, vindauge og andre ting med reine flater.

Slik kan du hamstre solenergi overalt heile tida utan å tenkje noko særleg over det.

Diskoteklys til no

Solceller lagar energi ved å absorbere foton frå sollyset og gjere det om til elektron og elektrisitet. Om materialet i solcella er gjennomsiktig, blir jo ikkje lyset absorbert, men skin rett gjennom glaset. Derfor har ikkje forskarane til no klart å lage solceller som ikkje er farga.

I bakgrunnen ser du ein av dei tradisjonelle, sjølvlysande og fargerike solarkonsentratorane. I framgrunnen ser du den nye typen sjølvlysande solarkonsentratoren som er gjennomsiktig. (Foto: G. L. Kohuth)

– Ingen ynskjer vel å ha farga glas i vindauga sine. Det blir som å bu i eit diskotek! Målet vårt var derfor fyrst og fremst å gjere solcella gjennomsiktig, seier Richard Lunt til forskingsnettstaden phys.org.

Han er leiar av forskargruppa ved Michigan State University som har utvikla denne solcella. Det har dei klart ved å bruke ein gjennomsiktig, sjølvlysande solarkonsentrator.

Les også: Solceller på taket kan bli din nye inntektskilde

Brukar organisk materiale

Materialet i solarkonsentratoren består av organiske salt som absorberer bølgjelengder av ultrafiolett og infraraudt lys som ikkje er synleg for oss menneske.

Fordi materialet i solarkonsentratoren berre tar opp lys me ikkje ser, verkar den gjennomsiktig.

Lyset blir så gjort sjølvlysande på ei anna bølgjelengde av infraraudt, usynleg lys. Deretter blir det leia til kanten av plastglaset som solarkonsentratoren sit på. Der er det bygd inn tynne striper av vanlege, fotoelektriske solceller som gjer om lyset til elektrisitet.

Les også: – Ikkje et konkurransedyktig alternativ

Rimeleg og brukarvenleg

Den største fordelen med eit slikt materiale er at det er rimeleg å produsere. Slik kan me nytte oss av solenergi på ein måte som ikkje gjev store, synlege inngrep i kvardagen vår slik tradisjonelle solcelletypar gjer.

– Målet vårt er å lage overflater for å hamstre solenergi som ingen ser at er der, seier Lund.

Må bli meir effektive

Forskarane har enno ein del arbeid å gjere med solcella før den kjem på marknaden. Fyrst og fremst må den bli meir effektiv slik at den tar opp enda meir solenergi.

Slik den er no, tar den opp éin prosent av solenergien, men forskarane har som mål å få den til å ta opp fem prosent. På det meste tar solarkonsentratorar av denne typen opp om lag sju prosent.

Powered by Labrador CMS