Eli Bjørhusdal Privat foto

Doktorkandidat fekk avslag på nynorsk omslag

Universitetet i Oslo har gitt beskjed om at omslaga skal vera anten på bokmål eller på engelsk. Det var meldinga Eli Bjørhusdal  fekk frå Akademika forlag då ho bad om å få bruka det nynorske fakultetsnamnet på omslaget til doktoravhandlinga si.

I neste månad presenterer Eli Bjørhusdal doktoravhandlinga si «Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005». Det skjer under Det utdanningsvitskaplege fakultetet sine venger, og det skjer på nynorsk. Difor ville gjerne Eli Bjørhusdal også ha omslagsarket med namnet til fakultetet på nynorsk, skriv Uniforum.

– Forlagskonsulenten til Akademika forlag gav meg då klar melding om at det ikkje var mogleg. Avtalen mellom UiO og forlaget var at omslagsarket anten skulle vera på bokmål eller engelsk, fortel Eli Bjørhusdal til Uniforum.

– Og fordi det hasta med å få levert doktoravhandlinga til trykk, gav eg meg til slutt på det punktet, legg ho til.

Seksjonssjef Kristin Fossum Stene i Avdeling for fagstøtte ved UiO har undersøkt saka og kjem med ein heilt klar konklusjon.

– Det kan ikkje forlaget gjera. Også omslagsarket skal ha faste malar i både nynorsk- og bokmålsversjon, i tillegg til engelsk, seier ho.

Les heile saka på Uniforum.no

Powered by Labrador CMS