Saken er produsert og finansiert av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) - Les mer
Kystkommunane i Agder ønskjer seg vekst i kystbasert næring. Men korleis gjere dette på eit berekraftig vis?

Slik kan Agder utvikle kystnæringa si

Moglegheitene er mange for kystnæringa i Agder, ifølgje ny rapport. Dei kan blant anna satse på ny oppdrettsteknologi, turisme og hausting av nye artar som stillehavsøstersen.

24.7 2017 04:00

Kystkommunane i Agder vil legge til rette for vekst i kystbasert næring. I eit havmiljø som allereie er under sterkt press frå både forureining, overfiske, habitatøydelegging og klimaendringar er dette ei utfordring.

Men med kunnskap om lokale marine prosessar og økosystem er det likevel mogleg å finne næringsvegar som både er lønsame og berekraftige.

Norsk institutt for vannforsking (NIVA) har i samarbeid med Havforskningsinstituttet (HI) kartlagt næringsmoglegheitene langs Agderkysten i ein ny rapport.

Eit stort potensiale

I dag består den kystbaserte næringa i Agder hovudsakleg av yrkesfiske og turisme; førstnemnde monaleg større i Vest- enn Aust-Agder, jamvel om fisket i begge fylke er lågt i nasjonal målestokk. Rekefisket er den viktigaste fiskenæringa, framfor hausting av torsk og pelagisk fisk som makrell og sild.

Turismen er størst i sommarmånadene når hyttefolket entrar skjergarden. Utanfor sommarsesongen er òg utanlandske turistfiskarar viktige for verdiskapinga. Men kystlina i Agder er 1466 kilometer lang, med eit stort potensiale for auka blå verdiskaping i regionen, skal vi tru Helene Frigstad. Ho er forskar i NIVA og ein av forfattarane bak rapporten som kom ut i juni i år.

– Moglegheitene er mange og famnar over eit vidt spekter av fagområde, frå tradisjonell hausting, havbruk og restaurering av tapte leveområde, til produktutvikling innan reiseliv, seier Frigstad, og fortset:

– Utfordringa er å føre næringsutviklinga i ei retning som ikkje går på akkord med prinsippet om berekraft. Vi ynskjer å bidra med eit kunnskapsgrunnlag slik at kystkommunane kan fatte forsvarlege vedtak.

Hauste nye artar

Av dei fiskeressursane som vert hausta i dag, er det ikkje stort rom for å auke uttaksvolumet. Bestandane er allereie så godt som fullt utnytta. Difor ligg næringsveksten først og fremst i å auke verdien av dei artane og dei kvantum som allereie haustast.

I tillegg er det mogleg å starte hausting av artar lenger ned i næringskjeda, inkludert artar som er nye i dei sørlandske farvatn, som stillehavsøstersen. Hausting av stillehavsøsters vil, forutan å kunne vere økonomisk innbringande, òg bidra til å redusere den eksplosive spreiinga av den framande stillehavsøstersen.

Restaurering av økosystem

Menneskeleg aktivitet har påverka strukturen til økosystema, oftast i retning mindre biologisk mangfald og produksjon. Overgjødsling har bidrege til oksygenfattige fjordbasseng og tap av tareskog, og nedbygging av kystsonen trugar ålegrasengene. Både tareskog og ålegras er viktige oppvekstområde for småfisk. NIVA og HI har skildra tiltak som kan gjerast for å restaurere øydelagde økosystem langs Agderkysten.

- Reduksjon av næringssaltar, utplanting av sukkertare og utsetjing av kunstige rev er tiltak som i kombinasjon kan ha positive effektar for tareskogane og biomangfaldet, seier Kristoffer Næs, forskingssjef for berekraftig næringsutvikling ved NIVA.

I eit restaureringsprosjekt drive av Naturvernforbundet og finansiert av Miljødirektoratet er NIVA med som fagleg bistand. Her skal dei teste ut om tilførsel av ferskvatn til den oksygenfattige botnen av Skogsfjorden ved Mandal kan bidra til auka vertikal blanding av vassmassane.

– Restaurering av økosystem kan føre til både økonomisk og biologisk vinning, seier Næs, og forklarar:

– Restaurering av øydelagde økosystem kan styrke dei naturlege prosessane i økosystemet og bidra til at tap av biomangfald reduserast – kanskje reverserast. Samstundes kan bioproduksjonen auke i økosystemet, og det vil vere mogleg å hauste meir.

Ny oppdrettsteknologi

Det er liten oppdrettsverksemd i Agder-fylka samanlikna med Nord-Noreg og Vestlandet, og grunna stor befolkningstettleik og store brukarinteresser er det lite potensiale for å utvide produksjonen i langs kysten.

Oppdrett av laks og aure er likevel den største havbruksaktiviteten i Agder-fylka i dag, særleg vest for Lindesnes, der dei naturlege forholda ligg meir til rette.

Derimot kan landbaserte anlegg og havanlegg med nye artar verte nye næringsvegar. I sokalla akvaponiks, som er lukka system av fisk- og grønsaksproduksjon, vert vatnet og næringsstoffa frå fiskeproduksjonen nytta direkte i planteproduksjonen, slik at det vert lite eller inga avrenning frå systemet. Gode miljøeffektar kan òg resultere frå å dyrke makroalgar og skjell i nærleiken av fiskeoppdrettsanlegg, sokalla multitrofisk akvakultur.

Undervass-turisme og aurefiske

Innan reiseliv er det størst potensiale for auka verdiskaping blant sporadisk besøkande turistar, ikkje det faste hyttefolket.

Raet nasjonalpark i Aust-Agder vart oppretta desember 2016 og gir moglegheiter for auka verdiskaping basert på rekreasjon og oppleving av vakker natur.

Der er det òg snakk om å byggje eit fartøy med vindauge under vatn, slik av turistar òg skal kunne oppleve naturen under vatn. Restaurering av aurebekkar kan dessutan gjere turistfisket av aure til ei stor kommersiell næring, slik det er vorte i Danmark.

Kartlegginga var gjort av NIVA og HI på oppdrag frå Partnerskapet for Blå Vekst på Agder og har finansiell støtte frå Aust- og Vest-Agder fylkeskommunars tilskotsordning ”NY VEKST i Agder”.

Referanse:

Frigstad, H. m.fl.: Mulighetskartlegging for kystbaserte næringer i Agder. NIVA-rapport 7164-2017

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Fem kategoriar av verdiskaping

I rapporten er næringsmoglegheitene langs sørlandskysten delt inn i fem kategoriar:

Verdiskaping tufta på hausting av marine organismar

Verdiskaping tufta på havbruk

Verdiskaping tufta på havbeite og oppfôring av levande fangst

Verdiskaping tufta på restaurering av økosystem

Verdiskaping tufta på reiseliv og turisme