Annonse
Statsminister Erna Solberg fekk demonstrert ein ny måte å frakta svært smittefarlege pasientar på etter at ho hadde opna Cutting Edge-festivalen i Forskingsparken. (Foto: Ola Sæther)

Erna Solberg: – Her er løysinga på framtidas verdiskaping i Noreg

– Det som eg ser her, gjer meg overtydd om at det er her me vil finna ein del av løysinga på framtidas verdiskaping i Noreg, sa statsminister Erna Solberg då ho opna Cutting Edge-festivalen i Forskingsparken.

Publisert

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Over 1000 personar hadde meldt seg på Cutting Edge-festivalen i Forskingsparken i går. Den viser fram nye idear, teknologiske nyvinningar og innovasjon som er baserte på forsking og utvikling. Både førarlause bilar, robotar og antibiotikaresistens er mellom fleire tema som blir tatt opp under festivalen.  

– Fantastisk

Statsminister Erna Solberg opna festivalen og la ikkje skjul på at forsking og vitskap var noko som ho hadde stor interesse for:

– Det er fantastisk å sjå alle oppfinningar og oppstartsselskap som kjem ut av forskargruppene våre. Det gjer meg overtydd om at det er her me vil finna ein del av løysinga på framtidas verdiskaping i Noreg, sa Erna Solberg.

– Vil finna svar på dei viktigaste utfordringane

Ho var svært glad for at det finst ein slik festival om forsking og teknologi, som er blant favoritt-temaene hennar.

– Innovasjon og teknologi og vitskap vil finna svara på nokre av dei viktigaste utfordringane innanfor helse, klima og miljø, matindustrien og transportsektoren. Det skjer mange gjennombrot. Mange av nyvinningane vil  gi oss betre livskvalitet utan å vera helsefarlege. I helsesektoren har ny teknologi ført til at eldre personar kan bu heime i lenger tid enn før.  Det gir dei ei sterkare kjensle av å vera sjølvstendige. Og det er ein viktig verdi for samfunnet, understreka statsministeren.

Erna Solberg tok også opp den økonomiske omstillinga som Noreg no står overfor.

– Vitskap og forsking er nøkkelorda for kunnskapssamfunnet vårt. Mange spør meg kva Noreg skal leva av når oljealderen er over. Då svarar eg kunnskap. Då blir folk frå oljesektoren litt snurte, og lurer på om ikkje det dei held på med også er kunnskap. Sjølvsagt er det det, svarar eg. No må me likevel ha fleire bein å stå på. Det er gjennom investering i mellom anna  marin industri og havbruk, Noreg har vist at samfunnet vårt kan gjera seg nytte av nyskaping, slo ho fast.

– Forskingsfunn må koma til nytte for samfunnet

Erna Solberg kom også med ei oppfordring til forskingsinstitusjonane:

– Det er viktig å investera i forsking. For Universitetet i Oslo og andre forskingsinstitusjonar er det også viktig at det blir investert pengar i tiltak som gjer at forskingsfunn kan bli utvikla til oppfinningar som kan bli til nytte for heile samfunnet. Det er dette som er definisjonen på innovasjon, understreka ho.

– Nettopp derfor må  utdannings- og forskingsinstitusjonane, offentleg sektor og det private næringslivet bli endå flinkare til å arbeida saman. Mange spør om folk i Noreg er svoltne nok til å halda fram med å oppfinna nye ting. Svaret mitt er at det er me nøydde til om me skal ha framsteg i utviklinga vår. Petroleumsindustrien har vore ein suksess for Noreg. Ikkje berre fordi me fann naturressurar utanfor kysten vår, men også fordi me gjennom eiga nyskaping og teknologiutvikling har skapt ny verdsleiande leverandørindustri for olje- og gassnæringa. Me har ein tradisjon for samarbeid mellom vitskap, næringsliv og det sivile samfunnet. Dessuran har me ein arbeidsstyrke som omfamnar ny teknologi. Samanlikna med mange andre land, er dette ein stor fordel. Noreg har også over 280 000 studentar som tar høgare utdanning. Der finst det masse talent, og me treng berre venta på eit gjennombrot frå dei, peika ho på.

Skepsis til næringslivet på 1980-talet

Statsministeren drog også inn eiga erfaring frå den tida ho var student ved Universitetet i Bergen.

– I dag er det ei heilt anna haldning til nyskaping og samarbeid med næringslivet enn den gongen eg var student ved Universitetet i Bergen på 1980-talet.  Då ville ikkje professorane lata seg besudla av å ha kontakt med næringslivet. No er haldninga heilt annleis, og me ser mykje samarbeid mellom næringslivet og forskinigsinstitusjonane, hadde ho notert seg.

– Noreg skal bli eitt av dei mest nyskapande landa

– Regjeringa mi har som ambisjon at Noreg skal bli eitt av dei mest nyskapande landa i verda. Me har eit samfunn med folk med høg utdanning og ein høg grad av sosial tryggleik, og både forsking og innovasjon står sterkt. Dessverre investerer det private næringslivet i Noreg langt mindre i forsking og nyskaping enn næringslivet i andre land. Det private næringslivet og offentlege institusjonar kan danna sterke partnarskap for å utvikla meir nyskaping. Morgondagens vinnarar vil bli dei som raskast tar i bruk dei teknologiske nyvinningane. Innbyggjarane i Noreg er flinke til dette, meinte Erna Solberg.

– Fri og sjølvstendig forsking

– Appellen min til forskarane er derfor: Sørg for at forskinga er fri og sjølvstendig! Utfør framifrå forsking! Ver merksam på nye og viktige funn som kan vera til nytte for samfunnet. Det er derfor viktig at slike forskingsbaserte nyvinningar finn vegen til marknaden, var oppfordringa frå Erna Solberg.

– Ikkje frykt vitskapen!

– Og til de investorar som er skeptiske til å investera i vitskap. – Ikkje frykt vitskapen og kompleksiteten ved vitskapen. Gå inn tidleg med investeringar. Det vil vera til fordel for aksjonærane. Og til de som er bedriftsleiarar og næringslivsleiarar vil eg seia:  Vitskapen er ikkje ute etter å øydeleggja det som de held på med. Derimot må de ta i bruk dei beste ideane frå forsking og utvikling. Det vil styrkja dykk i konkurransen. 

– Når me alle drar saman og kan ta i bruk alle dei gode ideane og nyskapingane som me får innføring i på denne festivalen, så er eg overtydd om at me saman kan omstilla heile samfunnet vårt, slik at me får løyst dei utfordringane me no står overfor, sa Erna Solberg.

Artikkelen ble først publisert på uniforum.uio.no.

Powered by Labrador CMS