I dag blir norske barn avhøyrde i barnehus, der helsevesen, politi og barnevern er samla og lar barnet gje forklaring i trygge rammer. Barna må berre forklare seg éin gong, i motsetnad til dei fleste andre land der barn også må møte i retten. (Foto: Alexander Andersen, Aftenposten, NTB scanpix)
Slik får politiet barna til å opne seg
Altfor ofte legg vi sterke føringar i samtalar med barn. Tenkjer vi annleis, kan barna bli meir opne og snakkesalige, ifølgje politiforsking.
– Barn er svært viktige vitne i overgrepssaker. Dei har ein like god observasjonsevne som vaksne og er flinke til å korrigere seg sjølve. Spørsmålet er korleis ein får barna til å opne seg og fortelje, seier Trond Myklebust, politiinspektør ved forskingsavdelinga på Politihøgskolen.
Fallgruvene er mange, og både foreldre, tanter, onklar og politiinspektørar snublar rett som det er. Boka Communication in Investigative and Legal contexts samlar oppdaterte råd til politifolk, som også omsorgspersonar kan ha nytte av.
– Dei gode avhøyrarane brukar ikkje berre desse teknikkane på jobb. Dei brukar dei også privat, seier Myklebust, som er ein av forfattarane av boka.
Tusenvis av barn må i avhøyr
Dei siste åra har talet på norske barn i avhøyr eksplodert. Frå 207 barn i 1994 til 4725 i 2015. Barn blir avhøyrde i fleire typar saker enn før, og i tillegg seier nye reglar at alle søsken i ein familie skal avhøyrast ved mistanke om vald i nære relasjonar.
I dag blir norske barn avhøyrde i barnehus, der helsevesen, politi og barnevern er samla og lar barnet gje forklaring i trygge rammer. Barna må berre forklare seg éin gong, i motsetnad til dei fleste andre land der barn også må møte i retten. Ordninga er så vellykka at ekspertgrupper frå fleire land har vist interesse for å innføre det norske systemet.
Men sjølv om Noreg ligg langt framme, er det framleis ein veg å gå i å få gode, informasjonsrike forklaringar frå barn.
– Dei vanlegaste feila er at avhøyrarar ikkje veit nok om barnet på førehand slik at dei bruker tida på feil spørsmål, at dei avbryt barna for å klargjere det barna seier og at spørsmålsstillinga ikkje er god nok, seier Myklebust.
Gullspørsmåla er opne
Det er fort gjort å trå feil, for spørsmåla ein bør stille barn i avhøyr er svært forskjellige frå måten vaksne vanlegvis snakkar med barn på, ifølgje Myklebust.
– Dette er ikkje enkelt for politiet, og det er heller ikkje alltid enkelt for barn, seier han.
Rett som det er går Myklebust sjølv i baret. Han har barn i barnehagen og får han eit referat frå ein barnehagetilsett, brukar han gjerne dette som utgangspunkt for ein samtale. «Var det nokon som var sinte i dag,» kan han spørje.
Men akk, så feil. For vil ein ha eit godt svar, er første punkt på lista å gje barnet fridom til å fortelje ut frå sitt perspektiv: Still opne spørsmål.
Eit politiavhøyr kan til dømes starte med: «Fortel meg kva som skjedde.» Så, når barnet har fortalt, kan avhøyraren følgje opp med «dette var mykje, fortel det ein gong til».
– Særleg i starten av eit avhøyr er opne spørsmål viktige. Då får ein barnet sitt perspektiv på det som har skjedd, utan at avhøyraren legg føringar, seier Myklebust.
– Viss ein gjer det motsette og til dømes innleier spørsmålet med informasjon ein har frå før, vil barnet lett tenke at den vaksne veit alt allereie. Og kva er da vitsen med å fortelje?
Berre ni prosent av spørsmåla er opne
Annonse
Det er godt dokumentert at opne spørsmål er meir effektive enn spissa, leiande eller lukka spørsmål. Opne spørsmål oppmodar barnet til å bruke mange ord. Svaret blir meir nøyaktig, klarare og meir truverdig. Forskarar har også sett at barn ikkje motseier seg sjølve når ein stiller opne spørsmål på tvers av fleire situasjonar.
Trass god dokumentasjon er berre rundt ni prosent av spørsmåla som stillast i avhøyr av barn, opne. Talet er nokså stabilt i studiar frå Noreg, Finland, England, USA og Israel, landa der det er gjort flest studiar på dette.
– Vi skal ikkje gå i ein diskusjon om prosentar. Men vi må halde fram med å trene. Opne spørsmål legg opp til frie forklaringar, og barnet vil føle meir kontroll over situasjonen. Opplever barn kontroll, vil dei automatisk føle meir tryggleik. Trygge barn fortel meir ope enn utrygge barn, seier Myklebust.
Avhøyrarar bør bli kjende med barnet
Det er ei rekke utfordringar i avhøyr av barn, særleg yngre. Dei har ikkje fullt utvikla språk og evna til rett uttale kjem seinare enn evna til å forstå rett uttale. Avhøyraren må likevel unngå å foreslå tolkingar, tilrår forskarane, for barn kan seie seg samde i noko fordi dei trur det er forventa.
Fram til tiårsalderen bruker barn også andre strategiar for å måle tid enn vaksne. Dei kan ha vanskar med å fortelje kor mange gonger noko har skjedd eller når det skjedde.
I tillegg til å trene på spørsmålsstilling, bør politifolk derfor vite mest mogleg om barnet sine kognitive, det vil seie intellektuelle, evner før avhøyret startar. Ei løysing kan vere å gjere eit nøytralt intervju i forkant. Barna kan også bli presenterte for nokre grunnreglar, slik at dei forstår at dei sjølve kontrollerer informasjonen dei sit med.
Nye ordningar på veg
For barn og vaksne med særskilte behov vil avhøyrssituasjonen vere ekstra utfordrande. Dette er eit viktig tema i boka. Noreg har ikkje eit etablert system for å handtere slike avhøyr, men politiet ser i dag på systemet i England med stor interesse, ifølgje Myklebust.
– I England får personar med særskilte behov hjelp av ein såkalla intermediary. Han eller ho kjenner rettssystemet og har ekspertise på den aktuelle utfordringa, om det er ADHD, lese- og skrivevanskar eller større psykiske problem. Ordninga skal sikre at alle som avhøyrast forstår rettsprosessen og at dei klarer å gjere seg forstått, seier Myklebust.
I tillegg er ein ny avhøyrsmetode under evaluering i Noreg, såkalla sekvensielle avhøyr. Her stykkast avhøyret opp i fleire delar. For mange barn er det nemleg vanskeleg å fortelje historia si i løpet av eitt møte med politiet. Ei siste ny utvikling er at barnehusa ikkje berre avhøyrer barn med status som fornærma eller vitne. Dei har også begynt eit systematisk og metodisk arbeid med avhøyr av barn som sjølve har krenka andre.
– Noreg er godt kjende med ny internasjonal forsking. Politihøgskolen vektlegg denne kunnskapen i spesialutdanningane sine, ikkje minst på masterutdanninga i etterforsking, topputdanninga for detektivar i Noreg, seier Trond Myklebust.
Annonse
Referanser:
Oxburgh, Myklebust, Grant og Milne (red.): Communication in Investigative and Legal Contexts: Integrated Approaches from Forensic Psychology, Linguistics and Law Enforcement. Wiley-Blackwell, 2015.