Ein notis frå Vestlandsforsking - les mer.

Turistar ved Briksdalsbreen, ein av dei meir kjende brearmane av Jostedalsbreen.

Kva skjer når Jostedalsbreen smeltar?

Når den største isbreen på det europeiske fastlandet smeltar, vil det merkast i lokalsamfunna rundt breen. Konsekvensane innan reiseliv, landbruk og krafproduksjon skal kartleggast i ein ny, stor studie av Jostedalsbreen.

Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane er det største landskapsområdet i Europa som enno ikkje er kartlagt. Det er også eit område i dramatisk endring – på grunn av klimakrisa og global oppvarming trekkjer brearmane seg tilbake og isen minkar.

I 2020 går forskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsrsking – begge ein del av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt – i gang med eit stort prosjekt for å utforske breen. Vestlandsforsking skal særleg ta for seg korleis dei som bur og arbeider tett på breen vil merke endringane. For kva skjer med lokalsamfunna og dei naturbaserte næringane rundt Jostedalsbreen når breen endrar seg til det ugjenkjennelege?

– Det blir utruleg spennande å få jobbe intensivt med Jostedalsbreen! Og det trengst verkeleg - det er så mykje vi ikkje veit om den. Det at breen minkar, vil få store konsekvensar for menneska som bur rundt den, seier prosjektlederen, professor Jacob Clement Yde ved Høgskulen på Vestlandet.

Prosjektet er tildelt 17 millionar kroner frå Forskningsrådet. I første omgang skal forskarane måle breen – både areal og kor tjukk den er frå topp til botn. Ein annan del av forskinga vil ta for seg samspel mellom breen og menneska i nærmiljøet.

Artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking Vestlandsforsking er én av 77 eiere av forskning.no. Deres kommunikasjonsansatte leverer innhold til forskning.no. Vi merker dette innholdet for å tydelig skille formidling fra uavhengig redaksjonelt stoff.Her kan du lese mer om ordningen. Fikk du med deg disse artiklene fra Vestlandsforsking? – Vi er i privatbilens siste dagar Dataspel kan fremme integrering Draumeturisten er ein rik italienar
Powered by Labrador CMS