(Illustrasjonsfoto: ESB Professional / Shutterstock / NTB scanpix)
SMS fekk fleire bergensarar til å stemme
Før stortingsvalet i fjor sende Bergen kommune ut SMS til 200 000 personar med oppmoding om å bruke stemmeretten. Det auka valdeltakinga, konkluderer stipendiat.
Valdeltakinga har gått jamt nedover både i Noreg og mange andre land dei siste åra.
Det var utgangspunktet for NHH-stipendiat Ole-Andreas Elvik Næss då han starta på doktorgradsprosjektet sitt.
Ved dei siste stortingsvala har valdeltakinga vore på rundt 78 prosent, medan det for kommune- og fylkestingsvala har vore ned mot 60 prosent.
– Det er eit demokratisk problem at så mange let vere å stemme, og vi veit at det er spesielt mange unge som blir heime valdagen. Tidlegare forsking har vist at folk oftare brukar stemmeretten sin dersom dei blir oppmoda om å stemme, og dette ville eg undersøke nærmare, seier Næss.
200 000 tekstmeldingar
I samarbeid med kommunen sendte han difor ut tekstmeldingar til røysteføre i Bergen fredag 8. september. Det var to versjonar av tekstmeldinga. Innbyggjarane i bydelane Bergenhus, Fyllingsdalen og Lodefjord fekk denne meldinga:
«Hei! Vet du at de fleste i ditt område pleier å stemme? Bergen hadde høyere valgdeltakelse enn Oslo og Trondheim sist stortingsvalg. Husk å stemme på mandag!»
Medan resten av byen fekk denne meldinga:
«Hei! Husk å stemme på mandag. Din stemme kan avgjøre valget!»
Høg valdeltaking i Bergen
– SMS-ane ser ut til å ha gitt resultatet. Det var fleire som stemte fredag og måndag enn det var i valet fire år tidlegare, totalt var det snakk om ein skilnad på to prosentpoeng. Eg samanlikna også med stemmegivinga i dei 19 største byane i Noreg i den same perioden, og såg at fleire brukte stemmeretten i Bergen, seier Næss.
Innhaldet i tekstmeldingane gjorde ingen forskjell – dei hadde altså like stor effekt.
Næss har nøyaktige tidspunkt for stemmegivinga, og han observerte at talet på avlagte stemmer auka i timane etter meldinga blei sendt.
– Nokre tilfeldige område av byen fekk meldinga nokon timar før resten av byen. I timane etter var det klart flest som stemte i dei områda som hadde teke imot meldinga. Desse trendane ser vi ikkje tidlegare dagar, seier Næss.
Valdeltakinga i Bergen var på 81,8 prosent i 2017. Tilsvarande tal for 2013 var 81,0.
Det var høgare valdeltaking i Bergen enn i nokon av dei andre storbyane i Noreg, ifølgje Bergen kommune.
I Oslo, Trondheim og Drammen gjekk valdeltakinga ned, medan Stavanger hadde ein liten oppgang.
Næss disputerer for doktoravhandlinga våren 2019.