Har utvikla ein moderne jukeboks

Trudde du jukeboksen sine dagar var over? Tre datastudentar har utvikla ein moderne versjon, som sjølvsagt kjem med ein eigen app til smarttelefonar.

Publisert

Smarttelefon

Ein smarttelefon har både dei tradisjonelle funksjonane til mobiltelefonar og funksjonar som er forbunde med datamaskinar. Med ein smarttelefon kan brukaren lagre informasjon, sende e-post og installere program. Det finst ingen eintydig definisjon på kva ein smarttelefon er, i bransjen.

Ei applikasjonsprogramvare, ofte berre kalla applikasjon eller ’app’, er programvare som er utvikla for å hjelpe brukaren med å utføre spesifikke oppgåver.
 

Førestell deg at du går inn i ein butikk. Du liker ikkje musikken som fløymer frå høgtalarane. Difor fiskar du opp mobiltelefonen din og trykkjer på eit par knappar. Vips, nokre minutt seinare er det din yndlingsmusikk som blir spelt høgt i lokala.

Scenarioet kan bli verkelegheit med den nye Bluecone-en, som er utvikla av tre bachelorstudentar ved Universitetet i Stavanger.

Det er ein slags moderne jukeboks som kort fortalt fungerer slik: Med ein applikasjon som studentane har utvikla for Android-mobilar, kan du kople deg til sjølve jukeboksen og velje frå eit utval av songar. Songen du har valt, vil så leggje seg inn i spelelista til jukeboksen.

Studentane har sjølv designa den kjegleforma jukeboksen. F.v.:  Terje Knutsen, Kristian Hellang og Stein Arild Høiland. (Foto: Morten Berentsen)
Studentane har sjølv designa den kjegleforma jukeboksen. F.v.: Terje Knutsen, Kristian Hellang og Stein Arild Høiland. (Foto: Morten Berentsen)

Kan brukast på kafear

Studentane ynskjer å etablere sitt eige firma og få i gang produksjon og sal av produktet.

– Bluecone-en kan ha stor nytte i offentlege samanhengar. Han kan brukast i utelivsbransjen, på kafear, i heisar og i klesbutikkar, seier Kristian Hellang, som har utvikla Bluecone-en saman med Terje Knutsen og Stein Arild Høiland.

Dei tre har laga jukeboksen som ein del av bacheloroppgåva si i data. Jukeboksen kan og vere fin å bruke på fest.

– Vi har prøvd han på fest heime. Vanlegvis er det berre ein eller to som vel musikken, men med denne kan alle vere med å velje, seier Knutsen.

Velje songar

Frå mobilen vel du frå eit utval av songar som ligg inne på jukeboksen via ein minnepenn eller harddisk. Kvar song blir spelt ferdig før ein ny byrjar. I dag er teknologien laga sånn at sju personar kan bruke jukeboksen samtidig, men det er mogleg å vidareutvikle han slik at fleire kan bruke han på same tid.

Ei anna løysing er at applikasjonen automatisk koplar seg frå jukeboksen etter at du har valt musikk, slik at nestemann kan velje. Det kan òg vere aktuelt å lage applikasjonar for andre smarttelefonar, som iPhone eller Windows Phone.

Applikasjonen har ein funksjon som heiter «master mode». Den gjer at ein person kan logge seg inn som «master» og styre volum, redigere spelelista, skru av og på og trykkje på pause.

Tre og plast

Slik ser jukeboksen ut. (Foto: Morten Berentsen)
Slik ser jukeboksen ut. (Foto: Morten Berentsen)

Studentane har sjølv designa og laga prototypen av Blucone-en. Dei teikna fyrst opp korleis han skulle sjå ut, og laga så ei støypeform i tre. Så varma dei opp ei plastplate og brukte vakuumforming med støvsugar for å få den mjuke plasten til å leggje seg rundt forma.

Studentane har vore i kontakt med Prekubator TTO, Stavanger-regionen sitt kontor for overføring av teknologi frå akademia til marknaden. Administrerande direktør Anne Cathrin Østebø i Prekubator TTO, har tru på jukeboksen.

– Eg trur dette er noko som ligg i framtida. I dag bruker vi mobilen til det meste. I prosjektet har studentane brukt eksisterande teknologi på ein ny måte. Dette er ein fiffig og brukarvennleg idé, seier ho.