Annonse
Fagleg leiar for norgeshistorie.no, Cathrine Lund, meiner det å kunne granske, tolke og vere kritisk til kjelder er ein viktig kompetanse som ungdom bør få. (Illustrasjon: UiO)

Skal lære elevar kjeldekritikk

Publisert

Sanning, alternative fakta eller fake news? Kjeldekritikk står sentralt når norgeshistorie.no lanserer ein ny modul neste år. Sida rettar seg spesielt mot lærarar og elevar i vidaregåande skule.

– Vi lever i ei tid med konkurrerande fakta og fake news. Det å kunne granske, tolke og vere kritisk til kjelder er ein viktig kompetanse som ungdom bør få. Det seier Ellen Cathrine Lund, fagleg leiar for norgeshistorie.no.

Den nye modulen, «Hvordan blir historie til», blir lansert i 2019. Originalkjelder med transkripsjon, fakta om kjeldene og info om korleis dei kan brukast, vil vere ein viktig del av denne satsinga.

Prosjektet er ein viktig del av å rette norgeshistorie.no mot skulen.

– Vi har vore opptekne av å vidareutvikle norgeshistorie.no og rette det mot vidaregåande skule, utan at det blir «skulsk». Vi landa på å lage eit nytt element, som også rettar seg mot studentar og folk med interesse for historiefaget, i tillegg til lærarar og elevar, forklarer Lund.

Powered by Labrador CMS