Løyser mysteria på vidda

Rundt om på Hardangervidda ligg det om lag 30 hustufter omkransa av nedgravne reinsdyrbeinrestar. Kven som bygde husa, har det vore mange fargerike teoriar om. Men no fell bitane på plass for forskarane. Dei veit til og med kva dei heitte.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Merkepinnar frå middelalderen røper kva jegerane på Sumtangen heitte. (Foto: Svein Indrelid)"

- Åmund, Aslak og Ottar, seier professor Svein Indrelid, og viser frem bilete av merkepinnane dei tre har signert med runeskrift.

Ottar har for å vere på den sikre sida fått med påskrifta «klok mann» på baksida. Ein kollega har skreve «Gud er alt» på sin merkepinne.

Det er viktig, for med det kan ein fastslå at det var kristenfolk som jakta på Sumtangen på Hardangervidda. Og ikkje slik pioneren på området, W. F. K. Christie trudde, at det var «sjølve urfolket i Noreg» som heldt til på den vesle odda midt i Finnsbergvatn.

Ville lage beinmjøl av arkeologiske funn

Christie grunnla Bergen Museum som seinare vart Universitetet i Bergen. Han var den som starta forskinga på Sumtangen.

For 170 år sidan fatta han mistanke då eit par menn kom med sekken full av eldgamle beinrestar frå Hardangervidda, som dei ville selje til oppmaling til beinmjøl.

- Det må være Noregs mest langvarige utgraving, ler Indrelid. Han er prosjektleiar for det tverrfaglege prosjektet «Reinsdyr og reinsdyrfangst på Hardangervidda i jernalder og middelalder».

Sumtangen er stadig ein lokalitet arkeologane vender tilbake til. Og dei finn stadig ut meir - samstundes som det stadig dukkar opp nye spørsmål.

Ein gevirindustri i mellomalderen?

"Aust- og vestbu, sirkelen til venstre på biletet, var der jegerane frå 1200-talet heldt til. Sørbu, sirkelen til høgre, var den aktive fangstplassen på 2-300-talet. Truleg har jegerane avliva dyra frå båt, og halt dei opp på den vesle tangen. (Foto: Svein Indrelid)"

- Det må ha vore velorganisert, og det må ha vore ganske mange folk, seier Anne Karin Hufthammer.

- Antakelig jakta dei på hausten, men sidan få av gevira vi finn er fallgevir, tyder det på at det skjedde før november. Då byrjar bukkane å felle gevira sine, forklarar ho.

Frå før er det kjend at dei største beinhaugane kjem frå mellomalderen, men nye metodar for C-14-datering har snevra inn tidsrommet den mest organiserte jakta fann sted på: I siste halvdel av 1200-talet.

Funn frå steinalderen

Men i tillegg har jegerar vore i sving tidlegare. Funn frå steinalderen er gjort et steinkast frå beinhaugane frå mellomalderen.

I tillegg har dei gjort funn av organisert reinsdyrfangst i romartida, frå 200-345. Også då jakta dei rein, men i mindre skala - og det kan sjå ut som om dei har jakta av heilt andre grunnar enn jegerane frå mellomalderen.

- I avfallet frå mellomalderen ligg mange av dei kjøtrike delane av reinen tilbake. Samstundes har dei tatt med seg gevira og ribbene, seier Hufthammer.

Mysteriet med dei forsvunne ribbeina

Forskarane reknar med at gevira vart nytta i kamproduksjon. Mellom anna på Bryggen i Bergen er det funnen over eitt hundre kammar av reinsdyrbein frå mellomalderen, og slike kammar er kjent også frå andre norske og nordeuropeiske byar.

Kjøt og skinn tok dei også etter alt å dømme med seg til byane og selde. Men kvifor dei tok med seg ribbene, er framleis eit mysterium.

"Anne Karin Hufthammer grev ut - plukkar er kanskje eit betre ord - reinsdyrbein frå ei av gropene på Sumtangen. (Foto: Svein Indrelid)"

- Beinet er porøst og uegna til å gjere til dømes kammar av. Og det er lite kjøt på dei, forklarar Hufthammer.

Ho har analysert beinrestane som er funnen på Sumtangen dei siste par åra. Og det er ikkje lite, endå forskarane har forsynt seg forsiktig.

Enorm mengde reinsdyrbein

Det er nemleg ein enorm mengde reinsdyrbein som ligger nedgraven der. Forskarane held på med å utvikle metodar for å rekne ut talet utan å måtte grave opp alle, men Hufthammer har berekna at det dreier seg om minst 1000-2000 dyr, kanskje mange fleire.

På berre ein kvadratmeter, og 40-50 cm ned i jorda, har forskarane funnen restar av over 50 dyr.

- I sommar grov vi ut til saman to kvadratmeter der, ein halv meter ned, og fann 250 kilo med bein. Det var meir bein enn jord, så det var berre å plukka så snart vi tok av grastorva, seier Indrelid.

Stor DNA-skilnad frå mellomalderen

No vil forskarane finne ut kven som organiserte jakta, og kva omfang ho hadde. Mellom anna har dei engasjert professor Knut Røed frå Noregs veterinærhøgskule til å samanlikne DNA frå beinrestar frå dei to historiske stammene frå Sumtangen med reinstamma som lever i dag på vidda.

- Det som er interessant, er at det har skjedd ei vesentleg endring i det genetiske mønsteret slik vi målar det, seier Røed.

For sjølv om det er mykje likt mellom genane til dyra frå romartida og dyra frå tidleg mellomalder, har det skjedd noko dramatisk. Typar av genar som var vanlege på 300- og 1200-talet, er borte i dag - eller ein finn lite av dei.

- Det er alltid vanskeleg å forklare evolusjonen, men ein kan jo har arbeidshypotesar, seier Røed.

Ein av dei er rett og slett at utstrakt tamreindrift dei siste 200 åra har gitt den dramatiske endringa. Innførte dyr frå heilt andre stammer kan ha blanda seg med den opphavlege stamma på Hardangervidda, og gitt den dramatiske endringa i genfrekvensar.

Kan ha vore overjakta

"Beinrestar frå Romartida. (Foto: Svein Indrelid)"

Naturlege svingingar i reinstamma kan også forklare noko. Professor Atle Nesje frå Bjerknessenteret ved UiB skal no analysere borekjernar frå botnen av vatn i området, og sjå om klimavariasjonar kan ha gitt reinen vanskelege kår i perioden.

Den siste hypotesen er meir dramatisk, men kan gå godt i hop med dei arkeologiske funna frå Sumtangen.

- Det var ein veldig stor og intens fangst i tidleg mellomalder. Kan han ha vore med på å redusere bestanden såpass at det kan ha vore lite som skulle til for å få endring? Vi har ikkje endeleg svar, men jobbar med dei to hypotesane, forklarer Røed.

Ei helsing fra Aslak, Ottar og Åmund

Korkje Indrelid eller Hufthamar er framand for ein slik tanke. Funna kan tyde på at jakta på tidleg mellomalder brått tok slutt, kanskje fordi det til slutt vart for få dyr å jakte.

Samstundes slutta også jakta på 2-300-talet brått. Og i over 600 år er det som om dei ikkje jakta rein i stor skala på Hardangervidda.

- Det er veldig rart. Kanskje kan ein skulde på naturlege svingingar, kanskje var det uråd å få organisert jakt i stor skala i den perioden. Jakt i mindre skala kan ha vore utbredd likevel.

Slik jakt som ein praktiserer i dag, med einskilde jegerar eller små lag, finn ein ofte ikkje spor etter, berre 5-6 år etterpå, forklarer Hufthammer.

Forsking på andre lokalitetar

No vil forskarane forske meir også på dei andre lokalitetane. I sommar var Hufthammer og Indrelid på fleire andre fangstplassar nær Sumtangen.

No har dei også søkt Forskningsrådet om midlar til å utvide jakta på sanninga om fangstfolket på Hardangervidda. Det er stadig fleire fangstplassar som ikkje er utforska.

Og Røed vil prøve å trekkje ut DNA frå kammar og reinsdyrbeinrestar frå Bryggen i Bergen og andre byer i Europa, for å stadfeste om den omfattande reinsdyrindustrien fekk råvarene sine frå Hardangervidda.

Kanskje kan det forklare kvifor Ottar, Åmund og Aslak brukte hausten sin på ei lita odde midt oppå Hardangervidda.

- Det at du veit namna på dei du forskar på, gjer det nesten litt personleg. Det er som om dei sender oss ei helsing frå fortida, smiler Indrelid.

Powered by Labrador CMS