Sol i sinnet

Medan nedbørsrekordane haglar over Bergen, er Jan Asle Olseth oppslukt av sola. I meir enn 50 år har solstrålane blitt målt og notert i tårnet på Geofysisk institutt.

Publisert

- Sola er jækla varm, konstaterer førsteamanuensis ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen (UiB), Jan Asle Olseth.

Han står i tårnet i det staselege bygget på Florida (!) frå 1928, der Vervarslinga på Vestlandet sender ut siste nytt om bølgjehøgda ved fiskebankane vest av Irland og der Geofysisk institutt, instituttet for meteorologi og oseanografi, held til.

Siste observasjon av temperaturen er rett under null grader celsius. Byen er velsigna med tilløp til blå himmel denne dagen, og fenomenet er tilbake etter det som kan verke som eit lysår i eksil: Sola skin.

- Sola er sjølve hovudenergikjelda. Det er den som skaper alt, seier Olseth.

Opplysningstid

Vitskapeleg sett er det derfor minst like interessant å studere sola som å notere millimeter nedbør. Denne erkjenninga har ført til at Universitetet i Bergen i dag har det mest velutvikla strålingsobservatoriet i Norge.

Olseth er meteorolog og ekspert på sol. Meir presist; han forskar på strålingsklima. Han har lagd ei rad studier av atmosfærisk stråling og fordeling av solstråling lokalt, regionalt, angulært, spektralt og i tid.

For å ta tid først: I Bergen har meteorologar kvar einaste dag sidan 1952 målt i timar kor mykje - eller lite - sol som har funne vegen ned mellom fjella.

Måleinstrumentet liknar ei spåkule montert som globus. Når sola trengjer tilstrekkeleg fram, skin den gjennom det blanke glaset. Eit spesialtilpassa papirstykke, som tåler vatn, er montert slik at strålane svir merke, og på grunnlag av storleiken på merka kan meteorologane notere seg solskinstida.

Det har vore til dels lite papirforbruk i vinter. Olseth ser på statistikken for oktober til desember 2004, perioden mange i vest vil hugse som eit svart hol.

- Men det vi kallar manns minne er kanskje ikkje så langt. Ser vi på middelverdien for denne perioden, er det ikkje så ille.

Lite lys og lite varme

Utskriftene av relativ solskinstid (i prosent av maksimalen) viser at det var middels legitimt å vere mørketidsdeprimert i tidsrommet oktober til desember, samla sett. Det var minst like mørkt fleire haustar på 1990-talet. Botnåra er 1954 og 1986, begge med ti prosent solskinstid.

Var du derimot deprimert i desember, kan du glede deg over godt talmateriale. I denne månaden svidde sola merker i papiret i berre seks prosent av tida. Seks hundredelar. Dette er middelverdien, og meiner du at det ikkje var sol i det heile, er ikkje det så rart.

- Middelverdien opptrer nesten aldri, og eit par solskinnsdagar er nok til at statistikken fort hevar seg opp frå konstant gjennomsnittleg mørke, seier Olseth.

Akkurat slik var det i desember 2004. 10. og 26. desember reiser kurvene seg som alpine fjell langs tallinjene. Elles er det flatt. Svart. Vil du oppleve mørketida, dropp Nord-Noreg, reis til Bergen og bli våt på kjøpet!

Strålande

I tårnet på Geofysisk institutt er det montert eit lite arsenal av små glasbobler, auge som alltid ser på himmelen. Dette er instrumenta som følgjer med sola. Dei ser meir enn du ser.

- Den synlege delen av solstrålane utgjer 40-50 prosent av strålane frå sola. Røft rekna er det like mykje energi i dei usynlege som dei synlege, fortel Olseth.

Augene i tårnet, som er kopla til datamaskiner i eit kontrollrom i etasjen under, oppfattar kvar for seg ulike typer stråling og til saman heile spekteret. Når strålane som sola sender ut når fram til atmosfæren, fordeler dei seg i eit anna bølgjespekter enn dei opprinneleg hadde.

Vitskapen deler solstrålane i atmosfæren inn i delvis synlege kortbølgjestrålar og i langbølgjestrålar, som vi ikkje kan sjå. Den usynlege delen av dei kortbølgja strålane er delvis såkalla nær infraraude og delvis dei kjende ultriafiolette UV-strålane, som i gode år gjerne dukkar opp som samtalemne rundt påsketider.

Kvar for seg og totalt påverkar alle strålane livet på jorda. Per dato slit vi med langbølgjestrålane. Når langbølgjestrålane blir sende ut frå jordoverflata og gir seg i veg mot verdsrommet, møter dei i aukande grad stengte dører i form av drivhusgassane i atmosfæren.

Måling og maling

- Ved å kombinere ulike målarar kan vi måle både den totale strålinga og dei ulike spektra. Vi har kontinuerlege timeverdiar av den totale strålingsverdien sidan 1965. Forresten blir ein ikkje så deppa av mangelen på langbølga stråling, trøstar Olseth.

Han har - hovudsakleg saman med makkeren gjennom mange år, Arvid Skartveit - produsert ei stor mengde publikasjonar om stråling og strålingsklima og modellar som kan brukast til å analysere tilhøva langt utanfor bygrensene i Bergen.

Dei som leitar etter nytte i denne forskinga, leitar ikkje lenge. I tillegg til at strålingsobservasjonen er avgjerande grunnlagsmateriale i forsking på det globale klimaet, har Olseth levert sine data til alt frå medisinske miljø til malingsindustrien.

- I planlegging er sol eit viktig parameter. Bruksområda for informasjonen er svært vid. Det kan vere medisinarar som treng data om UV-stråling, arkitektar og byplanleggarar som vil vite om lysforhold, landbruket som vurderer veksttilhøve, det kan gjelde utnytting av solenergi og malingsprodusentar som skal vurdere verknaden av stråling og strålingsklima, seier Olseth.

Radarparet Olseth og Skartveit har i fleire år vore involverte i internasjonal forsking i regi av EU. I prosjektet SATELLIGHT vart satelitteknologi brukt til å observere solstråling på bakken i Europa.

På heimesida til prosjektet finst det strålingsdata for ein kvar stad i Europa i perioden frå 1996 til 2000. Eit anna prosjekt, HELIOSAT-3, nyttar òg satelitteknologi til å registrere solstrålinga. Begge prosjekta har som mål å støtte opp under tiltak for å utnytte og ta i bruk solenergi.

Ultrafiolett

No er ny EU-forsking i startgropa. Gjennom eit samarbeid mellom fleire europeiske målestasjonar skal forskarane kartlegge og kombinere data over UV-stråling for å lage ein UV-klimatologi. UiB, med sine unike målingar tilbake til 1950- og 1960-talet spelar her ei sentral rolle.

- Vi skal prøve å finne ut korleis UV-strålinga har utvikla seg over tid gjennom å kombinere modellar som gir samanhengen mellom UV stråling og total solstråling med data vi har frå lengre tilbake.

- Dette er eit komplisert arbeid, ikkje minst fordi vi har variasjonar i ozonlaget, som fangar opp det meste av UV-strålinga, forklarer Olseth.

I tårnet på Geofysisk er strålane i ferd med å bli ferdigregistrerte for dagen. Sola sig ned bak fjellet i vest, i aust har to paraglidarar oppdrift ved Ulrikens topp. Solstråleeksperten observerer med det som kanskje er meteorologisk fascinasjon. Ingen kan paraglida förutan vind. Og vinden kan vi, som det meste anna, takke sola for. Ho er med oss, sjølv om det ofte ser mørkt ut.

- Bergen er ein stad der det ikkje alltid er så mykje stråling. Men den er i alle fall godt målt, konkluderer Jan Asle Olseth.