Bilete av barbarane

Dei innfødte i Orienten vart framstilte som primitive, usiviliserte, late og brutale. Vesten sine bilete av Austen var med på å rettferdiggjere kolonialiseringa.

Publisert
Napoleon var ein stor beundrar av den tidlege, egyptiske sivilisasjonen. Her er han framfor Sfinxen, malt av Jean-Léon Gérôme.
Napoleon var ein stor beundrar av den tidlege, egyptiske sivilisasjonen. Her er han framfor Sfinxen, malt av Jean-Léon Gérôme.

Vesten sitt tilhøve til Orienten har vore prega av både utnytting og fascinasjon, ifølge Siri Meyer, professor i kunsthistorie.

I boka Visuell makt. Bilder, blikk og betraktere ser ho nærare på korleis Vesten har sett på ”dei andre” opp gjennom historia.

Måleri og fotografi av fjerne himmelstrok skaper og byggjer opp under forestillingar og maktstrukturar.

– Det slåande er at vestlege kunstnarar som målte Orienten var opptekne av det eksotiske. ”Dei andre” vart gjennomgåande framstilte som primitive, usiviliserte, brutale og late. Dei blei avbilda på ein måte som gjorde at vestlege kunne føle seg som herrer og legitimerte dei vestlege kolonimaktene si framferd, seier Meyer.

Såg det dei ville sjå

Målarane som avbilda Orienten, anten på reiser i utlandet eller frå atelieret heime i Europa, skildra ”dei andre” ut i frå bestemte førestillingar. Røyndomen stemte ikkje alltid overeins med det biletet som vart formidla. På 1800-talet var mange i Orienten opptekne av Vesten.

Den egyptiske visekongen Muhammad Mehmet forsøkte å modernisere landet og innførte mellom anna ei klesreform der embetsmenn måtte gå bort frå bruken av turban og kjortlar og over til dressliknande klesplagg. Hamna i Kairo var fylt av dampbåtar og bybiletet bar preg av ein storby i ein moderniseringsprosess.

Verken dresskledde menn eller dampbåtar er å finne på måleri frå den tida. Kunstarane som kom til Egypt malte ikkje det dei såg, men det dei ville sjå.

– Dei søkte bevisst det som var meir førhistorisk enn det landet dei faktisk møtte, seier Meyer.

Plyndra kulturskattar

Då Napoleon la ut på felttog mot Egypt i 1798 hadde han ikkje berre med seg soldatar. Med i følget var også mellom anna arkeologar og kunstnarar. Napoleon var fascinert av det orientalske og sette i gong omfattande undersøkjingar og utgravingar i Egypt.

Den europeiske fascinasjonen for Orienten kjem til uttrykk i mange meir og mindre kjende måleri. Dei store ruinane, som mellom anna pyramidene og Sfinxen i Egypt, er eit ynda motiv.

I desse gjengjevingane ligg ei anerkjenning av tidlegare tiders store sivilisasjonar. Samstundes fortel bileta også ei anna historie om ”dei andre”, ifølge Meyer.

– Lokale innbyggjarar som er avbilda er framstilte som om dei ikkje var interesserte i desse historiske minnene. Dette var med på å legitimere at kolonimaktene tok med seg kulturminnene og stilte dei ut heime, seier Meyer.

Inspirerte av det framande

Siri Meyer, professor i kunsthistorie. (Foto: Kim E. Andreassen)
Siri Meyer, professor i kunsthistorie. (Foto: Kim E. Andreassen)

Samstundes understrekar Meyer at det biletet som vert teikna av ”dei andre” ikkje einsidig er eit bilete av utbytting.

– Orientalisme handla ikkje berre om å trykke dei andre ned, men også om å ta med seg delar av deira kultur, seier ho.

Mot slutten av 1800-talet vaks turistindustrien fram og mange ville reise til eksotiske stader. Samstundes dukka det opp fornøyelsesparkar med eksotisk arkitektur i europeiske byar. Helse- og sportsaktivitetar som bading vart dessutan viktige.

På desse nye samfunnsfelta hadde ein ingen tradisjonar, og her lånte ein friskt element frå den orientalske kulturen. Hageelskarar bygde små pagodar i hagane sine og dyrehagar byrja å importere eksotiske dyr.

– Underhaldningsbransjen vart orientalisert og slik er det til ei viss grad enno, seier Meyer.

Vedvarande hegemoni

Verda har endra seg mykje sidan vestlege kunstnarar ynda å framstille Orienten som eksotisk og usivilisert. Kina og India er i dag økonomiske stormakter. Meyer trur at dette etter kvart vil gjere noko med måten vi ser på desse nye stormaktene på.

Samstundes har Vesten eit fortrinn når det gjeld å skape bilete av ”dei andre”, i høve til mellom anna islamske kulturar som ikkje har nokon tradisjon for figurativ kunst. Kunstnarar i andre kulturar tek ofte til seg vestlege teknikkar og tradisjonar, ifølge Meyer.

– Dette gjev Vesten eit hegemoni langt utover den perioden der vi faktisk har vore suverene økonomisk og militært, seier ho.