Carta Marina, det tidlegaste nokonlunde korrekte kartet over den nordiske regionen, vart laga av Olaus Magnus, diplomat, etnolog, kartograf siste katolske erkebiskop i Sverige. Han brukte 12 år på kartet, som vart trykt i Venezia i 1539.
Carta Marina, det tidlegaste nokonlunde korrekte kartet over den nordiske regionen, vart laga av Olaus Magnus, diplomat, etnolog, kartograf siste katolske erkebiskop i Sverige. Han brukte 12 år på kartet, som vart trykt i Venezia i 1539.

Nordsjøen skapte den nordiske sivilisasjonen

Handel og flytting over Nordsjøen og Austersjøen var vel så viktig for bygginga av det moderne Europa som landa ved Middelhavet.

Publisert

Den nordiske regionen

Geir Atle Ersland har teke initiativ til forskingsprosjektet Den nordiske regionen 1000–1850, i regi av Forskargruppe for mellomalderstudier. Prosjektet er i ein oppbyggingsfase, men fleire delprosjekt er i gang.

Prosjektet skal dekke aust-vest-aksen frå Storbritannia til Russland som éin samanhengande region. Oversjøiske handelsruter og sjøen som kommunikasjonssystem er sentralt og ein ser på faktorar som migrasjon, økonomi og kulturell utveksling.

Forskargruppe i mellomalderstudier ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er ei vidareføring av Senter for middelalderstudier ved UiB, som hadde status som senter for framifrå forsking fram til 2012.

Når europearar ser bakover i historia, endar dei gjerne opp ved Middelhavet, hos dei gamle grekarane og romarane. Sett derifrå ligg landa kring Nordsjøen og Austersjøen i utkanten. Noreg er så langt nord at det knapt eksisterer.

Men no peikar fleire forskarar på at også den nordiske regionen var eit sentrum for sivilisasjonsbygging, og også her var det havområda som var i sentrum for kommunikasjonen.

Austersjøen-Nordsjøen var ei aust-vest-akse i nord som tilsvara Middelhavet i sør. Handelsrutene frå Dei britiske øyane i vest til Russland i aust førte til migrasjon og byutvikling i det som i mellomalderen og fram mot 1800 var oppfatta som Norden.

Norden var større før

– Medan byliv var sentralt for kulturen i Middelhavsområdet alt i antikken, var dette noko heilt nytt i Norden i mellomalderen. Då var det ein sterk urbaniseringsprosess, med tilhøyrande kulturell utveksling, seier professor i mellomalderhistorie, Geir Atle Ersland.

Professor Geir Atle Ersland, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
 (Foto: Walter Wehus)
Professor Geir Atle Ersland, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen. (Foto: Walter Wehus)

Eitt døme er kyrkjekunsten i Bergen, som kom frå verkstader i byar i Nord-Tyskland. Bakgrunnen var at Bergen var ein metropol for handel i det store nordiske rommet.


Ersland fortel at Norden i mellomalderen var mykje meir enn dei landa vi i dag inkluderer i definisjonen. 

– Norden var heile regionen kring Nordsjøen og Austersjøen. Desse havområda definerer eit rom for politiske prosessar, handel og kulturutveksling. Medan handelen over Middelhavet var meir prega av langreiste luksusvarer som krydder og silke, bestod varestraumen i nord av konsumvarer i store mengder, og sjøvegen var einaste transportveg, seier Ersland, som har teke initiativ til forskingsprosjektet Den nordiske regionen 1000–1850.

Siviliasasjonsbygging

– Vi vil sjå dette området under eitt ved å studere historiske utviklingsliner over lang tid og korleis oppfatningar av ei felles historie var med på å forme dei nye nasjonalstatane tidleg på 1800-talet.

Den britiske historikaren Michael Pye gav nyleg ut boka The Edge of the World: How the North Sea Made Us What We Are, og skal opne Christiekonferansen 2015 den 29. april i Bergen. I år har konferansen Nordsjøen som tema. Pye tek til orde for at sivilisasjonsbygging har foregått også i Nordsjøområdet .

– På same måte som Pye, definerer vi ein historisk region som var knytt saman over Nordsjøen. Men i motsetnad til Pye reknar vi Nordsjøen som den eine halvparten av eit større kommunikasjonssystem, der Austersjøen utgjorde den andre delen, og dei to havområda utgjorde den nordiske regionen, seier Ersland.

Finn handelsvarer i tollregister

På veg mellom Austersjøen og Nordsjøen måtte skipstrafikken passere gjennom Øresund. Her kravde danskekongen inn toll, og kvar passering vart registrert med ekte nordisk registreringsiver: meir enn 1,5 millionar passeringar frå slutten av 1400-talet til 1857, då Øresund-tollen vart avskaffa.

Førsteamanuensis Arne Solli, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB.
 (Foto: UiB)
Førsteamanuensis Arne Solli, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB. (Foto: UiB)

No blir desse tollregistera digitaliserte i Nederland, og førsteamanuensis i historie Arne Solli er ein av forskarane som nyttar dette materialet.


– I desse arkiva ser ein kor viktig korneksport ut frå Austersjøen var. Også lin og hamp, linfrø og linolje kom derifrå i store kvanta. Lin og hamp var råvarer for tekstilproduksjon, og til tau og segl, fortel han.

Hamp og lin vart arbeidd vidare i Nederland, England, Skottland og Noreg.

– Noreg var ein viktig partnar i handelen. Vi sende sild og torsk ut og importerte mellom anna rug, kveite og bokkveite frå Austersjøen. Tømmer er også sterkt representert i tollregisteret. Baltikum sende tømmer til Nordsjølanda, der det vart brukt til slikt som hus- og skipsbygging og til å stive opp gruvegangar med, seier Solli.

Ein open arbeidsmarknad 

Saman med varestraumane følgde det folk. Dei drog dit det såg ut til å vere bra med arbeid. Frå Noreg reiste mange til metropolen Amsterdam på 1600-talet, og nokre drog heilt til Manhattan, den gongen New York heitte Ny Amsterdam og vart kolonisert av nederlendarar.

– Det var relativt mange nordmenn i den nederlandske flåten. Løna var mykje betre enn i Noreg. Men frå Agder-fylka var det flest kvinner som drog. Dei vart i stor grad tenestejenter i Amsterdam. Nordmenn i Amsterdam høyrde til den lågtlønte klassa, men mange lærte å lese, for samfunnet i Amsterdam kravde lesekyndigheit. Dei som kom tilbake til Noreg etterpå, kunne vente seg eit karrierehopp heime. Dei kunne få teneste hos embetsmenn og kjøpmenn i byane, fortel Solli.

Kanskje var EU-draumen om fri flyt av arbeidskraft i Europa vel så realistisk i mellomalderen og i førmoderne tid som no. Det var fort gjort å gå om bord på eit skip og hoppe av i ei hamn i England, Nederland eller Nord-Tyskland.

– Men det var først og fremst høgt kvalifisert arbeidskraft som flytta seg på denne måten, seier Solli.

– Etter ein krig eller epidemi var det gjerne underskot på arbeidskraft i byane. Vanlege arbeidsfolk vart rekrutterte frå landområda i nærleiken, men utdanna arbeidskraft kom frå andre byar. Dei var ettertrakta fordi dei trekte med seg økonomisk aktivitet og gode nettverk. Det var ikkje uvanleg å tilby gode vilkår, som ein periode med skattefritak, for å lokke slike folk til byen.

Bergen var ein viktig del av handelsnettverket, ikkje minst gjennom det hanseatiske kontoret på Bryggen. Det er vanskeleg å vite detaljert kven som innvandra til Bergen og Noreg før ein byrja å registrere fødestad ved folketeljinga i 1865. Men Solli fortel at mange av dei som søkte borgarskap i Bergen, slik ein måtte for å drive som kjøpmann eller handverkar, opphavleg kom frå kystbyar aust i Tyskland, som Lübeck, Wismar, Rostock og Stralsund. Mange kom for å arbeide ved det hanseatiske kontoret og søkte seinare om borgarskap.

Kva skjeletta fortel oss

Også andre stader langs norskekysten var mobiliteten i folket stor. 

Postdoktor Stian Suppersberger Hamre, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB.
 (Foto: Walter Wehus)
Postdoktor Stian Suppersberger Hamre, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB. (Foto: Walter Wehus)

Stian Suppersberger Hamre, postdoktor i arkeologi, og tek mellom anna i bruk genetikk for å finne ut kvar skjeletta frå kyrkjegardar i mellomalderen i Trondheim kom frå. Dei førebelse resultata viser at mange hadde opphav kring Austersjøen.


– Det er ikkje slik at alle som vart fødde i Trondheim, vart verande der heile livet. Ein del er fødde der, har vore ute og reist og er komne attende. Ein del er fødde andre stader, fortel han.

Frå kvart skjelett har han teke litt bein og to jekslar. Beinet gjev informasjon om DNA, som kan seie noko om kva folkegruppe personen har høyrt til. Oksygensamansettinga i tannemaljen fortel kva geografisk område personen har vore i då tanna vart danna.

– Vi kan ikkje seie at nettopp denne personen kom frå nettopp denne byen, men vi kan seie noko om den genetiske spreiinga i befolkninga i Trondheim i desse periodane. Om nokon førestiller seg at Noreg i mellomalderen var busett av menneske med rein, norsk gensamansetting, så er det langt frå sanninga. 

Skjeletta er gravlagde i ulike tidsperiodar, nokre mellom 1100 og 1400, andre frå 1600 til midt på 1800-talet, altså etter reformasjonen. Sidan Trondheim var eit viktig pilegrimsmål i katolsk tid, er Hamre nysgjerrig på om det er store skilnader i kven som kom til byen før og etter reformasjonen. Svaret på det spørsmålet er enno ikkje klart, men skjeletta kan fortelje litt om det sosiale hierarkiet.

– Kyrkjegardane var delt inn etter sosial status, og vi ser på skjeletta at dei som høyrde til lågare sosiale lag, levde tøffare liv. Det er meir slitasje på skjeletta di lenger vekk frå kyrkja dei ligg, seier Hamre.

Mental omvelting

Men den frie flyten av varer og arbeidskraft over Nordsjøen og Austersjøen skulle ikkje vare. Då industrialiseringa sette inn etter napoleonskrigane, vart områda i aust dominerte av Russland og Preussen. Nordsjølanda byrja difor å importere kornet sitt frå Nord-Amerika i staden. 

– Då blir Austersjøen ei grense mot aust og ikkje lenger eit nordisk innhav slik det var tidlegare, då Sverige og Danmark dominerte kring Austersjøen. Det gamle handelsnettverket vender seg mot vest i staden, seier Arne Solli.

Straumen av folk og varer som har flytta på seg langs nokolunde stabile utviklingsliner, var truleg viktigare for sivilisasjonsutviklinga i Nord-Europa enn krigar og storpolitikk, meiner Geir Atle Ersland. 

– Til dømes prega reformasjonen det nordiske området, medan landa kring Middelhavet framleis er katolske. Det var havstrekningane som formidla desse impulsane. I dag er kommunikasjonen heilt endra. Skulle du ein stad for nokre hundre år sidan, måtte du om bord i eit skip og gjere ei lang sjøreise. No er det ingen som tenkjer på skip når dei skal til Storbritannia eller kontinentet. Det har vore ei enorm mental endring, og eit prosjekt som dette let oss utfordre det mentale kartet vårt.