Grunnvatn er ikkje alltid friskt

I Bangladesh og India drikk mange millionar menneske grunnvatn etter råd frå europeiske geologar. Men grunnvatnet inneheld arsen som kan gje døydeleg sjukdom.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Grunnvatn er normalt fritt for bakteriar og er dermed rekna som trygt å drikke. Denne haldninga har fått alvorlege konsekvensar i Bangladesh.

Her fekk nemleg befolkninga råd om å drikke grunnvatn, ettersom folk vart sjuke av å drikke overflatevatn. Det dei velmeinande geologane gløymte å gjere, var å undersøke det kjemiske innhaldet i grunnvatnet.

– Det høge arseninnhaldet i grunnvatnet i Bangladesh gjer at mange utviklar hudkreft. Først får ein føflekkliknande flekkar, som sidan utviklar seg.

– Det er millionar av menneske som drikk vatn med alt for høgt innhald av arsen. Dette er kan hende ein av dei største menneskeskapte katastrofane, på grunn av geologane sin innsats, seier Rolf Tore Ottesen, geolog ved Norges geologiske undersøkelse (NGU).

Uran i hyttebrønnar

Også andre stader i verda finnest grunnvatn med ei for menneske uheldig kjemisk samansetning. Mange stader har grunnvatnet så høgt innhald av fluor at folk utviklar den alvorlege skjelettsjukdomen fluorose.

I Noreg finst det stader med grunnvatn med høgt innhald av uran.

– Det uranhaldige grunnvatnet finn ein særleg i hyttebrønnar på Austlandet. Sidan det er hyttebrønnar drikk folk lite mengder av dette vatnet slik at det ikkje er farleg.

– Men hadde det vore heilårsforsyning av vatn til bustader, ville det vore farlegare, seier Ottesen.

Ottesen forskar på geomedisin, som viser samanhengen mellom naturleg kjemisk miljø og human helse. Men Ottesen meiner ein også bør sjå på samanhengen mellom forureina urbane miljø og helse.

– Det er viktig å setje byar på dagsorden. Halvparten av jordas befolkning bur i byar, seier Ottesen.

Ein by med eit svært ureina jordsmonn, er Bergen. Ifølge Ottesen er Bergen ein av dei mest ureina byane i Noreg.

Bergen mest ureina

Ifølgje Ottesen er jordsmonnet i indre bykjerne ein gedigen søppelplass med avfall frå menneskeleg aktivitetar.

– I eit bymiljø har kvar generasjon lagt att kjemiske spor i jorda. Berre tenk på alt det maling som vert brukt. Dette flassar av og legg seg i jorda. Grev ein eit hol i indre bykjerne i Bergen, vil ein finne mange lag med avsetjingar. Ein kan til dømes sjå eit klart lag frå eksplosjonsulykka i 1944, seier Ottesen.

Jordsmonnet i Bergen har høge konsentrasjonar av bly og tjære i jorda. Bly har ein destruktiv effekt på sentralnervesystemet og kan blant anna føre til nedsett læreevne.

– Dette merkar ein ikkje til dagleg, men det har ein del å seie for barn som leikar i jorda. Dei kan lett få i seg giftig jord. I 1999 undersøkte me alle barnehagar i Bergen sentrum, og alle måtte skifte jord for å sikre barna eit trygt leikemiljø, seier Ottesen.

Ein tilsvarande undersøking av jorda i barnehagane Bergen kommune vart gjennomført i 2008.

Bakgrunn:

Helsetrusselen ein finn i naturlege miljø og i ureina urbane miljø, vil Ottesen ta opp i eit ope foredrag i dag på Vinterkonferansen 2009 i Bergen.

Konferansen i regi av Norsk Geologisk Forening, har ei rekke foredrag som er opne for publikum i samband med FN-året Planeten Jordens år.

Powered by Labrador CMS