Juks og gråsoner

Forskarsamfunnet fortel om sunne tilstandar og omfattande sjølvgransking i kjølvatnet av Sudbø-saka. Trass i at presset om å publisere i meritterte tidsskrift gjer det meir fristande å fuske.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Då Sudbø-saka sprakk angjekk det alle i det norske forskingsmiljøet. Jon Lekven, som er leiar for Regional komite for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk for Vest-Norge, seier at Sudbø-saka var ein vekkar.

- Det sentrale med Sudbø-saka var at medarbeidarane i prosjektet aldri hadde oversikt over totaliteten i datamaterialet, og kunne difor vanskeleg oppdage kva som ikkje stemte. Dette er ei veldig viktig lekse.

- Den mest positive følgja av denne tragedien er at det har auka medvitet om at ein skal kjenne til alle delar av datamaterialet. Alle forskarar bør kjenne og halde seg til Vancouver-reglane, seier Lekven, som er professor i eksperimentell kirurgi ved Universitetet i Bergen.

Inga oppfølging

Jon Sudbø gjennomførte prosjekta sine utan å gå gjennom den regionale forskingsetiske komiteen. I det tilfellet komitéen for Sør- Norge.

- Men eg trur ikkje dei hadde stoppa han, seier Lekven. - Den regionale forskningsetiske komiteen vurderer prosjekt før dei blir sett i gong, men har inga oppfølging av prosjekta dei godkjenner.

- Her er det eit hol i kontrollen av forskinga, og vi er avhengige av integriteten til forskarane.

Det er blitt hevda at noko av forklaringa på den totale systemsvikta i Sudbø-saka, ligg i at leiinga mista oversikta i villniset av søknader og prosedyrar forskaren må igjennom for å få forske. Men det held ikkje å skulde på det, meiner Lekven.

- Villniset er neppe heile forklaringa ettersom det var eit aktivt og planlagt lureri av medforfattarane frå Sudbø si side.

Gjennom Sudbø-saka oppdaga styresmaktene at dei ikkje hadde noko organ for å handtere slike alvorlege saker. Dette førte til opprettinga av eit nasjonalt utval som skal handsame saker der det er mistanke om fusk.

Utvalet er leia av jusprofessor ved UiB, Johan Giertsen. Frå 1. juli 2007 krev dessutan den nye etikklova at eitkvart prosjekt der menneske er involvert skal godkjennast av ein forskingsetisk komité.

Nye reglar

Også i det matematisk-naturvitskaplege miljøet har Sudbø-saka fått ringverknader.

- For å unngå slike patologiske tragediar som i tilfellet Sudbø, er det viktig at vi er opne i diskusjonen om data. Vi må ha ei form for internkontroll der vi til dømes kan vite at instrumenta som forskarane seier dei har brukt faktisk eksisterer. Det er også veldig viktig med journalføring av forskingsdata. Dette seier professor ved UiB, Dag E. Helland, som er leiar for Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT).

I desse dagar kjem det ut nye forskingsetiske retningsliner for NENT. Her vil det bli stilt klarare krav til dei som kan vere med på ein vitskapleg artikkel. Ei utfordring er tverrfagleg samarbeid. Dette kan i utgangspunktet skape problem for medforfattarskap, fordi ein botanikar ikkje alltid kan sjekke zoologens data og omvendt.

Helland har jobba mykje som forskar i USA, og fortel at ein til dømes ved Harvard universitetet ikkje fekk lov å ta med originaljournalen ut frå området.

- Det er slappare i Noreg enn i USA, meiner prosessoren i molekylærbiologi. Han peikar mellom anna på at det ikkje er noko system for å ta inn eller ut data frå campus.

- Forskaraktiviteten er jo relativt liten, vi har jo ingen forskingsuniversitet, seier han. Forskarar lever under eit konstant publiseringspress, og Dag Helland er samd i at kreditering basert på publiseringssystemet det no er lagt opp til kan stimulere til juks. Han trur likevel at det er lite utbreidd i Noreg.

Teljekantdiktaturet

Gaute Velle er førsteamanuensis i zoologi ved Bergen Museum. Som ung, midlertidig tilsett ved Universitetet i Bergen er publikasjonar avgjerande for høve til å få fast jobb.

"Gaute Velle forskar på effekten av klimaendringar blant anna med fjørmygg som modellorganisme. Det er svært få som kan etterprøve hans forsking. Å jukse er uaktualt. - Det ville rive grunnen under arbeidet mitt, seier han."



- Vi lever i eit teljekantdiktatur, der publikasjonane har ei heilt sentral rolle for om ein lukkast eller ikkje. Slik som systemet er lagd opp, er det mykje å vinne på å ta snarvegar, seier Velle.

- Etter Sudbø-saka var det mange som spurte seg kva det er dei held på med. Eg trur at det var ei oppvaking for mange, seier Velle.

Han forskar på effekten av klimaendringar blant anna med fjørmygg som modellorganisme. Det blir lange periodar på labben om gangen. Med spisskompetanse på fjørmygg er det svært få som kan etterprøve hans forsking.

- Klart det kan vere freistande å ikkje telje fullt så mange som ein burde. Er det juks om ein berre tel tre mindre? Tre av tusen? spør Velle og svarar sjølv:

- For meg ville det øydelegge gleda ved å forske om eg hadde juksa. Det ville rive grunnen under heile arbeidet mitt. Til dagleg er det ikkje noko problem å fuske. Ein er mykje overlaten til seg sjølv som forskar. Og det er gråsonene som er interessant å sjå nærare på, for svært få saker er så klare som Sudbø-saka, meiner Velle.

- Eg trur at fusk er vanlegare enn vi fryktar, og det er ingen grunn til å opphøge forskarar over vanlege moralnormer. Samstundes vil eg hevde at dei aller fleste forskarar er for glade i arbeidet sitt til at dei ønskjer å fuske.

Men det fins ulike typar juks, påpeikar Velle. Å ikkje vere godt nok oppdatert fagleg og dermed gjere feil val grenser også mot fusk. Det som er viktig er resultatet. Enten ein har juksa medvite eller ikkje, kan ein kome til feil konklusjon.

Positive resultat

Velle meiner at det er lettast å publisere signifikante positive resultat.

- Det er mykje lettare for meg som forskar å søke etter positive resultat. Som forskarar burde vi vere flinkare til å presse redaktørane til å ta inn sprikande data, fordi dette kan bidra med verdfull informasjon.

Vi spør Jon Lekven om dette også gjeld for medisinske forskingsartiklar. Lekven er ikkje samd i at det i medisinsk forsking er mykje underrapportering av negative funn.

- Men terskelen er nok høgare for at redaktørane av dei anerkjende vitskaplege tidsskrifta aksepterer ein studie som er negativ, meiner han.

- Særleg om det tidlegare har vore artiklar som melder om positive funn. Det er ein voldsam kamp om spalteplassen, men negative studiar som er viktige kjem likevel på trykk, hevdar han.

Godt rettsvern for forskarar

Ansvartilhøva når det gjeld juksesaker er litt overlappande. Men Johan Giertsen trur at grensene for mandatet til det nye nasjonale utvalet han leiar, er forholdsvis klare.

Men det er institusjonane sjølve som sit med det endelege ansvaret for å straffe juks. Det utvalet i følgje lov om forskningsetikk skal gjere er å avklare om forsking har vore uheiderleg.

Men eit ja eller nei på dette spørsmålet er i prinsippet ikkje avgjerande i relasjon til arbeidstakaren si arbeidsrettslege stilling. Det er arbeidsgjevaren som må ta stilling til arbeidsrettslege sanksjonar, som personalsak. Eventuelt erstatningsrettsleg ansvar knytt til mogleg misbruk av forskingsløyvingar må vurderast av den private eller offentlege institusjon som har ytt finansieringa.

Utvalet sin konklusjon på uheiderleg-spørsmålet vil derfor i seg sjølv ikkje ha nokon rettsverknad i høve til dei forskarane det gjeld.

- Korleis er rettsvernet for forskarar som blir mistenkt og eventuelt «dømt» for uheiderleg forsking?

- Forvaltningslova og forskrift til lov om forskingsetikk gjev eit grunnlag for å gjennomføre denne typen granskingar på ein rettssikker måte. Som utvalsleiar er mi hovudoppgåve å bidra til at granskingane blir gjennomførde på ein rettssikker og tillitsvekkande måte, seier Giertsen.

Få juksesaker ved UiB

Ved Universitetet i Bergen har dei få saker der forskarar er involvert i juks. Redelighetsutvalget ved UiB hadde i 2006 to saker, som involverte fire personar. Ingen av sakene førte til at utvalet tilrådde tiltak. Redelighetsutvalget sit uansett ikkje på sanksjonar. Desse må universitetsstyret vedta.

- Om redelighetsutvalget finn grunn til det, tilrår dei at arbeidsgjevar går inn med tiltak. Den eine saka som vart handsama i utvalet kom i kjølvatnet av Sudbø-saka, fortel seniorrådgjevar ved UiB, Per Gunnar Hillesøy.

- Det ser ut til at det oftast er strid om opphavsrett og beslekta rettar til tekst. Publiserings- og meritteringspresset fører nok til at ting ein kan sette namnet sitt på blir veldig verdifullt. Nokon kan trø feil, eller gjere ei ærleg tabbe, seier Hillesøy.

Forskningsetikklova

Den nye lova om Forskingsetikk tok til å verke 1. juli 2007. Lova seier mellom anna at forskingsprosjekt i Noreg som inneber forsøk på menneske, skal leggast fram for Dei regionale komitear for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK) til godkjenning.

Lovvedtaket inneber at Den nasjonale forskningsetiske komité for medisin og helsefag (NEM) blir ankeinstans for vedtak i REK. Vitenskapelig uredelighet er i loven definerer dette som: «Forfalskning, fabrikkering, plagiering og andre alvorlige brudd med god vitenskapelig praksis som er begått forsettlig eller grovt uaktsomt i planlegging, gjennomføring eller rapportering av forskning.»

Powered by Labrador CMS