Bakgrunn: Tvilen som tar liv

Stadig fleire tviler på vitskap, uansett kor mange vitskaplege funn ein slår i bordet med. Forskarar fryktar antivitskaplege haldningar kan ta liv.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg er redd for ein antivitskapleg tendens i samfunnet, og kva som vil skje dersom vitskapen misser si tyding som kunnskapsbase, seier Tore Furevik, klimaforskar ved Bjerknessenteret og professor ved Universitetet i Bergen (UiB).

Medan vitskapen tidlegare vart tenkt på som nøytral, har samfunnet generelt blitt meir skeptiske til autoritetar. Det er noko også vitskapen har fått smake.

I eit pessimistisk lys kan ein kalle det for ei antivitskapleg bølgje, er ein meir optimistisk kan ein kalle det sunn skepsis.

Den amerikanske vitskapsjournalisten Michael Specter kallar det “denialism” (fornektelse). I fjor gav han ut boka nettopp med tittelen Denialism. How Irrational Thinking Harms the Planet and Threatens Our Lives.

Her kategoriserer og skildrar han det han kallar ein farleg trend, det å forkaste vitskapleg kunnskap når det kjem til spørsmål om legemiddelindustrien, alternative medisiner, klimaforskning og vaksiner.

Specter peiker på at vaksinemotstandarar gjerne ikkje oppfattar seg som fornektarar, dei kan vere bekymra foreldre som er redd for kva vaksina inneheld av tilleggstoff.

Men sluttar mange nok å ta livsviktige vaksiner som MMR-vaksina, kan det føre til at meslingar igjen får feste i befolkninga og mange barn vil døy eller bli livsvarig hjerneskade. Det har gått så lang tid sidan meslingar var farleg, at folk ikkje lenger hugsar trusselen.

– Det er trist dersom ein av ti millionar dør av ein vaksine, men alternativet kan vere langt farlegare, at dødelege sjukdommar kjem attende og drep mange millionar. Me må sjå risiko i samanheng med gevinst, og tenke på samfunnets beste, sa Specter til Dagens Næringsliv i februar i år.

«Supervaksine»

I Noreg er det mange foreldre som vegrer seg mot å vaksinere døtrene sine mot det såkalla HPV-viruset (humant papilloma-virus) som kan føre til livmorhalskreft.

30 prosent av alle norske jenter fødd i 1997 har ikkje tatt vaksina i det heile, medan 22 prosent av jentene som er fødd i 1998 ikkje har byrja å ta vaksinen. Ni år etter at HPV–vaksina vart teken i bruk , har ingen av dei vaksinerte fått livmorhalskreft eller forstadier til kreft, forårsaka av dei virus dei var vaksinert mot.

Det var våren 2000 at det amerikanske legemiddelfirmaet Merck hadde utvikla det dei rekna med var ein effektiv HPV-vaksine. Dei kontakta Den norske Kreftforeningen, for å høyre om dei var interesserte i eit samarbeid om testing av vaksina.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Merck såg på dei nordiske landa som svært attraktive land å foreta ei utprøving, fordi ein her i landet har gode fagmiljø og ikkje minst gode helseregister, deriblant Kreftregisteret.

– Styret i Kreftforeninga var begeistra. Sjølv var eg skeptisk, og kritisk til vaksina, seier Ole-Erik Iversen, professor i medisin ved UiB.

Iversen har ei lang karriere som gynekologspesialist bak seg. Han har jobba med kvinner med livmorhalskreft gjennom mange mange år. At det skulle vere mogleg å finne ein vaksine mot visse typar livmorhalskreft, trudde Iversen rett og slett var for godt til å vere sant.

Ingen fekk kreft

Da Merck kontakta Kreftforeningen, hadde vaksina gjennomgått laboratorie- og dyreforsøk. For at ei vaksine skal bli godkjent må den også gå gjennom tre fasar med utprøving på menneske: Først på frivillige for biverknader, deretter testar for å finne den rette doseringa.

No var tiden kommen for den tredje fasen, og vaksina skulle testast på 12 000 deltakarar, der rundt halvparten fekk placebo-vaksine. 5 500 av deltakarane var frå Norden, resten frå andre land.

– I HPV-saka har eg sett tilfeller der legar oppfordrar til seksuell avhold i staden for vaksine, seier Ole-Erik Iversen. (Foto: Walter Wehus)

– Av dei 12 000 deltakarane som vart testa, vart det rapportert om 29 tilfeller av forstadier til livmorhalskreft, og alle desse tilfella var i placebo-gruppa.

– Dette var oppsiktsvekkande, og fekk som konsekvens at vaksineutprøvinga vart avbrutt. Fordi den var så effektiv og trygg at ein såg at dei kvinnene som fekk placebo-vaksina vart utsette for risiko for å utvikle kreft, seier Iversen.

Det er heilt spesielt at ei vaksineutprøving vert avbroten slik. Vaksina vart raskt godkjent rett og slett fordi den reddar liv. Livmorhalskreft er den nest hyppigaste kreftforma i verda for kvinner, og i mange land i tredje verda den aller vanlegaste.

– Det første resultatet frå langtidsoppfølginga vart presentert i Lisboa i midten av mai i år. Etter ni år har ein ikkje oppdaga svikt i effekten.

– Ingen av dei 5500 vaksinerte har fått forstadier til kreft, mange trur no at effekten er livsvarig slik ein har sett med hepatittvaksina, seier Iversen.

Kritiserer einsidig informasjon

Professor og klimaforskar Tore Furevik blir oppgitt over kor vanskeleg det er å bli trudd på at klimaendringane er menneskeskapte. (Foto: Lars Holger Ursin)

I tillegg til «folkeleg» skepsis til HPV-vaksina har også Bioteknologinemnda vore kritiske. Men ifølgje direktør Sissel Rogne i Bioteknologinemnda har dei aldri vore i mot vaksina.

Det dei har vore kritiske til er at dokumenta ikke hadde god nok risikovurdering, og at det ikkje var tid til informasjon verken til helsesøstre eller foreldre.

– Folkehelseinstituttet sa at vaksina var trygg. Men alle vaksiner har biverknader. Vi meinte at informasjonen var einsidig og unøyaktig. Til dømes blir det feil å kalle det ei vaksine mot livmorhalskreft, fordi den berre beskyttar mot nokre, dog viktige typar virus.

– Å misforstå det kan vere livsfarleg, dersom kvinnene trur dei ikkje kan få underlivskreft lenger etter vaksinering og difor ikkje tar celleprøver, seier Rogne.

Ho legg til at Bioteknologinemnda òg meiner at ein hadde altfor stort hastverk med å innføre vaksinen og at staten burde betale den også til dei som vil vente til jentene er 13, 14 eller 15 år.

Vil ha openheit om vaksina

Rogne vil ikkje vere med på at Bioteknologinemnda er med på å forvirre folk med å vere kritiske til vaksina.

– Nei, for at folk skal ha tillit til helsevesenet er det viktig å være åpen om biverknader og begrensningar. Vår kritikk skyldast først og framst at vi var redde for at folk ikkje skulle skjønne begrensningane til vaksina.

Direktør ved Folkehelseinstituttet Geir Stene-Larsen har avvist kritikken frå Bioteknologinemnda fullstendig.

– Dette viser at Bioteknologinemnda ikkje har sett seg skikkelig inn i saken og dei etiske momenta dei trekker frem, har vore grundig diskutert i samband med beslutningsprosessen, sa han til nettstaden Norsk helseinformatikk i 2009.

Det er Folkehelseinstituttet som har gått inn for å innføre vaksina i Noreg.

Og mens Bioteknologinemnda meiner at det finst faglege grunnar til å vere kritiske, lar foreldre seg truleg også påverke av saker i media. I 2009 reagerte britiske medier med krigstypar då ei 14 år gammal jente døydde etter å ha fått HPV-vaksina på skulen.

Det som ikkje kjem fram i artiklane – som framleis finst på nettet – er at jenta døydde av ein hjernesvulst, heilt uavhengig av HPV-vaksina.

Norske medier plukka også opp ballen og presenterte overskrifta «20 jenter døydde» over to sider då dei skreiv at HPV-vaksina kunne bli innført i Noreg. Nedst i teksten kunne ein lese at dødsfalla ikkje kunne knyttast til vaksina.

Autismejuks

Også for MMR-vaksina vaks skepsisen himmelhøgt etter at den britiske legen Andrew Wakefield i 1998 viste til ein samanheng mellom autisme og vaksina. Nokre år seinare vart desse resultata avslørte som forskningsjuks.

Likevel lever mytene i beste velgåande i debattfora på nettet. Og Wakefield står på sitt, sjølv om han vart fråteken autorisasjonen som lege og mista all tillit som forskar.

– Det er farleg når ein ikkje vil vaksinere barn, det skal ikkje så mange til før ein ikkje lenger er trygg for meslingar, seier Rebecca Cox, leiar for influensasenteret ved Haukeland Universitetssjukehus.

Ho viser til ei auke i antal meslingetilfelle i Storbritannia og Europa sidan 1996.

– Det burde ein ikkje hatt i den vestlege verda i dag, når ein har ei så god vaksine mot meslingar. Å ta vaksina er ein liten risiko samanlikna med risikoen ved å bli sjuk.

– Meslingar er ein alvorleg sjukdom som kan føre til hjerneskade og død. Eg trur folk kanskje har gløymt det i dag.

Cox minner om at det finnest nokre menneske som ikkje kan vaksinerast. Barn under 15 månader er til dømes ikkje vaksinerte i Noreg. Dei er likevel beskytta mot meslingar, kusma og røde hundar fordi den store delen av befolkninga er vaksinerte.

Men når folk sluttar å vaksinere barna sine, aukar den mengda av befolkninga som ikkje er vaksinerte, og ein kan få sjukdomsutbrudd.

Kven betalar?

Ragnar Fjelland, professor i vitskapsfilosofi ved UiB, meiner folk godt kan vere skeptiske til vitskap.

– Det er sunt for vitskapen at ein møter motstand. Vitskapen må vise fram usikre moment, og tole kritikk. Men den type kritikk som klimaforskerne møter for eksempel, den forstår eg at dei vert lei av, seier Fjelland.

Som klimaforskar ved UiB og Bjerknessenteret møter Tore Furevik stadig dei same argumenta. Gjerne frå eldre professorar i tilgrensande fagfelt, som ikkje sjølv forskar på klimasystemet, men som har tyngda av ein naturvitskapleg professortittel.

Dei har lese seg opp på klima, men heng seg opp i einskilddetaljar.

– Nær hundre prosent av alle publiserte forskingsresultat seier at den globale oppvarminga me har vore vitne til dei siste 50 åra, i all hovudsak er menneskeskapt. Likevel bombarderar klimafornektarane, eller klimarealistane som mange kallar seg, media med dei same argumenta om igjen og om igjen.

– Argumenta hentar dei frå enkeltarbeid som tilsynelatande sår tvil om den gjengse oppfatninga, og oppdaterer ikkje kunnskapen når ny forsking viser at konklusjonen i desse enkeltarbeida har vore feil.

– Det er umogeleg for oss klimaforskarar å svare på alle debattinnlegga i media, då hadde me ikkje hatt tid til å gjere anna, seier Furevik.

Ragnar Fjelland minner om at ein må sjå etter motiva bak motstandarar av vitskap. Klimadebatten handlar om politikk og pengar. Bak mange dei klimaskeptiske argumenta står oljelobbyen. Han hentar fram boka Merchants of Doubt, av historikarane Naomi Oreskes og Erik Conway.

I boka viser forfattarane korleis ei lita gruppe vitskapsmenn på seksti- og syttitalet sådde tvil om den vitskaplege forskninga kring skadeverknadane av tobakk. Blant desse vitskapsmennene var professorane Fred Singer og Fred Seitz.

Det har seinare vist seg at dei to og deira gruppe vitskapsmenn var betalte av tobakksindustrien for å så tvil kring samanhengen mellom røyking og lungekreft.

Frå røyking til klima

Så i dag, 30–40 år etter, dukkar Fred Singer og Fred Seitz opp blant skeptikarane i den amerikanske klimadebatten. Ved å nytte samme teknikk som i tobakkslobbyen, sår dei tvil om klimaforskarane sin redelighet og objektivitet. Denne gongen er Singer og Seitz betalte av den amerikanske oljelobbyen.

Oreskes og Conway viser at det er ein påfallande likskap mellom strategien til klimaskeptikarane og den strategien som vart nytta i diskusjonen om røyking og lungekreft, og at altså til og med nokre av dei same aktørene går att, sjølv om dei no naturlegvis er sterkt aldrande.

På same måte som på klimafeltet opplever lege Ole-Erik Iversen at legar opptrer i falske klede når dei går ut og åtvarar mot HPV-vaksina.

– Ein ting er vaksinemotstandarane som av frykt for tukling med naturen er skeptiske til vaksiner. Ein ganske annan sak er det når folk som burde visst betre går ut med sin faglege bakgrunn og gir sine ord autoritet, seier Iversen.

Legar vert oppfatta som ekspertar, men dei bør ikkje gå inn i antivaksinekampanje med sin autoritet som lege, når dei langt fra er ekspertar på vaksineområdet. Sjølv om ein er lege, så kan ein ikkje alt om vaksinar, seier Iversen.

Powered by Labrador CMS