Slutt på urørt villmark

Sjansane for å finne "urørte" arktiske miljø som ikkje er påverka av klimaforandringar, er liten. Det er konklusjonen til ei forskargruppe som har studert biologiske endringar i arktiske innsjøar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Det er ein større produksjon i dei arktiske innsjøane enn før. Sommaren er blitt lengre og isdekket er redusert, og det fører til større produksjon av algar og smådyr. Denne utviklinga er aukande, seier professor i botanikk ved Universitetet i Bergen, John Birks.

"Innsjø i arktisk Canada (Ellesmere Island). Perioden der dei arktiske innsjøane er isdekte, blir stadig kortare. (Foto: Bronwyn Keatley, Queen's University)"

Han er medforfattar på ein artikkel i Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS). Den internasjonale forskargruppa har undersøkt artsforandringar dei siste 150 år i innsjøsediment frå arktiske område i Canada, Finland, Russland og Svalbard.

Birks har stått for den statistiske utrekninga av storleiken på endringane. Undersøkingane har vist at dei største endringane har skjedd i dei nordlegaste områda. Det har lenge vore stor semje hjå klimaforskarar om at dei første og sterkaste signala om klimaendringar vil kome nær polane.

Menneskeskapt oppvarming einaste forklaring

Forskarane har undersøkt mikrofossil i sediment frå 46 innsjøar i arktiske område. Dei viser relativt stabile tilhøve fram til om lag 1850. Etter dette har det skjedd store endringar i diversiteten av algar og smådyr i sedimenta.

Dette er ei grunnleggjande utvikling som kan vere uråd å snu, og som kan få store konsekvensar for heile det arktiske dyre- og plantelivet.

- Vi veit at endringane ikkje skuldast sur nedbør eller forureining, og heller ikkje menneskeleg aktivitet nær innsjøane, for dette er relativt urørte område. Auka nitrogeninnhald i atmosfæren kan vere ei medverkande årsak i nokre tilfelle, men kan ikkje forklare det konsistente mønsteret.

- Då er det menneskeskapte klimaendringar som står att, også fordi funna fell godt saman med prediksjonar frå klimamodellane, seier Birks, som trur at vi i praksis ikkje lenger har urørt øydemark i Arktis.

Treng meir data

- Personleg trur eg, sjølv om det står att å vise, at same type endringar har skjedd på landjorda. Eg har sett nokre foto frå ein engelsk ekspedisjon til Svalbard på 1930-talet. No kan ein ikkje kjenne att områda som er fotograferte. Det er mykje meir vegetasjon, men her treng vi meir data før vi kan konkludere, seier han.

Det er første gong slike data er samla systematisk over eit så stort område. I tillegg til å vise alarmerande endringar i arktiske økosystem, vil datamengda gå inn som ein del av arbeidet med å rekonstruere klimaet i fortida, så ein betre kan skilje mellom naturlege og menneskeskapte klimaendringar.

Powered by Labrador CMS