Camping i byen, på Ekerbergsletta i Oslo. (Foto: Nsaa/Wikimedia Commons)

Camping – frå idyll til småharry

Frå å være 1950- og 1960-talets sydentur, har campinglivet lagt bak seg litt av ei ferd frå storheitstida og til i dag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ferieturen slik vi kjenner den i Noreg i dag, er eit etterkrigsfenomen. Det var ikkje før etter krigen då velstanden økte, at vi hadde råd til å reise på ferie.

– Frå 1950-talet av fekk ein plutseleg tre veker ferie, og ein byrja å feriere på ein heilt annan måte, fortel professor Per Østby ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU.

Motellferie i Sverige

Gjennom eit internasjonal prosjekt på livsstil og fritid har professoren sett nærare på kva rolle campingturismen har spelt i Noreg. Studien hans kjem på trykk i tidsskriftet Journal of tourism history til hausten.

– I prosjektet ser ein på feriefenomen i ulike land som Sverige, Danmark,  Finland og Nederland. I Sverige var det populært å nytte seg av ulike typar overnattingar på hotell, motell og på campingplassar.

– I Nederland vart syklar nytta mykje, og her til lands var det campinglivet som gjaldt, seier han.

Ferien endra seg

Omgrepet ferie har endra seg i norsk kultur i løpet av berre dei siste hundre åra. Campinglivet fekk ikkje sitt inntog før på 1920-talet, då nokre reiste på campingtur på sykkelen og i små, enkle telt i skog og mark.

Så kom bilen og campinglivet tok til for alvor, og ein tok med seg både små og store i bilen med campingvogna trillande bak.

– Framveksten av massebilismen på 1960-tallet, er heilt avgjerande for å forstå den betydninga campinglivet fekk, seier Østby og legg til:

– På mange måtar var campingferien 1950- og 60-talets sydentur. Godt nedlasta køyrte ein på kryss og tvers i Norges land, og om kveldane stoppa ein på campingplassar kor ein fekk slå opp teltet sitt for ein billeg penge, fortel han.

Bil med campinvogn på vei til Lærdal i Sogn og Fjordane. (Foto: Colourbox)

Vart meir systematisk

Østby fortel vidare at sjølv om ferien med bil og telt, og seinare med campingvogn, ikkje var eit nytt fenomen, vart omfanget og organiseringa av den både større og meir systematisk på 1950- og 1960-talet.

Dette skuldast både innføringa av tre vekers betalt ferie i 1947, og fire frå 1964. I tillegg hadde privatøkonomien betra seg betrakteleg dei første tiåra etter krigen.

– Kanskje hadde ein fått eit større behov for å flytte på seg, reise og få nye opplevingar når ein følte at ein kom i ei ny tidsepoke. Dette skuldast sjølvsagt også at mange på denne tida fekk eigne bilar, seier Østby og legg til at ei reise i Noreg kunne vere eksotisk for mange.

Ein eigen ferieindustri

Campingferie vart stort i Noreg. Norges automobil-forbund (NAF) vart den viktigaste operatøren for å skape og å organisere den nye ferieforma, campingturen.

Dei bygde ut og dreiv det dei kalla campingsystemet, med mange campingplassar spreidd rundt om i landet. Slik vart også campingindustrien til.

I 1962 var det 1,6 millionar overnattingar på NAF sine campingplassar. I 1972 fanst det heile 532 slike stadar av ulik standard. Campingplassane vart tildelt stjerner etter standard slik ein i dag ser på hotell.

NAF vart ansvarleg for bilpatruljane. Dette var bilar med delar og servicepersonell som hjelpte folk om dei fekk problem.

Sosialdemokrati i miniatyr

Ein fekk også eit slags sosialdemokrati i miniatyr på campingplassar med eigne reglar, og ei åtferd som kombinerte fellesskapsløysning med individuelle behov.

Campinglivet forma ein heilt ny livsstil for nordmenn, som varte i 10-15 år. Ein fekk ein billeg ferie, som i tillegg var sosialt då barna fort vart kjent med andre barn i nabotelta, og dei vaksne vart kjent med foreldra igjen.

– Det vart ein behageleg livsstil på mange måtar. Ein kunne feriere rundt om i Noreg i skog og mark, samstundes som ein budde med andre rundt seg så ein ikkje trong vere redde. Folk kunne vere trygge, seier han.

Gode minne

Om ein høyrer ordet camping, så dannar dei fleste seg ein del bilete, uavhengig av om ein er 20 år og aldri har vore på campingtur, eller om ein store deler av barndomen har opphaldt seg nettopp på ein campingplass.

Sjølv har Østby gode minne frå feriane i barndomen som ofte fann stad i eit telt på ein campingplass på Sørlandet.

– Det var det gode livet med insekt i telt, fisking heile dagen og bading på alle dei nydelege badestrendene. Det var enkle tilstander, men det var noko spesielt med det også, seier han.

Sydenferien overtok

Frå slutten av 1960-talet byrja campingferien å bli utfordra av sydenturane som stadig sank i pris. Noko som var dårlege nyheiter for campingvogna.

– Det aukande salet av store campingvogner på 1970- og 1980-talet endra campingferien sin karakter. Plutseleg vart campingvogna for nokon sett på som litt harry.

– Campinglivet vart også dominert av store vogner som ofte var stasjonære med veranda og spikartelt. Det vart for mange ei lita hytte. På denne måten kunne man få ei hytte til ein rimeleg penge, ofte nære strandkanten, seier Østby.

Nye ferietrendar

No er ferien blitt noko heilt anna, og det er nok ikkje campingturar ein først tenkjer på når ein skal ta seg fri frå jobb og nyte feriedagane.

– Før reiste Ola Nordmann ofte berre rundt i eige land. Om ein reiste litt lenger, så var det berre snakk om ein svipptur innom Sverige.

– No er det langhelger i større verdsbyar som freistar, og som har kome så mykje nærare oss enn før. Ferien har endra seg, seier Østby.

Powered by Labrador CMS