Magemusklar utan situps

Ståande skulderpress styrkar musklane i mage og rygg i langt større grad enn tradisjonell utføring av skulderpress.

Publisert

– Vi har målt den nevromuskulære aktiviteten i mage- og ryggmuskulaturen for å sjå på storleiken og antal nervesignal hjernen sender til musklane.

– Resultata frå undersøkinga syner at det som styrkar musklane i mage og rygg mest er å gjere øvingane ståande og konsentrere seg om ein arm om gangen, fortel Atle Sæterbakken ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han har gjennomført studien, som er publisert i European Journal of Applied Physiology, saman med Marius Steiro Fimland ved NTNU.

Studien synte at mage-og rygg muskulaturen, ofte referert som kjernemuskulaturen, kan to- til firedoble muskelaktiviteten om ein trener ståande heller enn sittande, og med ei vekt framfor to, eller å kombinere ståande med ei vekt.

Internasjonalt publiserte studiar set spørsmålsteikn ved at ein må trene mage og rygg isolert, då ein heller kan inkludere kjernemuskulaturen ved å trene meir funksjonelt.

– Når ein trenar ei heilt anna muskelgruppe, i dette tilfelle skulder og armen, skal kjernen vera heilt stabil. For å få til dette, må mage-og ryggmuskulaturen aktiverast på lik linje vi ser i kvardagslege aktivitetar som å bere ein berepose frå butikken, forklarer Sæterbakken.

Styrkar kjernemuskulaturen

Få studiar har sett nærare på skilnadar i muskelaktivitet på sitjande og ståande gjennomføring. Etter det dei to forskarane veit er dette den første forskinga av sitt slag, som ser på alle desse kombinasjonane av treningsmåtar.

Studien har berre undersøkt sunne og friske menn, men Sæterbakken meiner det er stor grunn til å tru at resultata vil gjelde for dei fleste.

– Vi har undersøkt kjernemuskulaturen, dei musklane som aktiviserer og held ryggsøyla i ein stabil posisjon. Dersom du er stabil i mage- og ryggmuskulaturen er du mindre utsett for korsryggskadar og smerter.

– Truleg kan enorme summar sparast i samfunnet ved at fleire trenar smartare og meir funksjonelt. Ryggsmerter er til dømes den største enkeltårsaka til sjukefråvær, seier Sæterbakken.

Referanse:

Atle Hole Saeterbakken and Marius Steiro Fimland: Muscle activity of the core during bilateral, unilateral, seated and standing resistance exercise, European Journal of Applied Physiology, 2011 Aug 30. (Epub ahead of print), doi: 10.1007/s00421-011-2141-7.