Varierande tannlegebruk

Kvar tiande innbyggjar i aldersgruppa over 21 år har ikkje oppsøkt tannlege på over to år. I nord går ein sjeldnare til tannlegen enn i sør. Dei med god tannhelse er oftare å sjå i tannlegestolen. Det same gjeld dei med høg utdanning og inntekt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Levekårundersøkinga syner blant anna at det særleg er dei med dårleg eigenvurdert tannhelse som har eit udekt tannlegebehov. (Foto: iStockphoto)

Kven dekker den vaksne befolkninga sitt behov for tannlegetenester?

Personar i aldersgruppa 21 år og eldre bruker i all hovudsak den private tannlegetenesta. Fylkeskommunane har likevel ei lovbestemt plikt til å sørgje for at tannlegetenester i rimeleg grad er tilgjengelege.

Dette kjem fram i ein artikkel rådgjevar Trond Ekornrud og seniorrådgjevar Arne Jensen, begge frå Statistisk Sentralbyrå, har skrive i Samfunnsspeilet.

Dei to har analysert tal frå KOSTRA (Kommune–stat-rapportering), SSB si levekårundersøking om helse frå 2008 samt tal frå ei europeisk spørjeundersøking i 2009.

Kor ofte ein bør gå til tannlegen, er det vanskeleg å svare på. Men dei fleste fagfolk meiner at eit besøk kvart år eller anna kvart år er høveleg. Av den grunn blir besøk med lengre intervall enn to år i denne framstillinga betrakta som sjeldne.

Meir akuttbesøk i nord

Det er i trøndelagsfylka og særleg i Nord-Noreg folk går sjeldnast til tannlegen. I Nord-Noreg er det dessutan ein større del som svarer at dei har oppsøkt tannlegen på grunn av eit akutt tannproblem.

- Det er òg skilnader for akutt tannlegebruk når det gjeld kva tannhelse dei spurde sjølv meiner å ha, fortel Ekornrud.

- For dei som opplyser at dei har dårleg eller svært dårleg tannhelse, har nærare halvparten sett seg nøydde til å gå til tannlegen på kort varsel siste år.

- Blant dei med god tannhelse har til samanlikning berre ein av fem vore hos tannlegen på grunn av ein akutt tilstand, legg han til.

12 prosent udekt behov

- Tala syner samstundes at dei som sjølv meiner at dei har dårleg tannhelse, faktisk går sjeldnare til tannlegen enn dei som opplever tannhelsa si som god, seier Jensen.

Ifølgje undersøkelsen EU Survey on Income and Living Conditions har 12 prosent av nordmenn over 16 år eit udekt behov for tannlegetenester. Til samanlikning var det i Sverige og Danmark høvesvis 11 og 7 prosent i denne aldersgruppa med udekte tenestebehov.

Eit udekt tannlegebehov kan ha ulike grunnar, og treng ikkje naudsynt ha nokon samanheng med manglande tilgang på tannlegetenester. Levekårundersøkinga syner elles blant anna at det særleg er dei med dårleg eigenvurdert tannhelse som har eit udekt tannlegebehov.

Inntekt har innverknad

- Samanhengane mellom tannhelsetilstand og tenestebruk gir grunn til å tru at det er dei med størst behov for tannlegetenester som bruker tenestene minst, meiner Ekornrud.

Frekvensen av tannlegebesøk går opp med stigande inntekt, og dei med høgast utdanning går oftare til tannlege enn dei med lågare utdanning.

- Det er også slik at dei med lågare inntekter oftare kontaktar tannlege når det gjeld akutte problem, enn dei med høgare inntekter. Det kan bety at dei med låge inntekter går til tannlegen når dei må, ikkje når dei bør, indikerer Jensen. 
 

Referanse: 

Trond Ekornrud og Arne Jensen, Vaksne bruker tannlegetenester ulikt, ssb.no

Powered by Labrador CMS