Det kan synast overraskande at ein og same elev kan vere innblanda i mobbing både som mobbar og mobbeoffer. Ein ny studie avdekkar omfanget av denne elevgruppa.
Høgskolen i Bergen
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Tidlegare forsking har vist at det fins ei gruppe elevar som både er mobbarar og mobbeoffer på skulen, men det har vore lite kunnskap om denne gruppa både i Noreg og internasjonalt.
Ein doktorgradsstudie viser omfanget av desse elevane i ulike aldrar og klassetrinn.
Førsteamanuensis Mona Solberg ved Høgskolen i Bergen har funne at elevgruppa som både er mobbar og mobbeoffer oftast er å finne blant dei yngre elevane i grunnskulen.
Ho har også funne at denne gruppa er lita og utgjer ein liten del av alle barn og unge som er innblanda i mobbing på skulen.
Korleis måle mobbing? Solberg har undersøkt korleis mobbing kan målast. Ho har også sett på kor strenge kriteria bør vere for at elevar skal kunne klassifiserast som mobbarar eller mobbeoffer.
For å bli definert som mobbar har Solberg tatt utgangspunkt i elevar som seier at dei har mobba ein annan elev 2-3 gonger i månaden eller oftare. Også mobbeoffera blir definerte ut frå om dei har opplevd å bli mobba 2-3 gonger i månaden eller meir.
For å avdekke elevgrupper som er innblanda i mobbing på skulen vart det brukt eit spørjeskjema som Dan Olweus ved Universitetet i Bergen har utvikla. Elevane sjølve fyller ut spørjeskjema i ein skuletime, men først får dei ei forklaring på kva som er mobbing og kva som ikkje er mobbing.
Datagrunnlaget i studien er store datasett som er samla inn i samband med innføringa av ”Oleweus -programmet mot mobbing og antisosial atferd” i norske grunnskular på slutten av 90-talet og starten på 2000-talet.
Kjenneteikn på mobbar og mobbeoffer Studien viser at elevgruppa som både mobbar og blir mobba har nokre kjenneteikn til felles med det typiske mobbeofferet, medan andre kjenneteikn er felles med mobbarane.
På same måte som det typiske mobbeofferet er denne elevgruppa kjenneteikna av angst, einsemd, depresjon og låg sjølvkjensle. Men dei liknar også mobbargruppa ved å vera regelbrytande, utagerande og i opposisjon til lærarar og foreldre.
Det som er mest spesielt med desse elevane er altså at dei har både emosjonelle vanskar og åtferdsproblem. Denne kombinasjonen er ikkje særleg vanleg i mobbargruppa eller i offergruppa.
Forskingslitteraturen har teikna svært ulike personlegdomsprofilar av mobbeoffera og mobbarane. Det typiske mobbeofferet er vanlegvis forsiktig og stille av natur og er ikkje kjenneteikna av regelbrytande eller utfordrande åtferd slik som mobbarane. Det som først og fremst kjenneteiknar mobbeoffera er emosjonelle vanskar.
Den typiske mobbaren derimot er i liten grad kjenneteikna av angst eller dårleg sjølvbilete. Dei rapporterer heller ikkje at dei kjenner seg einsame blant jamaldringar.
Mest vanleg på småtrinnet Solberg har funne at elevar som både mobbar og sjølv blir mobba er størst blant dei yngste elevane som er med i kartlegginga, det vil seie 4. og 5. klasse. Deretter er det ein nokså jamn nedgang til 10. klasse på ungdomstrinnet. Det viser seg også at fleirtalet av elevane i denne kategorien er gutar.
I alle klassetrinna er det likevel slik at kombinasjonsgruppa, som både er mobbar og mobbeoffer, utgjer eit mindretal av alle elevar som er innblanda i mobbing i skulen. Det vil seie 10-20 prosent på barnetrinnet og cirka 5-10 prosent på ungdomstrinnet.
- Det er viktig for lærarar å vite at denne gruppa blir mindre med alderen, seier Solberg.
Kva trur du er grunnen til at flest elevar er begge delar på småtrinnet?
- Noko av forklaringa kan vera at yngre elevar ikkje har like faste vennskapsband som eldre elevar. Kven som har makt og er populære i klassen kan også vera meir skiftande på barnetrinnet enn i høgare klassetrinn.
Annonse
- Når ein blir eldre får ein gjerne ein meir tydeleg posisjon i klassen eller i elevegruppa. Forsking viser dessutan at eldre barn er flinkare til å forsvare seg mot mobbing enn yngre elevar, seier Solberg.
Utfordrande for læraren Solberg meiner at elevgruppa som både mobbar og blir mobba kan vera vanskeleg å få auga på i skulekvardagen fordi dei har så mange kjennteikn til felles med mobbargruppa. Når regelbrytande og aggressive elevar fortel at dei blir mobba, kan det vera vanskeleg å ta dei på alvor.
Kombinasjon av emosjonelle vanskar og åtferdsproblem kan også vera ei utfordring både for lærarar og klassekameratar.
Solberg meiner det er viktig at denne elevgruppa får større merksemd både i tiltaksarbeid og i forskingssamanheng. Dei bør møtast og handterast på delvis andre måtar enn elevar som berre er mobbarar eller berre mobbeoffer.
Ho meiner også at det må setjast inn meir ressursar i skulen for å handtere mobbing på ein meir tilfredsstillande måte.