Med kunnskap som bagasje

I 2002 forlèt Khadija Innocensia Yahya-Malima mann og to små barn i heimlandet Tanzania, for å ta doktorgrad om HIV ved Universitetet i Bergen. No drar ho attende med ny kunnskap om utbreiinga av sjukdommen i heimlandet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Doktorgrad gjennom NUFU

Khadija Innocensia Yahya-Malima fekk høve til å ta doktorgraden i Noreg gjennom eit NUFU-prosjekt, der Senter for internasjonal helse (SIH), Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen er partnerar.

Ho er første kandidat som disputerer ved det nye medisinsk-odontologiske fakultet. Ei epidemiologiske undersøkjing og ein populasjonsbasert studie vart gjort i samarbeid med Senter for internasjonal helse SIH og Haydom Lutheran Hospital i Tanzania.

 

NUFU

Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (NUFU) er eit program for akademisk samarbeid basert på initiativ frå forskarar og institusjonar i land i Sør og deira partnerar i Noreg.

Målet er kompetansebygging og bærekraftig kapasitet innanfor forskingsbasert utdanning ved universitet i Sør. Programmet skal også bidra til auka akademisk samarbeid mellom Nord og Sør.

Prosjektaktivitetane femner mellom anna om felles forskingsprosjekt, utdanning av master- og PhD-kandidatar, utvikling av master- og PhD-program i Sør, opplæring av teknisk og administrativ stab.

55 prosjekt har fått støtte i den noverande programperioden fram til 2011, og i alt 32 institusjonar i 18 utviklingsland deltek i samarbeid med ti norske institusjonar.

Kjelde: www.norad.no

 

Dersom ein skal lukkast å i hindre spreiinga av viruset, er kunnskap i høve til kven som vert smitta, kvar dei vert smitta og når dei vert smitta heilt avgjerande.

Nyleg disputerte Yahya-Malima for doktorgraden, med ei avhandling om utbreiinga av HIV i landsbygd-regionane Manyara og Singida i Tanzania.

Gjennom arbeidet avdekka ho at to prosent i den epidemiologiske studien, der gravide kvinner vart undersøkte, er smitta av HIV, medan talet vart 1,8 prosent i den populasjonsbaserte studien.

Alvorleg epidemi

Dette er svært låge tal samanlikna med tilhøva i landet generelt, der talet er oppe i åtte prosent.

- Det vil vere lettare å hindre vidare spreiing når tala er så låge, så dette er gode nyhende.

- Men undersøkjingane viser også at heile 20 prosent har genital herpes, og dersom ein har dette viruset, er ein meir utsett for HIV-smitte. Dessutan bruker så få som 20 prosent av dei seksuelt aktive i området kondom, seier ho.

Med dette som bakgrunn fastslår Yahya-Malima at ein alvorleg HIV-epidemi er på trappene i området.

 
  
 

Ho understrekar at det vil vere viktig å få aksept for bruk av kondom som prevensjonsmiddel for å hindre spreiing, og peikar også på kulturelle hinder.

Fruktbarheit og mange barn er knytta til høg status, og det er heller ikkje uvanleg å ha seksuelle relasjonar til fleire innanfor same klan.

- Det vil vere vanskeleg å slå denne sjukdomen dersom ein ikkje prøver å forstå kulturen til befolkninga i området. Framover vil det vere behov for oppfølging av utviklinga av epidemien og for sosiologiske studier som kan sette kultur og førebygging av HIV inn i ein samanheng, seier Yahya-Malima.

Viktig kompetansebygging

Då Yahya-Malima ville gå vidare i karriera, var det ikkje mogleg å ta doktorgrad ved Muhimbili University.

Ved hjelp av henne og andre som vel å ta doktorgrad i Noreg er imidlertid dette i ferd med å endre seg. No utgjer dei nyutdanna doktorane ein avgjerande ressurs i heimlanda i form av fagleg kompetanse og undervisningskrefter.

- Dette er ei viktig form for kompetansebygging, og etterkvart som det vert utdanna doktorar innanfor stadig fleire felt, vil ein stå godt rusta til å tilby fullverdige doktorgradsutdanningar også ved universiteta i kandidatane sine heimland, seier Yahya-Malima.

 
  
 

Ho understrekar likevel at det framleis vil vere eit sterkt behov for samarbeid, spesielt med tanke på tilgang til høgteknologisk utstyr, men ho kjenner seg trygg på at kompetansen kandidatane tek med seg heim etter endt doktorgrad er av svært god kvalitet.

- Eg kjenner meg privilegert som har fått ta doktorgrad her i Noreg ved SIH. Det er svært høg kvalitet på undervisninga her, og denne kvaliteten vil eg vidareføre i heimlandet.

- Eg har i tillegg hatt tilgang til ressursar i overflod under doktorgradsarbeidet, og har følt meg som eit lite barn som har fått alle dei leikane ein kan ønske seg. Eg må verkeleg smile ved tanken, og veit at eg har fått med meg det beste frå begge verder, seier Yahya-Malima.

Tunge tider

Sjølv om Yahya-Malima ikkje angrar på at ho kom til Noreg, innrømmer ho gjerne at det var vanskeleg å ta avgjerda om å reise medan mannen Amaani og borna Mariam og Amin måtte vente heime i Tanzania.

- Eg har hatt skuldkjensle fordi eg har prioritert ein doktorgrad som strengt tatt berre er til for meg sjølv, og ikkje familien min.

- Det har vore tider der eg har sakna dei så mykje at eg knapt har klart å konsentrere meg om forskinga. I slike periodar har eg berre måtta konsentrere meg om å få unna rutinearbeid. Men eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg, seier ho.

Hennar eige sjølvbilete som mor er av det som har lidd mest under opphaldet.

- Eg har kjent på konstant dårleg samvit som mor. Ein gong spurte eg Mariam kva ho ville at eg skulle kjøpe med til ho, og då svarte ho at ho ikkje ville ha noko, men at ho berre ville få meg heim, fortel Yahya-Malima.

Ho understrekar at det at ho og mannen var samde om at ho skulle utdanne seg i Noreg, har vore ein føresetnad for at ho har lukkast.

- Då Yahya-Malima reiste, gjekk eg på andre året på spesialistutdanning i ortopedisk kirurgi, og det var eit kav å få alt til å gå opp når eg var åleine med barna. Men eg bestemte meg for at det var så viktig at ho fekk reise, at eg heller fekk ofre noko, seier han.

I løpet av åra med doktorgradsarbeid har Yahya-Malima vore heime for å utføre feltarbeidet, på feriar og for å delta på konferansar, men når ho denne gongen set seg på flyet til Tanzania, er det for å bli heime for godt.

Og alt i alt er verken ho, Amaani eller Mariam og Amin i tvil om at det har vore verdt det.

- Eg er utruleg stolt av mor mi, seier Mariam med eit forsiktig smil.

Powered by Labrador CMS