Mangelfulle tiltak mot jentemobbing

– Mobbeutsette jenter blir ikkje tilstrekkeleg tatt hand om gjennom antimobbeprogramma i skulen, seier Kari Myklebust, masterstudent i samfunnsarbeid ved Høgskolen i Bergen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Utestenging, isolering og baksnakking. Jenter kan ha fryktelege mobbemetodar som kan vere vanskeleg å oppdage om ein er lærar.

- Mobbinga er kompleks, og den er designa for ikkje å bli oppdaga, seier Kari Myklebust.

Deira skjulte form for mobbing er òg lite framtredande i norske lærarrettleiingar for korleis ein taklar mobbing, påpeiker ho.

- Lærarar har lite konkret å gå etter for å kunne oppdage denne typen mobbing, og dei har heller ikkje framgangsmåtar som tar sikte på å stoppe denne skjulte mobbinga, seier ho.

Finst lite forsking

Kari Myklebust har tatt for seg skjult jentemobbing og norske antimobbeprogram i si masteroppgåve. Ho har gjort ein kvalitativ innhaldsanalyse av lærarrettleiingsdelen til dei to mest brukte blant slike program – Olweus og Zero.

- Analysen viser at jenters skjulte mobbing er underkommunisert i lærarrettleiingane, noko som langt på veg skuldast at den er vanskeleg å oppdage og har fått lite merksemd i forskinga, konkluderer Kari Myklebust.

- Ein del av resultata som tiltaksprogrammet byggjer på er over 20 år gamle. Nokre resultat gjeld framleis, men det er òg naudsynt å oppgradere programmet, legg ho til.

Like viktig å stogge

Mobbeforskinga i Skandinavia har i hovudsak teke for seg gutar som mobbar. Dei har ofte ein open og fysisk måte å mobbe på, medan jenter har ein meir indirekte form for mobbing.

- Dei antimobbeprogramma som nyttast i skulen i dag byggjer på eksisterande forsking. Når det ikkje finst forsking på den skjulte jentemobbinga, er det grunn til å tru at mobbeutsette jenter ikkje blir tilstrekkeleg tatt hand om, seier masterstudenten.

Samstundes blir det slått fast av skaparane bak Olweus- og Zero-programmet at denne typen plaging er like viktig å stogge som meir synlege former for mobbing, fortsetter Kari Myklebust. Dei ønskjer å styrke programma på dette området.

Rollespel mot si hensikt

- Dei vanlege tiltaka mot mobbing, som spørjeskjema, rollespel, individuelle samtalar og inspeksjonar fangar ikkje opp skjult mobbing. Dei kan snarare intensivere mobbinga, seier Kari Myklebust.

Ho trekkjer fram rollespel som eksempel. Metoden er omtalt i Olweus-programmet, og hensikta er å dramatisere tenkte mobbesituasjonar.

Programmet vektlegg at læraren må tenkje nøye gjennom fordeling av roller om han eller ho har mistanke om at det er mobbing i klassen.

- Slike rollespel kan vere ei stor påkjenning for dei som blir mobba, og opplevast som nok ein nederlagssituasjon. Der står du og spelar ut mobbesituasjonen mens heile klassen ser på og veit at du blir mobba, seier ho.

Og Kari Myklebust snakkar av erfaring. Ho har nemleg sjølv vore utsett for såkalla ”jentemobbing” på barne- og ungdomsskulen.

Lærarar har lite konkret rettleiing å gå etter for å kunne oppdage jentemobbing, viser masteroppgåva til student Kari Myklebust. Foto: iStock.

- Alternative framgangsmåtar kunne gått på at lærarane spelar desse rollene for elevane, eller at ein tar utgangspunkt i historieforteljingar. Ein kunne eksempelvis gått ut frå ei jente som levde på 1700- talet. På denne måten ville elevane fått avstand i tid og rom, og mobbeutsette jenter ein mulighet til å distansere seg, meiner ho.

Må vere ein god observatør

I oppgåva tek Myklebust til orde for bruk av meir kvalitative metodar for å få bukt med den skjulte mobbinga.

- Jenter som blir mobba vil sjeldan seie frå til lærarar om det – det er altfor mykje skam knytt til det. I slike situasjonar må læraren vere ein god observatør. Han eller ho må klare å sjå det sosiale spelet mellom jentene, seier Kari Myklebust.

For å bli ein god observatør, må læraren ha kunnskap om kva for spørsmål ein bør stille, og ha trening i samtaleteknikk, ifølgje Myklebust. Her speler antimobbeprogramma viktige roller.

- Det er viktig at dei bidrar til skulens og læraranes kunnskapsutvikling. Slik desse programma er i dag, gjer dei ikkje det på ein tilfredsstillande måte, seier masterstudenten.

Antimobbeprogramma i skulen er ikkje gode nok til å fange opp jentemobbing, har Kari Myklebust funne ut i si masteroppgåve i samfunnsarbeid.

Ønskjer konkrete tiltak

Det har vore forska meir på jentemobbing i dei seinare åra – mellom anna av Tove Flack ved Senter for atferdsforskning. Kari Myklebust håpar at masteroppgåva hennar, saman med anna forsking på tema, kan nyttast som grunnlag for utarbeiding av betre tiltak mot jentemobbing.

- Eg ønskjer at antimobbeprogramma skal bli oppdaterte med konkrete tiltak for dette. Lærarar må få kunnskap om korleis ein oppdagar og følgjer opp skjult mobbing i skulen – anten det er jenter eller gutar som driv med det, seier Kari Myklebust.
 

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS