– Ny forståing av læring må til

Dagens opplæringstilbod til born med utviklingshemming har for lite rom for individuelle forståingar og tilpassingar, viser eit doktorgradsarbeid frå Universitetet i Stavanger.

Anita Gjermestad har undersøkt korleis det tosidige samspelet mellom born med djup utviklingshemming og nærpersonane deira i barnehage og skule kan fortolkast.

Ho har sett på kva mønster som kjem til syne, og korleis samspelet blir skildra og fortolka av nærpersonane til borna.

I doktorgradsarbeidet filma ho kvardagen til fem born med kvar sin nærperson på skulen eller i barnehagen over ein halvårsperiode.

Det vil seie: eitt barn i barnehage, to born i grunnskulen og to born i vidaregåande skule. Borna som deltok i undersøkinga, har djupe utviklingshemmingar. Dei har store hjelpebehov, og dei har utfordringar med språk, helse og rørsle.

Etterpå gjekk ho gjennom videoopptaka saman med dei same nærpersonane for å få deira betraktningar om konkrete samspelsituasjonar.

Kritisk til tradisjonen

På grunnlag av studien konkluderer Gjermestad med at for at borna skal få rett oppfølging, må det nye forståingar til. I avhandlinga rettar ho kritikk mot tradisjonelle forståingar av læring i både spesialpedagogikken og vernepleiefaget.

– I det tradisjonelle læringsperspektivet, der alt skal målast og vegast, er det ikkje nok rom for individuelle opplevingar og forståingar og for individuell sensitivitet.

I praksis må vi hente inspirasjon i meir estetiske og sosiokulturelle perspektiv og bli betre kjende med borna, seier Gjermestad.

– Dette er særleg sårbare born som treng at vi taler deira sak. Dei må få vere som dei er, medan omverda må finne måtar å forstå dei og nå inn til dei på.

– Det finst ingen raske løysingar, og vi må gå den lange vegen. Eg håper skildringane i avhandlinga kan skape gjenkjenning i fagfeltet og dermed opne for nye forståingar. På den måten kan studien ha samfunnsnytte, fortset ho.

Treng meir moderne tenking

Gjermestad er førsteamanuensis ved Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes.

– Eg er sjølv utdanna vernepleiar og har jobba mykje med born som har dei same utfordringane. Når det gjeld mi eiga undervisning på Diakonhjemmet Høgskole tenkjer eg at vi må kome oss vidare og leie studentane inn i meir moderne forståingar av læring.

– Den situerte og estetiske kunnskapen må dessutan få større plass både hos spesialpedagogen, vernepleiaren og lærarane, meiner ho.

Anita Gjermestad disputerte ved Det humanistiske fakultetet i desember 2009 med avhandlinga Skjøre samspill: En deskriptiv og fortolkende studie av barn med dyp utviklingshemming og deres nærpersoner i barnehage og skole.

Powered by Labrador CMS