På sporet av det tapte Zimbabwe

I det kriseramma Zimbabwe er forskarar på jakt etter verdas eldste kunstskattar.

Publisert
Det høgste punktet i Great Zimbabwe, truleg residens for kongar. Professor Gilbert Pwiti (i forgrunnen) og Seke Katsamudanga reknar med at under 95 prosent av Great Zimbabwe er gravd ut.  (Foto: Eivind Senneset)
Det høgste punktet i Great Zimbabwe, truleg residens for kongar. Professor Gilbert Pwiti (i forgrunnen) og Seke Katsamudanga reknar med at under 95 prosent av Great Zimbabwe er gravd ut.  (Foto: Eivind Senneset)

Fakta

  • Delar av det sørlege Afrika, deriblant Zimbabwe, er rikt på måleri og helleristningar etter San-folket – eit urfolk som fanst over store delar av denne regionen.
  • Dette er den eldste kunsten i verda, opp mot 28 000 år gammal.
  • I NUFU-prosjektet Archaeology and Traditions in Eastern Zimbabwe, samarbeider arkeologar og ein sosialantropolog frå Universitetet i Bergen og arkeologar frå University of Zimbabwe i Harare. Dei skal kartlegge helleristningar og måleri i delar av det austlege Zimbabwe som aldri før har blitt utforska.
  • NUFU-programmet blir administrert av Senter for Internasjonalisering av høgre utdanning (SIU).
     

Er høvdingen heime?

Etter mange timar langs vegar som knapt kan kallast vegar lenger, er arkeologane framme. I ein avsidesliggande landsby i Chimaninani-fjella i det austlege Zimbabwe håper dei å få møte den lokale høvdingen.

Det finst ei eiga lov i Zimbabwe, som gir tradisjonelle leiarar ein viss styringsrett over sine områder.

Derfor bestemmer høvdingen om arkeologane får lov til å starte utgraving eller ikkje.

– Av og til må du bruke ein dag berre på bli kjend, seier Gilbert Pwiti, professor i arkeologi ved University of Zimbabwe i hovudstaden Harare.

Her og no

Pwiti leiar ekspedisjonen, som er del av eit samarbeidsprosjekt mellom arkeologar frå Harare og Universitetet i Bergen. Med på laget er også ein antropolog.

Området dei skal inn i har i langt tid vore kjent for sine til dels urgamle helleristningar og måleri, men berre ein brøkdel av desse er vitskapeleg dokumenterte.

– Vi snakkar om eit uutforska arkeologisk felt, seier Ancila Nhamo.

Saman med Seke Katsamudanga og Paul Mapira, alle knytt til University of Zimbabwe, har ho slått følgje med professor Pwiti på turen.

– I Chimanimani er berre tre helleristningar registrert i den nasjonale databasen. Men berre med nokre få turar i området har vi funne 15 nye, seier Nhamo.

Eldre steinalder

I eit tidlegare samarbeidsprosjekt mellom dei norske og zimbabwiske forskarane gjorde dei mange funn som skriv seg frå busetjingar frå eldre steinalder (opptil 30 000 år gamle) og fram til jernalderen (opptil 2000 år gamle).

Måleri av afrikanske dyr laga av San-folk eller seinare jordbrukssamfunn. Helleristingar er vanskelege å datere. I teorien kan desse vere alt mellom 2000 og 28 000 år gamle.  (Foto: Eivind Senneset)
Måleri av afrikanske dyr laga av San-folk eller seinare jordbrukssamfunn. Helleristingar er vanskelege å datere. I teorien kan desse vere alt mellom 2000 og 28 000 år gamle.  (Foto: Eivind Senneset)

Men arkeologi i Zimbabwe handlar ikkje berre om fortid. Av og til handlar det like mykje om her og no: Det forskarane ser på med vitskapelege briller, kan vere stader som lokale oppfattar som heilage.

I landsbyen møter forskarane barn og koner av høvdingen – og ein god dose skepsis. Politiske truslar og vald har vore ein del av kvardagen siste åra, særleg på landsbygda.

– Du må arbeide hardt for å oppnå tillit og klargjere at du ikkje har noko med politikk å gjere, seier Pwiti.

Men arkeologi har samstundes alt å gjere med politikk.

Stor sivilisasjon

Great Zimbabwe (Store Zimbabwe) på UNESCOs verdsarvliste sidan 1986 er det beste beviset.

Great Zimbabwe kom på UNESCOS verdsarvliste i 1986 og er det største komplekset av ruinar i Afrika sør for Sahara.  (Foto: Eivind Senneset)
Great Zimbabwe kom på UNESCOS verdsarvliste i 1986 og er det største komplekset av ruinar i Afrika sør for Sahara.  (Foto: Eivind Senneset)

Great Zimbabwe er det største komplekset av ruinar og kanskje aller viktigaste arkeologiske attraksjonen i det sørlege Afrika. Dei gamle ruinane er kjelde til ei lang rekkje vitskapelege publikasjonar – og til nasjonal mytologi.

Great Zimbabwe (1250–1450) var ein av dei store siviliasjonane i middelalderen, med handelsforbindelsar heilt til Persia og Kina.

Dei enorme steinkonstruksjonane var kjende blant portugisiske oppdagarar på 1500-talet, lenge før britane fann dei på 1800-talet. I 1891, kort tid etter koloniseringa, hevda J. Theodore Bent at konstruksjonane må ha blitt bygd av arabarar eller fønikarar.

Arv i forfall

Men få år etter viste utgravingar at det må ha vore lokale afrikanarar som stod bak. I 1950 var det ikkje lenger tvil i vitskapelege miljø om opprinnelsen til Great Zimbabwe.

Dette passa dårleg inn i den kolonialistiske og rasistiske ideologien til regimet i det som den gong var Rhodesia. Rhodesia heldt på den gamle, og gale, versjonen heilt til det vart avløyst av Zimbabwe i 1980.

Frigjeringsrørsla, med Robert Mugabe i spissen, stod naturlegvis for ei heilt anna tolking. For dei var Great Zimbabwe beviset på at ein stor afrikansk sivilisasjon hadde eksistert. Derfor tok den nye nasjonen både namn og nasjonalsymbol derifrå.

Arkeologane inspiserer ein av dei mange maleria og helleristningane i det austlege Zimbabwe. Frå venstre. Ancila Nhamo, Seke Katsamudanga, Gilbert Pwiti og Paul Mupira.  (Foto: Eivind Senneset)
Arkeologane inspiserer ein av dei mange maleria og helleristningane i det austlege Zimbabwe. Frå venstre. Ancila Nhamo, Seke Katsamudanga, Gilbert Pwiti og Paul Mupira.  (Foto: Eivind Senneset)

I dag er Great Zimbabwe symbol på noko som ikkje lenger er så stort. Den politiske og økonomiske krisa i landet har ført til at det meste av det vitskapelege personellet har reist utanlands. UNESCO-arven er i forfall.

Hemmeleg formel

Ein stor del av arbeidet til forskarane handlar om å finne og kartlegge måleri og helleristningar. Men tolking er også ein del av arbeidet. I løpet av dei siste tiåra har arkeologar i større grad begynt å sjå på den gamle kunsten som uttrykk for kulturell utvikling.

Helleristingar kan i mange tilfelle vere alt frå 28 000 til 2 000 år gamle. Dei er vanskelege å datere. Karbondatering er den vanlegaste metoden i dag, men den er ikkje uproblematisk.

– Du må skrape av ein god del av malinga. I dei fleste tilfelle vel vi å la helleristingane vere i fred, seier Ancila Nhamo.

Det er kjent at malinga vart laga av ei blanding av blod, egg og oker – samt ein ukjent komponent. Vitskapen veit framleis ikkje kva det er som gjere at malinga kan halde seg på fjellveggen i så lang tid.

Det dei veit, er at maleri og helleristningar vart laga av San-folket, urfolket som tidlegare levde over store delar av det sørlege Afrika.

Åndenes makt

Alec Mutema, høvdingson i det austlege Zimbabwe, står på heilag grunn. Dette er staden for å kommunisere med forfedrane som før budde her. For arkeologane har staden rein vitskapeleg interesse. Men for å få lov til å grave her må dei få lov av høvdingen. (Foto: Eivind Senneset)
Alec Mutema, høvdingson i det austlege Zimbabwe, står på heilag grunn. Dette er staden for å kommunisere med forfedrane som før budde her. For arkeologane har staden rein vitskapeleg interesse. Men for å få lov til å grave her må dei få lov av høvdingen. (Foto: Eivind Senneset)

Det viser seg at høvdingen ikkje er heime.

Men ein av sønene hans, som no er fungerande høvding, er der. Alec Mutema heiter han, Mutema er namnet på høvdingdømmet.

Høvdingsonen innleiar ein lang samtale med forskarane for klargjere kva dei ønskjer med besøket. Kva skal dei bruke informasjonen til? For kven? Har det noko med politikk å gjere?

Til slutt konkluderer han: Ja, han skal ta dei med til den heilage staden. Alec Mutema fører dei til eit tropisk skogholt.

– Denne staden er veldig, veldig viktig for oss, seier høvdingesonen. Framfor han står tilgrodde steingardar. Gilbert Pwiti anslår dei til å vere mellom tre og seks hundre år gamle.

Dei store trea her er medium for kommunikasjon med forfedrene, forklarer Mutema. Dette er ein stad der viktige ritual og seremoniar blir utført av lokalbefolkninga. Her blir forfedrene spurt til råds.

– Der ligg forfedrane våre, seier han og peikar på eit område bak ein vegg av stein. Dit får forskarane ikkje gå.

Forhandling

Krisa i Zimbabwe har ført til at dei fleste tilsette ved Great Zimbabwe har reist til utlandet. Verdifulle historiske minne er i ferd med å forsvinne.  (Foto: Eivind Senneset)
Krisa i Zimbabwe har ført til at dei fleste tilsette ved Great Zimbabwe har reist til utlandet. Verdifulle historiske minne er i ferd med å forsvinne.  (Foto: Eivind Senneset)

Men Gilbert Pwiti er fornøgd. Han har fått meir ut av møtet enn forventa.

– Det store spørsmålet no er om vi får lov til å grave her. Erfaring tilseier at vi gjennom forhandling kanskje kan kome fram til ein avtale.

Kva meiner så høvdingen om desse arkeologane frå hovudstaden?

– Eg er glad for at dei kjem. Det viser at kulturen vår er betydningsfull, seier han. Etter utveksling av mobilnummer er det klart for nye timar timar på humpete vegar for forskarane.

Dei må kome seg tilbake til det næraste hotellet i tide, hotellet der det berre er elektrisitet ei kort stund. Og så er gjestane overlatt til stearinlys og måneskin.

Men det er håp om å få gjort ein del skikkeleg feltarbeid og forsking i år. Det finst bensin. Universitetet utbetaler løn.

– Eg ser lys i enden av tunnelen, seier Pwiti.

Dermed er det håp om å finne fleire kunstskattar, dei eldste i verda - og finne ut meir om forfedrane.