Annonse
Padling med flåte i Arktis er krevande. (Foto: Lars Gunnar Dahle, UiS)

Forskarar i isen skal gje tryggare cruisetrafikk i Arktis

Er det realistisk å berga hundretal passasjerar og mannskap frå livbåtar og redningsflåtar i isen rundt Svalbard?

Publisert

Om prosjektet

Forskingsprosjektet skjer i regi av Universitetet i Stavanger i samarbeid med NTNU, UiT Noregs Arktiske Universitet, St. Olav Hospital, ei rekke forskingsinstitusjonar, Petroleumstilsynet, Sjøfartsdirektoratet, forsvaret, utstyrsleverandørar og oljeselskapet ENI.

Kystvaktfartøyet «KV Svalbard» var nyleg arbeidsplass og heim for ei gruppe forskarar som prøver å finna svar på kva som skal til for å overleva eit skipshavari i Arktis.

– Cruisetrafikken i nordområda har auka sterkt dei siste åra og eit større havari i farvatnet rundt Svalbard er ikkje eit utenkeleg scenario, seier professor Ove Tobias Gudmestad ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO (International Maritime Association) har som mål at passasjerar skal kunna overleva i minst fem dagar på sjøen eller på isen ved hjelp av redningsutstyr som skal finnast om bord på cruiseskipet.

– Det er den tida det vil ta å nå fram til havaristen med tilstrekkeleg redningskapasitet, seier Knut Espen Solberg, doktorgradsstipendiat ved UiS.

Nære på

– Dei som er usikre på om dette er viktig å forska på, kan googla Maksim Gorkiy 1989, seier Erik Landa, som representerer Sjøfartsdirektoratet under ekspedisjonen.

Til alt hell var Kystvakta like ved med «KV Senja» då skipet med over 1500 passasjerar og mannskap om bord brasa inn i iskanten for full fart vest av Isfjorden på Svalbard. Andre forlis i isen rundt Sydpolen og i nord har vore nær ved å bli store katastrofar.

For å testa utstyret som er i bruk i dag blir forsøkspersonar plassert i ein overbygd livbåt og i ein standard redningsflåte 79 grader 30 minuttar nordleg breidde i det iskalde vatnet i Woodfjorden nordvest på Svalbard.

Medisinsk personell var til stades i begge fartøya og overvakt forsøkspersonane, som blei returnert til «KV Svalbard» når dei sjølv ønskjer det eller når dei medisinsk ansvarlege ber om det.

[gallery:1]

Realistisk

For å testa utstyret som er i bruk i dag, blei forsøkspersonar plassert i ein overbygd livbåt og i ein standard redningsflåte 79 grader 30 minuttar nordleg breidde i det iskalde vatnet i Woodfjorden nordvest på Svalbard.

Medisinsk personell var til stades i begge fartøya og overvaka forsøkspersonane, som blei returnert til «KV Svalbard» når dei sjølv ønskjer det eller når dei medisinsk ansvarlege ber om det.

– Læringa frå Svalbard-toktet vil bidra til å redusera risikoen ved havari og storulykker i polområda, seier Knut Espen Solberg.

– Forskingsprosjektet skal prøva å gje svar på om kor vidt det er realistisk at passasjerar og mannskap kan ta vare på seg sjølv i fem dagar etter brann eller havari i vente på hjelp, seier Solberg.

I løpet av toktet vart det gjennomført evakuering med redningsflåte og livbåt i ulike typar drakter og utstyr. Den fysiske og psykiske påkjenninga under evakuering og under langvarig opphald på sjøen er registrert og overvaka av medisinsk personell, som også har gjennomført samtaler med alle deltakarane i etterkant. Den innsamla informasjonen vil bli brukt i vidare forsking omkring overleving i kalde strøk.

– Ikkje uventa har den største utfordringa vore å halda seg varm på beina og unngå å bli blaut, seier Solberg.

Han meiner at ei lang rekke organisasjonar, etatar, selskap og institusjonar langt utover cruiseindustrien vil ha nytte av målingane og av intervjua som er gjort under forsøka.

Powered by Labrador CMS