Seksualiteten til ei peparmøy

Synnøve Finden var ei peparmøy. Ho gifta seg aldri, men heile sitt vaksne liv delte ho med ei anna kvinne. Har me grunn til å hevde at ho var lesbisk?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Arbeidet gav peparmøyene legitimitet til å velje vekk mann og barn, mens i dag vert parforholdet sett på som den ultimate arena for sjølvrealisering, seier Tone Hellesund.

Nemner me ordet peparmøy i dag, ser me for oss ei stram, tilkneppa og gjerne snerpete eldre dame. Ei som aldri fekk seg mann. Ei attergløyme.

Men peparmøyene frå slutten av 1800-talet var like gjerne kvinner som valde å leve eit annleis liv. Eit liv utanfor dei borgarlege institusjonane som ekteskap og moderskap.

Dei var tidlege karrierekvinner. Synnøve Finden (1882–1957) som me i dag kjenner frå eit ostemerke, var ei slik. I 1928 opna ho sin eigen ostefabrikk i Oslo. 

Utenkeleg kvinnesex

Mot slutten av 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner levde i parforhold med andre kvinner. Livslange kjærleiksforhold, som til dømes Synnøve Finden og Pernille Holmen hadde.

– I dag ville me sagt at dei var lesbiske. Men dei levde i ei tid då kategoriane homo og hetero endå ikkje var allment kjend. Peparmøyene er eit godt døme på korleis seksuell identitet er kulturelt konstruert, seier Tone Hellesund, forskar ved Rokkansenteret.

I doktorgraden sin forska ho på peparmøyene, dei single borgarlege kvinnene, i perioden mellom 1870 og 1940.

Homoseksualitet som omgrep vart først funne opp kring midten av 1800-talet. I første omgang var det menn i mannlege parforhold som vart råka av mistankar om homoseksualitet.

Ugifte kvinner kunne leve saman i parforhold. Dei vart inviterte til middag og julefeiring som eit par. Men at kvinnene hadde eit seksuelt forhold var utenkeleg i samtida.

– Det var ikkje opne seksuelle relasjonar mellom kvinnene, og i svært mange tilfelle ingen seksuelle relasjonar i det heile, seier Hellesund.

For fine til fabrikk

I borgarskapets attenhundretal var kvinna sin plass i heimen. Ho vart forsørgd av mannen. Men etterkvart som det vart fleire ugifte kvinner, såg ein det urimelege i at dei ikkje skulle forsørgje seg sjølve når dei var i stand til det.

I den unge, moderne staten var det stort behov for arbeidskraft ettersom nye velferdsordningar som helsevesen og skule vart utbygd.

Peparmøyene, borgarskapets ugifte kvinner, var for fine til å ta ufaglært arbeid på fabrikk. Etter kvart opna ein opp for at også kvinner kunne få seg utdanning og dei gjekk ut i arbeidslivet som lærarinner, sjukepleiarar og misjonærar.

Dei ugifte kvinnene sitt ønske om å vere sjølvstendige passa godt inn med staten sitt behov for rimeleg arbeidskraft. Mange av dei gjekk ut i arbeidslivet med eit kall. Arbeidet gav dei legitime grunnar til å velje vekk mann og barn. Det danna seg store kollektiv av ugifte kvinner.

– I dag har ein ikkje same legitimitet til å velje vekk mann og barn, og det er heller ikkje lett å leve aleine. Parforholdet vert no sett på som den ultimate arena for sjølvrealisering, seier Hellesund.

Brekkstong for kvinnerørsla

Peparmøyene gjekk ut i samfunnet, tok arbeid og engasjerte seg. Kvinnene styrte organisasjonsliv, dei var aktive i veldedige organisasjonar, dei var ei vesentleg brikke i oppbygginga av organisasjonssamfunnet.

– Peparmøyene vart brukte som brekkstong for kvinnerørsla. Saman med inntoget i arbeidslivet kom også kravet om stemmerett, seier Hellesund.

Men dei ugifte kvinnene vart også sett på som ein trussel mot det etablerte. Og det med god grunn, for dei gjekk ut og tok posisjonar. Peparmøyene var opptekne av sedelighet og moral. Som Synnøve Finden og Pernille Holmen, var mange djupt religiøse.

Predikantens skitne tankar

Peparmøyene såg seg sjølve som spydspissen av det siviliserte samfunnet. Idealet var aseksualitet.

Dei to kvinnene Finden og Holmen levde saman heile livet. Utan å problematisere det, delte dei seng og soverom. Den som reagerte på det, var ein av dei mange predikantane som fekk husly hjå Holmen og Finden. Han meinte det ikkje var sømeleg.

– Frå den dagen av sette dei ein kommode mellom sengene. Dei to kvinnene hadde ikkje tenkt på det i det heile. Det var predikanten som hadde skitne tankar, seier Hellesund.

Korleis kan kvinnene som på mange område er føregangskvinner i tidleg kvinnerørsle, ikkje verte verdsette for dette i dag? Noko av svaret kan handle om deira manglande heteroseksualitet.

Latterleggjering

– Det skjedde ein seksuell revolusjon i mellomkrigstida. Synet på kvinnene sin seksualitet vart snudd opp ned. Medan alle skikkelege kvinner vart forventa å mangle ein aktiv seksualitet, vart dette no snudd på hovudet.

– Alle kvinner vart no tilskrivne ein seksualitet, og denne skulle praktiserast. Den heteroseksuelle relasjonen kom meir i sentrum, og dei homososiale omgangsformene vart sett på som meir og meir gamaldagse, seier Hellesund.

I løpet av mellomkrigstida segla friske sterke friluftskroppar opp som ideal. Kvinner og menn kunne vere kameratar. Med sosialdemokratiet i emning vart eit godt sexliv sett på som det beste for samfunnet. Kvinnefellesskap vart gamaldags.

Peparmøyene som hadde vore opptekne av sedelighet og levde etter aseksuelle ideal, vart plutseleg patologiserte og frigide.

– For nokre vart den seksuelle revolusjonen ei frigjering. Men for andre vart det eit angrep på livet dei hadde levd. Peparmøyene fall gjennom når det nye seksualliberale synet vann fram. Dei vart utsette for harde angrep, og latterleggjorte.

Lesbisk på sine eldre dagar

I dag heng stereotypien om den inntørka og ullfullende peparmøya framleis med. Og det å leve eit aseksuelt liv, er tabu.

– Sjølv om ikkje alle har eit seksuelt aktivt liv i dag, er det ei norm om at alle er seksuelle. Å forske på aseksualitet framstår som umogeleg, ingen vil stå fram og seie at dei ikkje ønskjer seg eller har hatt eit seksualliv, meiner Hellesund.

Dei mange peparmøyene frå slutten av attenhundretalet levde gjerne i nære emosjonelle parforhold, slik som Synnøve Finden og Pernille Holmen. At ein i dag ville sett merkelappen lesbisk på dei, viser i følgje Tone Hellesund korleis ein konstruerer seksuell identitet. Praksisen kan vere den same, men samfunnet sine oppfatningar og merkelappar kan skifte dramatisk.

I løpet av doktorgradsarbeidet sitt møtte ho fleire eldre kvinner som hadde levd som ugifte heile livet. Utover 1980- og 1990-talet vart kategorien lesbisk allment tatt i bruk i samfunnet.

– Då opplevde kvinnene på sine eldre dagar å bli mistenkeleggjorte. Men dei hadde aldri tenkt på sitt eige liv som ukonvensjonelt, seier Tone Hellesund.

Powered by Labrador CMS