Media og folk flest får dei tyngste til å skamme seg

Overvektige fordømmast og formanast til ein betre livsstil. Men moralisme kan ikkje løyse noko helseproblem, åtvarar forskarar.

Jørgen Foss, leiar i Landsforeningen for overvektige, etterlyser fleire tiltak frå samfunnet. Fedme er ikkje berre eit individuelt problem, meiner han. (Foto: Scanpix Jan Petter Lynau)

Fedme

• Overvekt og sjukleg fedme aukar i Noreg og verda elles
• Sjukleg fedme er definert som ein kroppsmasseindeks (KMI) på meir enn 35 med følgjesjukdommar, eller ein KMI på meir enn 40 med eller utan følgjesjukdommar
• Her til lands reknar ein at det er 100.000 personar med alvorleg fedme

Komplisert fedme

• Fedmekonferansen «The Complexity of Obesity» 18.-20. juni i Balestrand vil rette søkjelyset mot fedme som eit samansett problem utan enkle årsaker eller løysingar.
• Ved å få fram meir nyanserte historier om fedme, ønskjer forskarane å legge grunnlaget for å tenkje ut nye tiltak på samfunnsnivået.

Artikkelserie om fedme

Dette er den første i ein serie på fleire saker i samband med fedmekonferansen i Balestrand.

Dei neste sakene handlar om: 

  • Korleis opplever dei overvektige fedmeoperasjonar og livet etterpå. 
  • Kvifor er det så vanskeleg å gå ned i vekt? 
  • Kampen mot overvekt må starte i skulen.

 

«Du gøymer deg bak eit lass av feitt.»
«Du burde gå til psykolog.»
«Kvifor slankar du deg ikkje berre?»
«Du burde bli skoten.»

Dette er nokre av utsegna som Jørgen Foss har blitt møtt med. Han leiar Landsforeningen for overvektige. Seinast i mars skapte han mediestorm då han forsvarte retten til handikapparkering for dei som er rørslehemma grunna sjukleg overvekt.

Sjeldan har parkeringa til nokre få skapt så mykje sinne. Kommentarfelta flomma over av hatefulle ytringar, og undertonen var: Dei sjukleg overvektige er ikkje verdig trengande. Dei har seg sjølve å takke for problema sine.

Jørgen Foss vart mobba gjennom mesteparten av barneskulen. Ingen spenner bein på han lenger eller låser han inne på do. Men gjennom debattane Foss har delteke i, har han opplevd at forakta for overvektige i vaksenverda er like stor som den han fekk oppleve som gutunge.

– Når eg har ytra meg på vegner av dei overvektige, har eg fått høyre at det er meg sjølv som er problemet. At eg heller burde jogge ein tur enn å prøve å forandre på samfunnet, seier Foss.

Forteljingar om fedme

«Samfunnet fremmer fedme. Dei tyngste blant oss betaler prisen. Dei må forandre seg, får dei høyre, ikkje samfunnet,» tvitra nyleg Randi Jepsen, doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Overvektige folk må heile tida forsvare kroppen sin, forklare korleis den har blitt slik. Og rett rundt hjørnet ventar latterleggjeringa, seier Randi Jepsen, doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: HiSF)

Ho og stipendiat Eli Natvik ved Universitetet i Bergen er to av initiativtakarane til den internasjonale forskingskonferansen «The Complexity of Obesity» som blir arrangert i Balestrand i midten av juni.

Hovudmotivasjonen bak konferansen er å få fram nye og meir nyanserte forteljingar om fedme.

Den dominerande forteljinga no, slik dei to forskarane ser det, er den moralistiske:

• Folk med alvorleg overvekt har mislykkast.
• Å gå ned i vekt er eit spørsmål om sjølvdisiplin aleine.

Innimellom stig heltane fram – dei som mot alle odds har greidd å slanke seg og få seg eit nytt liv i ein normal kropp. Dei viser fram før- og etterbilde, eller poserer inni bukser som er mange storleiker for store, medan dei held bukselivet ut frå kroppen for å demonstrere forandringa.

– Den underliggande bodskapen er: Vi kan alle bli vakre, tynne og vellykka, om vi berre vil det nok. I utgangspunktet ein positiv bodskap – men denne individualistiske tankegangen har også ei slagside, meiner Jepsen.

For kva med dei som ikkje lykkast? Dei som går rundt med ein kroppsmasseindeks langt høgare enn den anbefalte?

– Dei stillast til rekneskap. Overvektige folk må heile tida forsvare kroppen sin, forklare korleis den har blitt slik. Og rett rundt hjørnet ventar latterleggjeringa, seier Jepsen.

Manglande solidaritet

– Det er som om folk trur det er farleg å vise forståing eller empati for denne pasientgruppa, at dei heller skal fordømmast og formanast til ein betre livsstil, meiner Eli Natvik, fyskoterapeut i Helse Førde. (Foto: HiSF)

– Det er som om folk trur det er farleg å vise forståing eller empati for denne pasientgruppa, at dei heller skal fordømmast og formanast til ein betre livsstil, meiner Eli Natvik.

Sjølv fekk ho sitt første møte med sjukleg overvektige då ho starta som fysioterapeut i Helse Førde i 2002. Førde sentralsjukehus har sidan 2001 spesialisert seg i fedmekirurgi, dermed fekk Natvik jobbe mykje med pasientar som fekk denne behandlinga.

Det som gjekk mest inn på henne, var kor omfattande problem enkelte av dei hadde på grunn av storleiken sin.

– Eg hadde knapt sett alvorleg overvektige folk før, og visste ikkje noko særleg om dei. Som gruppe var dei lite synlege i samfunnet. Dei har vanskar for å røre seg ute i verda, og nokre gøymer seg vekk, seier Natvik.

Operasjon – eit omfattande inngrep

Medan Natvik forskar på langtidserfaring etter fedmekirurgi, forskar Jepsen på livsstilsbehandling. Innan begge behandlingsretningane har dei sett på nært hald kor mangfaldige grunnane til fedme er, og kor ekstremt mykje det krev for dei sjukleg overvektige å gå ned i vekt.

Begge etterlyser ein solidaritet med pasientgruppa som dei meiner manglar blant folk flest.

– Mange trur at operasjon er den lettvinte vegen. Men fedmekirurgi er eit omfattande inngrep – frå ein dag til den neste er mykje av magesekken borte, kroppen heilt forandra, og det er ingen veg tilbake, seier Natvik.

– Dei kan ikkje ete på same måten som før, og må vere medvitne om alt dei gjer relatert til mat og eting. Veldig få forstår kva dei går igjennom.

Norsk fedme-fobi

Av helsestyresmaktene er fedme peikt ut som samfunnsfiende nummer ein. Alvorleg fedme har fått status som sjukdom, blir tidvis også kalla ein epidemi, og dei som er råka har rett på behandling i helsesystemet.

Likevel tydar debatten på at folk flest definerer dette som eit individuelt problem, heller enn eit samfunnsproblem. Dei sjukleg overvektige er «dei andre» – den mest stigmatiserte gruppa i samtida, meiner Jørgen Foss. Forsking peikar mot at dette kan stemme.

I 2009 publiserte Kirsti Malterud studien «Norwegians fear fatness more than anything else», der ho undersøkte stoff om fedme i tre riksdekkjande aviser over ein periode på tre månader. Analysen av dei normative bodskapa i tekstane viste eit klart mønster av fordømming og fornedring av overvektige menneske.

Hovudhistoria var denne: Overvektige menneske er stygge, og difor, ulykkelege. Dei manglar sjølvdisiplin og kontroll, og burde skamme seg. Dei er late og dumme. Dessutan tek dei opp ressursar i helsesystemet frå uskuldige folk som har oppført seg mykje betre enn dei.

– I det norske samfunnet er overskridinga eit stort tabu. Vi lever i overflod, men er samstundes livande redde for å skli ut. Kanskje er det denne frykta som kjem opp i oss når vi ser ein stor kropp? reflekterer Eli Natvik.

– Det kan også vere den asketiske, lutherske sida av kulturen vår som kjem til uttrykk i fordømminga av feittet. Opphøginga av visse verdiar: arbeidslinja, brunostskiva, det å slite på ski. Nøysemda.

Treng nye historier

– Hadde det å leggje ansvaret på individet aleine verka, ville vi sett resultat av det for lengst, seier John Roger Andersen, postdoc ved Helse Førde. (Foto: HiSF)

Påføring av skuld og skam er problematisk på fleire nivå, meiner Natvik og Jepsen. Slik dei opplever pasientgruppa dei har forska på, er moralismen i fedmedebatten mest til skade. Skam skaper avmakt, ei kjensle av ikkje å kunne handtere eiga helse. Og vidare: ei kjensle av ikkje å fortene hjelp.

Ikkje berre er skuldforteljinga øydeleggjande for individa: den er også eindimensjonal, og difor feil. Det seier kollega John Roger Andersen, postdoc ved Helse Førde og ein av hovudpersonane bak konferansen «The Complexity of Obesity».

– Nokre meiner vi rotar det til, og bortforklarer personleg ansvar. Men hadde det å leggje ansvaret på individet aleine verka, ville vi sett resultat av det for lengst! seier Andersen.

– Så langt har fedmedebatten nesten berre handla om kva råd vi skal gje for kosthald og mosjon. Vi har snakka veldig mykje om kor farleg fedme er, men altfor lite om nyttige strategiar på samfunnsnivået.

I staden for å berre be individa skjerpe seg, treng vi ein nasjonal dugnad der alle tek ansvar, meiner Andersen:

Vi må erkjenne at fedme er eit komplekst problem og at det heng saman med moderne livsvilkår som pregar oss alle. «Komplekst» tydar at resultata av inngrep i individuell livsstil og samfunnsendringar ikkje alltid er moglege å føresjå. Å førebyggje fedme eller få til vektreduksjon er ingen vitskap:

– Ting heng saman på innfløkte måtar. Sei at politikarane i Førde greier å stimulere til mykje meir sykling i byen. Samstundes ville dette føre til ein nedgang i trafikken som gjorde det mykje enklare å vere bilist, dermed kan det lett komme eit tilbakeslag – fleire bilar kjem på vegane igjen, seier Andersen.

Slik kan ein positiv endring ein plass i systemet leie til negative endringar andre plassar. Det same viser seg ofte på individnivå. Sjukleg overvektige personar som byrjar å trene regelmessig, vil ofte kompensere umedvite ved å vere meir i ro når dei ikkje trenar. Dermed kan det samla aktivitetsnivået overraskande nok gå ned, til trass for nye treningsrutinar.

Frå frykt til kjærleik

Her til lands reknar ein at det er 100.000 personar med alvorleg fedme. (Foto: Scanpix, Lucas Jackson)

Teknologiutviklinga som leier til stillesitjande liv, den industrielle utviklinga som gir oss uavgrensa tilgang til energirik mat – dei fedmefremmande faktorane i våre moderne liv er mange og omfattande, og vanskelege å kjempe mot. I nokre av oss gir det seg utslag på ein svært synleg måte, i form av ein overvektig kropp. Andre kroppar kan likevel vere vel så usunne, sjølv om det ikkje synest utanpå, påpeiker forskaren.

Å gripe inn politisk for å endre helseskadelege sider ved samfunnet er nødvendig, men mykje vanskelegare enn å legge ansvaret på den enkelte. Og mykje mindre populært – slik Jørgen Foss fekk oppleve då han tok opp nøkkelholmerking av mat.

Han meinte ordninga hadde stort potensial, men at det blei latterleg og misvisande når Pizza Grandiosa med statens velsigning fekk same sunnheitsmerkinga som Wasa knekkjebrød. Debatten som følgde, handla lite om sjølve merkinga, og meir om Jørgen Foss sjølv. Frå trimguru Kari Jaquesson fekk han høyre:

«Grunnen til at du ble så svær, Jørgen, er ikke fordi du ikke forstår kostråd. Det er fordi du av grunner bare du kjenner har gjemt bort ditt egentlige jeg i et lass av fett».

Ein slik måte å snakke om fedme på er langt ifrå helsefremjande, meiner forskarane Jepsen, Natvik og Andersen. Dei ønskjer seg eit nytt språk som gir rom for kompleksiteten i fenomenet, og som også viser respekt for dei store kroppane. Utan dette kjem vi ingen veg – for måten vi snakkar om fedme på, heng nøye saman med kva vi skal gjere med det, meiner dei.

– Stigmatisering kan i verste fall føre til at store menneske ikkje orkar å delta i samfunnet på lik linje med andre. Ein større toleranse for mangfaldet av kroppar er avgjerande for å kunne ta tak i helseproblem knytt til fedme, meiner Jepsen.

Også Jørgen Foss meiner orda vi bruker er livsviktige for å få til ei forandring.

– Tenk om vi kunne møte dei store kroppane med kjærleik i staden for frykt? Då trur eg mykje av problemet ville vere løyst.

Powered by Labrador CMS