Annonse
Ei mjuk form for hagl kan vere eit teikn på torevêr. Her slår lynet ned over Disen i Oslo. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Spår kven som mister straumen ved uvêr

Då orkanen «Tor» trefte norskekysten i 2016, hadde forskarar allereie rekna ut kven som ville miste straumen. Dei trefte overraskande godt.

Publisert

Integrasjon av vind- og toreprognosar i Promaps

Mål: Inkludere detaljerte vind- og torevarsel i prognoseverktøy som bereknar risikoen for og konsekvensane av utfall i kraftnettet.
Prosjektansvarleg: StormGeo.
Prosjektpartnar: Goodtech.
Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet med drygt to millionar kroner.

Romjula 2016 trefte orkanen «Tor» norskekysten med ein smell. Ekstremvêret reiv av hustak, kasta naust på sjøen og betydde for dei aller fleste berre elende.

For nokre forskarar frå selskapa Goodtech og StormGeo kom «Tor» likevel med prov om at dei var på rett veg med arbeidet sitt. Deira prognosar av kor faren for straumbrot var størst, viste seg å stemme forbløffande godt med dei drygt 30 000 husstandane som faktisk mista straumen i uvêret.

Prognoseverktøyet som vart brukt heiter Promaps. Dette er ei programvare som blir brukt av fleire aktørar i det norske kraftnettet.

Ville ha inn vêrdata

Promaps analyserer faren for straumbrot, og kva konsekvensar det kan gje, i sanntid.

Verktøyet er utvikla av det børsnoterte, norske teknologiselskapet Goodtech. I utgangspunktet berekna programmet faren for straumbrot utifrå informasjon om kvar komponent i straumnettet. Til dømes kor gamal ei straumlinje eller ein transformator var. Eller kor mykje straum dei førte.

Paul Skeie (Foto: Privat)

– Samtidig veit vi at dei fleste straumbrot rett og slett er skulda av uvêr, med torevêr og sterk vind som dei største syndarane, Paul Skeie, meteorolog og senior dataforskar i vêrselskapet StormGeo.

Goodtech kontakta nemleg vêrselskapet for å få hjelp med å få vêrdata inn i berekningane deiras. Saman har partnarane no gjennomført to forprosjekt og eit meir omfattande, treårig prosjekt.

– Ei av utfordringane var at Promaps opphavleg er eit slags stilisert kart med straumlinjer, transformatorar, kraftstasjonar og liknande, omtrent som oversikta over undergrunnsbanen i London.

Men for at ein skal kunne spå veret lokalt, er det viktig å vite korleis det sjår ut rundt kvar komponent i straumnettet. Veret lokalt er avhengig av fleire forhold på bakken: Kor i landet ligg han? Korleis er terrenget rundt, altså topografien?

Og vel så viktig er kva som skjer i lufta over bakken.

– For å kunne inkludere presise, lokale vêrprognosar for område der det står master eller går straumlinjer, måtte vi legge inn både geografi, topografi og ikkje minst dei ulike laga i atmosfæren, seier Skeie.

Delte inn lufta i eit tredimensjonalt rutenett

Dei nye berekningane er difor basert på eit tredimensjonale rutenett. Ei horisontal rute svarar gjerne til ein kvadratkilometer. Og atmosfæren over bakken er typisk delt i 80–90 ulike etasjar. For kvar av desse 3D-rutene bereknar ein så mellom anna vindstyrke, temperatur, trykk og luftfukt.

– No er detaljerte vind- og toreprognosar lagt inn i Promaps, og vi har fått gode prov på at dette no har blitt eit enda meir presist verktøy for å føreseie risikoane i kraftnettet, fortel Skeie.

Det gjer at nettoperatørane lettare kan førebu seg på det som måtte kome når uvelkomne bråkebøtter à la «Dagmar», «Tor» og «Urd» atter hamrar på døra.

– Meir presise prognosar gjer det lettare å skalere beredskap etter risiko, vite kor ein må rekne med problem og planlegge slik at ein har kapasitet til å rette feil raskt, seier Skeie.

Mjukt hagl tyder på tore i lufta

For å kunne spå lokalt torevêr har forskarane tatt i bruk heilt nye metodar. I desse metodane nyttar dei informasjon om kva form vatnet i skyene har.

For at det skal bli tore, må ein sky ha ulik elektrisk ladning på ulike stader, fortel Skei.

– Det oppnår ein ved at ulike snø- og ispartiklar med ulike ladningar endar opp ulike stader i skya. I prosjektet har me nytta informasjon om desse skypartiklane til å lage toreprognosar.

Dette skil seg frå tidlegare metodar for å spå tore, som har nytta informasjon om temperatur og fukt i atmosfæren.

Og av alle dei formene vatnet i skyene kan ta – til dømes damp, kondenserte dropar, iskrystallar eller snøkrystallar – er det ei form som er særleg interessant når du skal anslå sjansane for torevêr.

– Danninga av graupel – ei form for mjukt hagl – er ein god indikator på at der er tore i lufta, seier Skeie.

Blod på forskingstann

Forskarane i StormGeo har også planar om å sjå vidare på korleis snø og is som legg seg på kraftlinjene, påverkar risikoen for straumbrot.

– Det kan også vere grunn til å sjå på betydinga av vegetasjon og på samspelet mellom årstid, vegetasjon og vêr. Tre som veltar er ei utbreidd årsak til straumbrot. Og sjansen for at vinden får ordentleg tak, er større når det er blad på treet.

Store blad gjer rett og slett ein større flate for vinden å ta tak i.

– Kor fuktig bakken er, speler også inn på kor godt røtene sit planta, seier Skeie.

Inntil vidare er det berre lagt inn i vind- og toreprognoser for Noreg i Promaps, men Skeie fortel at programvara med tilpassingar i prinsippet kan brukast overalt.

– Det er klart at ein i andre delar av verda må ta høgd for andre vêrfenomen og klimatiske tilhøve. I dag fangar modellen til dømes ikkje opp faktorar som er viktige for tropiske orkanar slik vi har sett dei i Texas og Florida. Men prinsippet – altså koplinga mellom vêr og komponentane i kraftnettet – vil vere det same overalt.

Les også: Her slår lynet ned mest

Powered by Labrador CMS